{"id":369,"date":"2016-11-11T04:06:28","date_gmt":"2016-11-11T04:06:28","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=369"},"modified":"2016-11-11T04:06:28","modified_gmt":"2016-11-11T04:06:28","slug":"mandag-7-november-2016-willmar-milan-appleton-og-madison-mn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/11\/mandag-7-november-2016-willmar-milan-appleton-og-madison-mn\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 7. november 2016: Willmar, Milan, Appleton og Madison, MN"},"content":{"rendered":"<p>I dag delte vi oss igjen, og denne gongen gjekk eg solo til Lac qui Parle County, eit omr\u00e5de eg turnerte for 30 \u00e5r sidan og m\u00f8tte slike fantastiske karar som Floyd, Berdeen og Selmer, alle karar med styr p\u00e5 palatalar og dativ. Men tida har g\u00e5tt, og mykje har endra seg. Og eigentleg hadde eg ikkje gode kontaktar denne gongen. I fjor var eg her ein laurdag og s\u00f8ndag p\u00e5 leiting, men eg fann lite og ingen tok telefonen n\u00e5r eg ringde fr\u00e5 Skype. No var det m\u00e5ndag, eg har ringt fleire, men igjen er det ingen som tek telefonen. Kvifor har folk telefon n\u00e5r dei ikkje orkar \u00e5 svare, lurar eg p\u00e5? Uansett, mens dei andre igjen sette kursen til Sunburg, reiste eg inn i eit noks\u00e5 ukjent landskap igjen, nesten likt den mytiske filologen Rune Staven, p\u00e5 jakt etter \u00ablokativar og stungen d\u00bb. F\u00f8rste stopp var Milan, der eg hadde h\u00e5p om \u00e5 finne folk. Men kontaktpunktet mitt her, museet \u00abArv hus\u00bb (heritage house) var dessverre stengt. Deretter sette eg kursen mot Appleton, i h\u00e5p om \u00e5 finne ein av dei gamle kontaktane mine fr\u00e5 80-talet, men her var det folketomt \u2013 i dette landet og i dette veret er alle ute p\u00e5 \u00abfila\u00bb med plog og \u00abf\u00f8rtelaisar\u00bb. OK, da var neste mulegheit Madison. Her k\u00f8yrde eg eit par rundar opp og ned gatene i h\u00e5p om \u2026 ja, kva var det eigentleg eg h\u00e5pa p\u00e5? Bunadskledde jenter som hoppa rundt og kasta rundt seg med jamvekt, apokope og palatalar? Staute karar i mannskor som st\u00e5r p\u00e5 \u00absaidv\u00e5ken\u00bb med flagg og syng \u00abKan du glemme gamle Norge?\u00bb medan dei friskt og freidig kastar rundt seg med dativ? Eg forsto fort at dette var berre tull, og sidan biblioteket var ope, s\u00e5 gjekk eg dit, presenterte meg og sa fram \u00e6rendet mitt: eg er norske som leitar etter andre norskingar som snakkar norsk. Her vart eg sendt over gata til lokalavisa; eg gjentok remsa mi, og der vart eg sendt ned til \u00abcounty-museet\u00bb. Ogs\u00e5 her la eg fram saka mi, og museumsdama kasta seg med ein gong over telefonen for \u00e5 hoste opp folk til meg. Det ville berre ta ein liten halvtime, trudde ho. Medan eg venta, s\u00e5g eg meg litt rundt, og det som var retteleg fint her, var at dei hadde f\u00e5tt skrivestua (inkludert boksamling) til poeten Robert Bly. Eg m\u00e5 berre innr\u00f8mme at eg har veldig stor sans for Bly, s\u00e5 dette var fantastisk. Snart kom dei ei dame tuslande inn i museet, ei som var f\u00f8dd p\u00e5\/i (kva er rett preposisjon?) R\u00f8a, og ho flytta hit ein gong etter krigen. Men det gjekk ikkje s\u00e5 mange minutta f\u00f8r tr\u00f8nderen dukka opp, og da gjekk samtalen litt i st\u00e5. Heldigvis var det bergingsvon, den lokale helten \u2013 verdsmeisteren i lutefisketing (med pers p\u00e5 over 4 kg lutefisk) skulle kome, saman med ein godt vaksen kar. Den siste kom f\u00f8rst, og han var faktisk veldig god \u2013 Stj\u00f8rdal-dialekten var fjellst\u00f8, og her var det meste av m\u00e5lmerka p\u00e5 plass. Lutefisketaren dukka ogs\u00e5 opp, og han var ein noks\u00e5 stille