{"id":373,"date":"2016-11-09T04:43:33","date_gmt":"2016-11-09T04:43:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=373"},"modified":"2016-11-09T04:43:33","modified_gmt":"2016-11-09T04:43:33","slug":"sondag-6-november-2016-marshall-hendricks-willmar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/09\/sondag-6-november-2016-marshall-hendricks-willmar\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag  6. november 2016: Marshall, Hendricks, Willmar"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r fekk eg ei liste av Jay i Hendricks over k\u00f8yreplanen for \u00aboppsopet\u00bb, og dette ser jo skikkeleg heftig ut, lista var lang, og dersom alle desse snakka godt, s\u00e5 vil dette verkeleg dra ut i langdrag. Men det er jo dette vi er her for, og skal ein f\u00f8rst improvisere feltarbeid, s\u00e5 m\u00e5 jo ekte pr\u00e6rielingvistar planleggje godt og skaffe seg opplagsn\u00e6ring s\u00e5 dei ikkje treng mat, og dette gjeld forresten ikkje berre mat; dei skal heller ikkje sove meir en eit par-tre timar i strekk. Eg meiner \u00e5 hugse fr\u00e5 eit tidlegare liv som gr\u00f8nnkledd at kyniske strategar reknar med at ein soldat i strid skulle klare seg i fire veker med fire timar s\u00f8vn i d\u00f8gnet, men da er ein nok ikkje s\u00e5 veldig n\u00f8ye med kva kjemiske substansar ein sprita opp soldatane sine med. Og etter ein slik periode ved fronten m\u00e5tte dei kvile og sove ut ei veke eller s\u00e5 f\u00f8r neste \u00f8kt. Og med redusert s\u00f8vn var det viktig \u00e5 fylle etter med mat, drikke og klede. Og sj\u00f8lv om vi ikkje er ved fronten, er det vel omtrent i dette omr\u00e5det at ogs\u00e5 vi ligg no: kaloriane f\u00e5r vi inn \u2013 i rykk og napp, vi frys ikkje \u2013 til det er novemberveret for ekstremt, men s\u00f8vn er det verre med for meg, eg er konstant tr\u00f8ytt: men samanlikna med soldatar ved fronten s\u00e5 skal eg like vel ikkje klage \u2013 eg klarer sikker \u00e5 skrape saman opp mot fem timar i d\u00f8gnet, og det f\u00e5r halde til eg er heime , men da er det skikkeleg payback time.<\/p>\n<p>Uansett, i dag sto vi alts\u00e5 plutseleg med avtale i b\u00e5de Sunburg og noko litt lausare i Hendricks. Ved frukostbordet vart strategien lagt, og Kari var da den som viste mest risikovilje: for utan tvil s\u00e5 ville det vere enklast \u00e5 f\u00e5 gjort opptak i Sunburg der vi alt har mange \u00abgamle\u00bb informantar, gjengen i Hendricks var alle \u00abnye\u00bb &#8211; om dei i det heile ville kvalifisere som informantar. S\u00e5 det var ingen tvil om at det \u00e5 reise til Hendricks igjen ville vere litt risikosport, men om vi ser p\u00e5 oss sj\u00f8lve som eit team, s\u00e5 ville dette vere fornuftig, s\u00e5 nokre vandra inn p\u00e5 gamle spor med sikkerstikk-informantar, medan andre da kunne v\u00e5ge seg ut p\u00e5 litt usikker is. Kari, som faktisk driv med fjellklatring, viste pr\u00e6rielingvist-mot, og kakka seg saman med meg \u2013 og for oss to venta vel eigentleg \u00abterra incognita\u00bb i den forstand at vi ikkje visste (men nok kunne frykte) kva som venta oss. I s\u00e5 m\u00e5te var dei andre heldige, dei hadde gamle kjentfolk klare til \u00e5 ta imot dei. Og reisa til Hendricks var veldig artig, ikkje minst fordi Kari ville \u00f8ve seg p\u00e5 \u00e5 bli tr\u00f8nder. Og medan den eine \u00abkornfila\u00bb etter den andre passerte oss, pr\u00f8vde Kari \u00e5 f\u00e5 slike nyttige sm\u00e5ord som \u00abka\u00bb, \u00abk\u00e6m\u00bb \u00abkess\u00bb og \u00abkor\u00bb p\u00e5 plass, og det mestre gjekk eigentleg greitt heilt til kari sa at no var ho veldig flau \u2013 ho klarte plutseleg berre \u00e5 snakke tr\u00f8ndsk! Flau av det &#8211; tullprat!!! Det kan da ikkje vere anna enn ei gudegitt g\u00e5ve \u00e5 beherske eit s\u00e5 prefekt spr\u00e5k som tr\u00f8ndersk, det f\u00e5r da vere m\u00e5te p\u00e5 \u2026<\/p>\n<p>Uansett, med ein slik ekstrem disharmonisk stemning i bilen (der latter er disharmoni) kom vi etter kvart inn til Hendricks \u2013 og det skal jo seiast at Kari etter trugsm\u00e5l om \u00e5 f\u00e5 pr\u00f8ve seg som \u00f8stlandsk fotgjengar p\u00e5 eiga hand her ute p\u00e5 pr\u00e6rien til slutt synest at palatalar, apokope og jamvekt\u00a0 var heilt topp. Og ho skulle derfor vere godt rusta for \u00e5 m\u00f8te den f\u00f8rste informanten v\u00e5r, \u00a0ei