{"id":366,"date":"2016-11-04T04:25:37","date_gmt":"2016-11-04T04:25:37","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=366"},"modified":"2016-11-04T04:25:37","modified_gmt":"2016-11-04T04:25:37","slug":"torsdag-3-november-2016-stevens-point-iola-og-norske-wisconsin","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/04\/torsdag-3-november-2016-stevens-point-iola-og-norske-wisconsin\/","title":{"rendered":"Torsdag 3. november 2016: Stevens Point, Iola og Norske, Wisconsin"},"content":{"rendered":"<p>I dag skal vi alts\u00e5 gjere feltarbeid i det som gjerne blir omtala som \u00abIndi-landet\u00bb &#8211; omr\u00e5det rundt Iola. Starten p\u00e5 dagen var litt br\u00e5, kan ein kanskje seie \u2013 Stevens Point er ein av dei f\u00e5 plassane der eg har dekning p\u00e5 mobilen, og sj\u00f8lvsagt m\u00e5tte naboen min i Halden ringe meg litt f\u00f8r 5, og etter det sovna eg ikkje igjen. I sjutida kravla eg meg opp av senga, kanskje ikkje heilt utkvilt, men skitt au, slik er no ein gong det t\u00f8ffe livet til ein pr\u00e6rielingvist. Etter kvart s\u00e5 var vi alle samla p\u00e5 restauranten rett over plassen her, og ein ny dose med tung og feittrik pr\u00e6riemat vart konsumert. S\u00e5 vart bilane lasta opp, GPS-en stilt inn og bilkortesjen med pr\u00e6rielingvistar rulla i veg. Vi fann Iola lett, og derifr\u00e5 var det berre \u00e5 f\u00f8lgje County-vegen vestover til vi fann hus-nummeret til kontakten v\u00e5r Dale. Ogs\u00e5 dette er ein fantastisk kar, og sj\u00f8lv om han som r\u00f8rleggar har meir enn nok \u00e5 bruke arbeidstida si p\u00e5, s\u00e5 tek han alts\u00e5 fri resten av dagen for \u00e5 vere med oss rundt. Det same gjorde han i fjor da eg var her, og dette er jo heilt utruleg! Men han seier at han ser verdien i det arbeidet vi gjer, og at han vil gjere sitt til at ogs\u00e5 det norske spr\u00e5ket i Iola blir dokumentert p\u00e5 ein skikkeleg m\u00e5te. Vi starta feltarbeidet i \u00absagm\u00f8lla\u00bb til Julian i Norske, ein heilt fantastisk plass. Om det er noko som fortener namnet man-cave, s\u00e5 m\u00e5 det vere dette. Denne kulturelle institusjonen ligg litt inne i skogen, og i tillegg til sj\u00f8lve sagbruket, s\u00e5 st\u00e5r det eit mange vrak av ymse slag spreidd rundt omkring, mange bilar, inkludert eit bar retteleg gamle Fordar, Case-traktorar, ulikt jordbruksmaskineri, bikubar med radio som skal halde bj\u00f8rnen p\u00e5 avstand \u2013 you name it. Det meste av dette utstyret st\u00e5r fram \u00a0i ulike sjatteringar av rustbrunt , det er veldig prega av at det var mange \u00e5r sidan dei var i bruk. Det stod ogs\u00e5 ei bordbu av ei varmestove der, og her skulle vi gjere opptak. Dette er alts\u00e5 paradiset til sagbruksmeister Julian p\u00e5 godt over 80 \u00e5r \u2013 her kan han verkeleg vere herre i eige hus. Dette lokalet var absolutt ikkje prega av overdrive st\u00f8vt\u00f8rking, rydding og vask, her satsa ein p\u00e5 at alt ordna seg heilt sj\u00f8lv. Trivselen vart skapt av varme i omnen og kaffi i kjelen. Snart kom det ogs\u00e5 fleire trauste karar innom, nokre kunne snakke norsk, medan andre berre hadde observat\u00f8rstatus, \u00a0og intervjua kunne ta til. Kor st\u00f8 dei var som spr\u00e5kbrukarar var kanskje litt ymse, men dei er alle nyttige som informantar, og det er gjerne dei som spr\u00e5kleg sett er mest rustne som er mest interessante i samband med spr\u00e5kforsking. Og som seg h\u00f8r og b\u00f8r, vart denne \u00f8kta avslutta med trekkspellmusikk og tamburin, og til slik underhaldning m\u00e5tte sj\u00f8lv dei to lettkledde kalenderjentene p\u00e5 veggen f\u00e5 lov til \u00e5 smile s\u00f8tt ned p\u00e5 musikantane.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det nonstid og tid for litt mat i vomma igjen, og vi sette kursen til den \u00abnorske\u00bb restauranten i byen, og her pynta store flagg og foto av Geiranger opp det meste av veggplassen. Om vi hadde vore i tvil tidlegare om at Iola er ein norsk stad, vart all tvil fjerna her inne. Og maten vart jo klassisk igjen, med eit nytt solid p\u00e5fyll av animalisk feitt i ymse former. Etter maten gjekk turen til den siste informanten v\u00e5r i dag, ein godt vaksen kar som ein gong hadde vore med i Korea-krigen. Dette var ein retteleg spreking, og det var lite i m\u00e5ten han f\u00f8rte seg p\u00e5 som indikerte at han m\u00e5tte vere nesten 90 \u00e5r gammal. Og det var ogs\u00e5 tydeleg at han likte \u00e5 snakke norsk, det var ingenting som indikerte at han vart sliten, og heller ikkje mengdetrening med spr\u00e5klege \u00abgames\u00bb gjorde at han gjekk i st\u00e5. Etter over to timar med slik behandling var det kanskje heller pr\u00e6rielingvistane som vakla ut d\u00f8ra og sette seg i bilen med kurs mot det fantastiske hotellet i Stevens Point. Der fekk vi oss \u00ablitt\u00bb middag, eit m\u00e5ltid som p\u00e5 mange m\u00e5tar l\u00f8fta \u00abSwedish meatballs\u00bb inn i ein ny liga for smaklaus mat. M\u00e5ltidet var ikkje vondt, men det var ikkje s\u00e5 veldig godt heller. Resten av kvelden har eg vore her p\u00e5 rommet og fors\u00f8kt \u00e5 kontakte folk, utan s\u00e6rleg hell. Den mest interessante ville vere den siste gjenlevande informanten til Einar Haugen, men eg f\u00e5r ikkje svar. Derimot s\u00e5 fekk eg ei melding fr\u00e5 ein kontakt langt inne Minnesota om at han lett kunne hoste opp eit 20-tals informantar til oss, og det er jo ikkje d\u00e5rleg. Vi f\u00e5r klare at han kan ha dette p\u00e5 plass til laurdagen.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her i Indi-landet\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag skal vi alts\u00e5 gjere feltarbeid i det som gjerne blir omtala som \u00abIndi-landet\u00bb &#8211; omr\u00e5det rundt Iola. Starten p\u00e5 dagen var litt br\u00e5, kan ein kanskje seie \u2013 Stevens Point er ein av dei f\u00e5 plassane der eg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/04\/torsdag-3-november-2016-stevens-point-iola-og-norske-wisconsin\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-366","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/366","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=366"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/366\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=366"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=366"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=366"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}