kar. Eg spurte om han snakka norsk, og da sa han \u00abja\u00bb, og det var vel eigentleg alt av norskspr\u00e5kleg materiale som det var muleg \u00e5 f\u00e5 rista ut av han. Det som kanskje var litt verre, var at han ved \u00e5 vere ved bordet ogs\u00e5 fekk den andre til \u00e5 sl\u00e5 over til engelsk. Om ikkje anna, s\u00e5 er det mykje kodeveksling p\u00e5 dette opptaket. Den gamle m\u00e5tte heim igjen, kona hans var p\u00e5 sjukehuset, og han ville sj\u00e5 innom henne. Men f\u00f8rst ville han gjerne introdusere meg for ein annan norskspr\u00e5kleg p\u00e5 apartment-komplekset. Og dette var verkeleg eit funn. Han sat og \u00e5t \u00abspikkjikj\u00f8tt\u00bb da eg kom, men han ville gjerne snakke norsk med meg. Og dette vart verkeleg ei flott stund som tok meg tilbake 30 \u00e5r i tid. Gamlingen berre snakka og snakka, eg m\u00e5tte berre kaste inn eitt og anna sp\u00f8rsm\u00e5let for \u00e5 halde seansen i gang. Herleg! Men s\u00e5 vart klokka nesten 6, og han ville ha \u00abs\u00f8ppel\u00bb. Og n\u00e5r norskamerikanarar vil ha \u00abs\u00f8ppel\u00bb, s\u00e5 er det vanskeleg \u00e5 seie nei. Eg fekk berre pakke saman og sette kursen mot Willmar. Og etter nesten to timar p\u00e5 \u00abr\u00e5den\u00bb kunne eg parkere framfor hotellet, der eg m\u00f8tte dei andre, som var veldig klare for \u00e5 g\u00e5 ut for \u00e5 ete. Det var eg ogs\u00e5, n\u00e5r alt kom til alt, s\u00e5 hadde eg ikkje hatt mat sidan frukost, s\u00e5 eg var faktisk veeeldig klar. Og fangsten var eigentleg ikkje s\u00e5 verst, trass alt var dette noks\u00e5 nytt landskap for meg. Utfordringa i dag er jo \u00e5 finne nye informantar, det er p\u00e5 ingen m\u00e5te lett. N\u00e5r ein f\u00f8rst har dei, er det ingen stor kunst \u00e5 f\u00e5 gjort gode opptak. Og om intervjua mine ikkje er s\u00e6rleg gode, s\u00e5 har eg ingen andre \u00e5 skulde p\u00e5 enn meg sj\u00f8lv.<br \/>\nKvelden vart avslutta noks\u00e5 intimt, med heile gjengen samla i\/ved ei seng samstundes som vi s\u00e5g f\u00f8rste delen av Troells fantastiske film Utvandrarna. Det set ting litt i perspektiv: av og til trur eg at eg har vore veldig lenge i denne bransjen: lenge, men ikkje s\u00e5 lenge at eg har hatt h\u00f8ve til \u00e5 snakke med folk som Kristina og Karl Oscar, dessverre: eg har derfor ikkje noko nytt \u00e5 melde i den s\u00e5kalla Moberg-debatten, disputten mellom Haugen, Moberg og andre p\u00e5 60-talet. Og sj\u00f8lv om vi var veldig ambisi\u00f8se i \u00f8nsket om \u00e5 sj\u00e5 film, s\u00e5 m\u00e5tte vi bryte av lenge f\u00f8r filmen var ferdig \u2013 faktisk lenge f\u00f8r det var snakk om utvandring \u2013 ein time inn i filmen var vi knapt ferdig med innleiinga, og vi var stuptr\u00f8ytte og m\u00e5tte g\u00e5 kvar for oss for \u00e5 sove litt.<br \/>\nOg slik g\u00e5r nu dagan her i den nye verda \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag delte vi oss igjen, og denne gongen gjekk eg solo til Lac qui Parle County, eit omr\u00e5de eg turnerte for 30 \u00e5r sidan og m\u00f8tte slike fantastiske karar som Floyd, Berdeen og Selmer, alle karar med styr p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/11\/mandag-7-november-2016-willmar-milan-appleton-og-madison-mn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-369","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/369","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=369"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/369\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=369"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=369"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=369"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}