{"id":371,"date":"2016-11-09T03:33:11","date_gmt":"2016-11-09T03:33:11","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=371"},"modified":"2016-11-09T03:33:11","modified_gmt":"2016-11-09T03:33:11","slug":"laurdag-5-november-marshall-hendricks-singsaas-sd","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/09\/laurdag-5-november-marshall-hendricks-singsaas-sd\/","title":{"rendered":"Laurdag 5. november 2016: Marshall, Hendricks, Singsaas, SD."},"content":{"rendered":"<p>Flott start p\u00e5 dagen, p\u00e5 ein m\u00e5te: Sekken til Alex har kome til rette \u2013 men p\u00e5 motellet i Stevens Point. S\u00e5 no er det berre eit sp\u00f8rsm\u00e5l om korleis han skal l\u00f8yse denne floka \u2013 i det minste b\u00f8r det vere muleg \u00e5 ordne dette p\u00e5 eitt eller anna vis.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det frukost \u2013 og sidan amerikanske porsjonar er heller solide, fors\u00f8kte eg meg med nok som s\u00e5g litt mindre stort ut \u2013 og denne gongen fekk eg det verkeleg til. Det eg s\u00e5g for meg skulle vere eit par br\u00f8dskiver med speilegg p\u00e5, viste seg \u00e5 vere litt egg lagt p\u00e5 ein halvbrent toast. Eg blir aldri klok p\u00e5 dette landet, men heldigvis har eg da eit lag(er) med opplagsn\u00e6ring, s\u00e5 det var p\u00e5 ingen m\u00e5te krise. S\u00e5 sette vi kursen vestover, Alex m\u00e5tte ta nokre telefonar for \u00e5 ordne veska, s\u00e5 Janne og han vart igjen for \u00e5 ordne dette medan vi andre k\u00f8yrde til Hendricks. Vi skulle m\u00f8te folket p\u00e5 skolen der, og informasjonen vi hadde f\u00e5tt, var at det ville vere lett \u00e5 finne denne skolen. Og i byar med ei hovudgate og to tverrgater skal det eit stort talent til for \u00e5 g\u00f8yme bort ein heil skole \u2013 vi fann lett fram.<\/p>\n<p>Framfor skolen m\u00f8tte Jay oss, og dette var ein fantastisk kar, det var ikkje m\u00e5te p\u00e5 kor viktig han syntest det var at vi gjorde det vi gjorde. Og inne i fellesrommet p\u00e5 skolen var det alt m\u00f8tt fram fleire \u00abnorskear\u00bb, og det var tydelege at i det minste nokre av desse var gode til \u00e5 snakke norsk. Vi var raske med \u00e5 rigge oss opp, og med tre klasserom til disposisjon ville dette bli reine spr\u00e5kfabrikken. S\u00e5 snart det tekniske var p\u00e5 plass, kunne eg ta den f\u00f8rste \u00abpasienten\u00bb under behandling. Dette var ein sv\u00e6rt s\u00e5 snakkesalig herremann med r\u00f8ter i Sings\u00e5s-omr\u00e5det, og det var ogs\u00e5 veldig godt \u00e5 kunne f\u00e5 snakke \u00abekte tr\u00f8nder\u00bb igjen. Vanlegvis snakkar eg jo tr\u00f8nder, men her p\u00e5 pr\u00e6rien er folk gjerne s\u00e5 vare p\u00e5 dialekt at ein som feltarbeidar m\u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 akkommodere litt, men her kunne heile det tr\u00f8nderske sm\u00f8rg\u00e5sbordet brukast lett og ledig utan at det skapte vanskar. Herleg. Klient nummer 2 venta eg ogs\u00e5 skulle vere litt i same sjangeren, men det viste seg at han hadde bakgrunn fr\u00e5 omr\u00e5det rundt Oslo, i tillegg til at han var svensk p\u00e5 den eine sida, s\u00e5 det var det ikkje like enkelt \u00e5 halde dampen oppe. Men samtalen gjekk da p\u00e5 eit vis, og det var jo bra. Deretter vart eg sendt til ei dame som levde s\u00f8r i byen, og det var ogs\u00e5 tydeleg at dette var ei dame som ein gong var god p\u00e5 norsk. Problemet var berre at det ver veldig lenge sidan ho hadde snakka det, dessutan hadde ho raskt oppdaga at denne raringen fr\u00e5 Tr\u00f8ndelag forsto engelsk, derfor var strategien hennar enkel: English only. Som sagt, ho forsto alt og ho hadde sikkert ogs\u00e5 klart \u00e5 snakke det om det hadde vore andre til stades, men slik er det no ein gong. Dette vart ikkje noko langt eller godt intervju, men det kan like vel vere OK at dette blir teke vare p\u00e5 med tanke p\u00e5 framtidig forsking. Tilbake p\u00e5 skolen s\u00e5 venta det to nye, ein av dei var veldig god, den andre var noks\u00e5 ust\u00f8dig. Og dagen i dag har vore veldig effektiv, for i tillegg til meg har ogs\u00e5 Yvonne og Alexander hatt kvar sin stasjon der dei p\u00e5 same vis som eg har gjort feltarbeid.<\/p>\n<p>Etter det eg f\u00f8ler har vore ein veldig lang dag med feltarbeid, tok Jay oss med for \u00e5 vise oss litt rundt, mellom anna m\u00e5tte vi jo sj\u00e5 p\u00e5 Singsaas-kyrkja. Dette er for ein nordmann eit noks\u00e5 fascinerande landskap, og sj\u00f8lv om nederlandske Yvonne seier \u00abdo you call this flat?\u00bb, s\u00e5 er det verkeleg det for oss norskingane. Greitt nok at det nokre stader er ei lita dump, men dette er verkeleg flatt! Etter denne rundturen kunne vi setje kursen til motellet og naborestauranten for \u00e5 f\u00e5 eit m\u00e5l mat. Og da tok eigentleg kvelden til \u00e5 g\u00e5 mot slutten. Men sidan pr\u00e6rielingvistar ikkje kan kaste bort tida, testa Kari og eg ut vaskemulegheitene p\u00e5 motellet, og ein dryg time seinare kunne vi g\u00e5 p\u00e5 romma v\u00e5re med eit lass reine klede, rykande varme fr\u00e5 t\u00f8rketrommelen.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Flott start p\u00e5 dagen, p\u00e5 ein m\u00e5te: Sekken til Alex har kome til rette \u2013 men p\u00e5 motellet i Stevens Point. S\u00e5 no er det berre eit sp\u00f8rsm\u00e5l om korleis han skal l\u00f8yse denne floka \u2013 i det minste b\u00f8r &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/09\/laurdag-5-november-marshall-hendricks-singsaas-sd\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-371","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/371","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=371"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/371\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=371"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=371"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=371"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}