{"id":378,"date":"2016-11-11T04:20:33","date_gmt":"2016-11-11T04:20:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=378"},"modified":"2016-11-11T04:20:33","modified_gmt":"2016-11-11T04:20:33","slug":"tysdag-8-november-2016-willmar-ulen-fargo","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/11\/tysdag-8-november-2016-willmar-ulen-fargo\/","title":{"rendered":"Tysdag 8. november 2016: Willmar, Ulen, Fargo"},"content":{"rendered":"<p>Ny dag og nye mulegheiter \u2026 No skal vi opp til Ulen i Clay County \u2013 eit omr\u00e5de som tradisjonelt skal vere fullt av nordmenn. Og da er det ingen veg utom, dit m\u00e5 vi! Som vanleg hadde vi samlingsstund ved frukosten der dei store planane vart lagt, og no skal vi jo sjekke ut fr\u00e5 dette motellet ogs\u00e5. Eit av problema vi hadde, var at vi mangla hotell i Fargo, og det skulle eg ta meg av. Og mens eg hadde kvalitetsitid med hotels.com, starta dei andre i pr\u00e6rieskonnerten sin, eg skulle kome etter. Etter litt plunder og heft fekk eg ordna hotell, pakka rasket mitt, lempa det i bilen og kome meg av garde. Og no var det verkeleg \u00abmil ellet mil\u00bb. I gamle dagar hadde eg kart, og da visste eg (stort sett) kor eg var, no ser eg berre eit lite kartutsnitt p\u00e5 GPSen, og da har eg eigentleg ikkje peiling, eg berre gjer som GPS-dama seier. Men kursen gjekk nordover, og etter ei god stund, dukka I94 opp, og da var eg p\u00e5 trygg grunn. Eg k\u00f8yrde over pr\u00e6rie, pr\u00e6rie og meir pr\u00e6rie, eit landskap som er sv\u00e6rt ulikt det eg kjenner fr\u00e5 barndommens Tr\u00f8ndelag. Men eg hadde det jo fint, og med val-analysar fr\u00e5 PBS p\u00e5 radioen gjekk tida. Etter ei lang stund meinte GPS-guri at eg burde svinge av, og som snill gut, gjorde eg jo det. No var det litt smalare \u00abr\u00e5dar\u00bb, men ogs\u00e5 dette er ei enkel sak for ein gammal pr\u00e6rielingvist, og snart var eg i kjent landskap, sm\u00e5bynamna var gamle kjenningar for meg. Og det beste gjensynet var utan tvil Rollag. Hit kom eg ein vinterdag i 1987 p\u00e5 jakt etter staute norskamerikanarar. Og dette var verkeleg ein sm\u00e5by, eit utsal for landbruksmaskiner, to eller tre ulike lutherske kyrkjer og eit \u00abst\u00e5r\u00bb. Den gongen stoppa eg ved st\u00e5ret, og gjekk inn for \u00e5 sp\u00f8rje etter norskingar. Dama ved kassa-apparatet var sv\u00e6rt hjelpsam, ho \u00abfona\u00bb litt, og snart dukka det opp ein godt vaksen spreking som gjerne ville snakke med meg. Dette \u00abst\u00e5ret\u00bb hadde ogs\u00e5 utvida konseptet med to respateks-bord (dette ordet skal sikkert skrivast med x, men her p\u00e5 pr\u00e6rien m\u00e5 det vere lov \u00e5 ta seg litt til rette i det spr\u00e5k landskapet), s\u00e5 det kunne minne om ein kafeteria. Karen ville gjerne spander kaffi, men det viste seg \u00e5 vere veldig vanskeleg sidan eg ikkje hadde eigen kopp. Det viste seg at over kaffikokaren var det ei hylle med krus, og der hadde eigarane namna sine, som Olaf, John og Floyd. Kruset Guest fanst ikkje, og derfor vart de ikkje kaffi p\u00e5 meg den gongen. Verten tok meg med heim der han hadde bygd opp ei uvanleg