dame i det vi heime kallar omsorgsbolig som tok imot oss. Og dette var et fantastisk dame, den einaste skavanken eg kan peike p\u00e5 , var at ho ikkje snakka norsk. Men ho forsto det, og Kari og eg gjorde det beste vi kunne for \u00e5 f\u00e5 henne over p\u00e5 engelsk, men utan hell \u2013 dama var veldig prinsippfast, dessverre. Vi inns\u00e5g begge at vi her ikkje ville kome nokon veg, Men dama sette veldig stor pris p\u00e5 bes\u00f8ket v\u00e5rt, ho var nesten p\u00e5 gr\u00e5ten da vi gjekk. S\u00e5 om vi ikkje har med oss spr\u00e5kmateriale derifr\u00e5, s\u00e5 gjorde vi kanskje ei god gjerning \u2013 trur vi i det minste. Etter ein s\u00e5 lite vellykka start, sette vi kursen til gamleheimen. Men her m\u00e5tte vi gjere vendereis i d\u00f8ra \u2013 for her p\u00e5 pr\u00e6rien er det mattid mellom 11 og 12. Dette retta vi oss etter, og sette sj\u00f8lve kursen ned til kafeen i hovudgata (som eigentleg er den einaste gata) medan vi venta. Og her vart det ein solid dose med mat igjen, denne gongen satsa vi p\u00e5 \u00a0kalkun og kaffi. S\u00e5 gjekk ruta v\u00e5r tilbake til institusjonen igjen, med h\u00e5p om timar med opptak. Her fann vi f\u00f8rst fram til ei godt vaksen dame, og ho vart veldig glad n\u00e5r vi kom og slo med ein gong over til sings\u00e5s-m\u00e5l, det var ikkje m\u00e5te p\u00e5. Dette kunne ikkje bli anna enn bra. Det var berre ei urlita hake \u2013 dama h\u00f8yrde absolutt ingen ting. Stemmen min dekte eit frekvensregister som var heilt daudt, ho forsto ingenting. Karis stemme slo inn p\u00e5 eit lite omr\u00e5de der det var bittelitt aktivitet, men berre litt. Vi pr\u00f8vde og pr\u00f8vde, dama pr\u00f8vde ogs\u00e5, men vi kom berre ikkje igjennom. Til slutt s\u00e5 ga vi opp, takka for oss og gjekk vidare til ei ny dame p\u00e5 mangeognitti. Denne dama sov da vi kom, men ho vakna da vi kom inn, og ho vart veldig glad for \u00e5 f\u00e5 bes\u00f8k. Ho starta p\u00e5 norsk, men det glei raskt over til engelsk, og der var ho heilt \u00abst\u00f8kk\u00bb &#8211; vi sleit veldig med \u00e5 f\u00e5 s\u00e6rleg norsk fr\u00e5 henne. Igjen pr\u00f8vde vi \u00e5 g\u00e5 vidare, men dama ville vere med oss ut, og da kunne vi vanskeleg skjule at vi hadde tenkt \u00e5 sj\u00e5 innom andre ogs\u00e5 \u2013 og no hadde vi eskorte. Neste p\u00e5 lista var ein godt vaksen mann, ogs\u00e5 dette skulle vere tr\u00f8nder. Men denne karen ville helst sj\u00e5 fotball med Green Bay Packers p\u00e5 TV, og han hadde lyden p\u00e5 topp og viste lite vilje for \u00e5 skru denne ned. Her var det alts\u00e5 lite \u00e5 hente. Neste stopp var ei dame rett over korridoren, men heller ikkje her var det noko spr\u00e5kleg materiale \u00e5 f\u00e5 tak p\u00e5. Kari pr\u00f8vde nesten i desperasjon \u00e5 elisitere litt av eskortedama v\u00e5r, men det var visst berre halvveis vellykka. S\u00e5 konklusjonen var at dette var bomtur \u2013 men slikt veit ein jo ikkje f\u00f8r ein pr\u00f8ver (p\u00e5 den andre sida, gammalheimar er sjeldan ein god plass \u00e5 drive feltarbeid). Vi hadde ein lang tur til Willmar framfor oss med meir enn nok tid til \u00e5 vere havarikommisjon.\u00a0 Og bilturar er jo som bilturar er her borte, rette vegar og mange timar. Vel framme i Willmar kunne vi sjekke inn p\u00e5 motellet (som var veldig bra) og straks etter kom ogs\u00e5 dei andre. S\u00e5 vart det debriefing over matbordet f\u00f8r vi tok kvelden.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her p\u00e5 pr\u00e6rien.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r fekk eg ei liste av Jay i Hendricks over k\u00f8yreplanen for \u00aboppsopet\u00bb, og dette ser jo skikkeleg heftig ut, lista var lang, og dersom alle desse snakka godt, s\u00e5 vil dette verkeleg dra ut i langdrag. Men det &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/09\/sondag-6-november-2016-marshall-hendricks-willmar\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-373","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/373","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=373"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/373\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=373"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=373"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=373"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}