stor traktormuseum, og det fascinerte meg, har hadde han ei sv\u00e6rt respektabel samling med traktorar, f\u00e5r gamle dampmaskiner til litt meir moderne maskineri. Eg vart ogs\u00e5 med han inn, og der ville han gjerne demonstrere den revolusjon\u00e6re nyvinninga elektrisitet \u2013 noko slikt hadde vi vel ikkje i \u00abN\u00e5rri\u00bb? Kj\u00f8leskap hadde han ogs\u00e5, noko som han var heilt sikker p\u00e5 ikkje fanst i gamlelandet. Elles var han kanskje ikkje s\u00e5 veldig husleg av seg, men ungkarar m\u00e5 vite \u00e5 innrette seg. \u00abLeverommet\u00bb var fullt av tekniske teikningar av ymse slag, medan kj\u00f8kenet nok helst vart brukt til \u00e5 f\u00f8re dei tekniske framstega vidare. P\u00e5 kj\u00f8kenbordet hadde har rigga opp ein stor dreiebenk, og det er jo veldig praktisk \u00e5 ha p\u00e5 kj\u00f8kenet. Skruar, mutrar og skiver flaut over alt, men dette var ogs\u00e5 ein kar som var god p\u00e5 system \u2013 egg-sk\u00e5lene i kj\u00f8leskapet er jo sv\u00e6rt fine \u00e5 bruke til \u00e5 sortere mutrar av ulik dimensjon. Men det m\u00e5 ogs\u00e5 seiast at arbeidet hans nok ikkje var forgjeves og at det har sett spor etter seg som er synlege i dag: kyrkjene stod, og traktor-st\u00e5ret likes\u00e5, grosserist\u00e5ret var nok historie, medan farmen til denne samlaren hadde vorte dampmaskin-museum. Eg skulle gjerne hatt tid til \u00e5 stoppe litt.<\/p>\n<p>Etter dette nostalgiske gjensynet venta Hitterdal, og deretter Ulen. Eg trudde kanskje at eg var sistemann p\u00e5 plass, men eg s\u00e5g ingen annan pr\u00e6rieskonnert. Derfor tok eg turen nedom Nordic Bar for \u00e5 f\u00e5 meg ein matbit, og sidan dette heilt klart er ein lokal drikkeplass, var menyen uvanleg kort. Eg fekk pizza og Cola, men kaffi hadde dei ikkje. Eg fekk i meg maten, gjekk ut litt for \u00e5 sj\u00e5 etter dei andre, men det var ingen \u00e5 sj\u00e5. For \u00e5 vere \u00e6rleg, s\u00e5 tok eg til \u00e5 bli litt bekymra. Men ekte pr\u00e6rielingvistar b\u00f8r jo ikkje bli uroa av slikt, og etter ein times tid dukka resten av gjengen opp. Og det verserte da straks rykte om at dei andre hadde hatt det litt for travelt, s\u00e5 travelt at dei hadde vorte stoppa av polisen for \u00abspeeding\u00bb. 80 i 60-sona var visst litt i overkant, mente \u00f8vrigheita, og for slikt kan heldige norske pr\u00e6rielingvistar sleppe unna med ein skriftleg \u00abwarning\u00bb. Uansett, for ein pr\u00e6rielingvist kan jo eit slikt skriv nesten samanliknast med \u00e5 f\u00e5 \u00abpurple heart\u00bb i strid.<\/p>\n<p>Dei andre hadde med seg mat som dei kunne meske seg med i solveggen, bensinstasjonen hadde kaffi, og til avtalt tid kunne vi duve inn til vikingsverd-museet i Ulen. Her venta det ei delegasjon av staute mannfolk, og da kunne jo feltlingvistane berre ta for seg. Vi rigga opp tre stasjonar, og som vanleg var det ungdommen som gjorde det meste av intervju. Eg snakka med dei to einegga tvillingane igjen, og sj\u00f8lv om eg har m\u00f8tt dei mange gonger no, klarer eg ikkje \u00e5 sj\u00e5 skilnad p\u00e5 dei. Det einaste eg kan kjenne igjen dei p\u00e5, er kva dei snakkar om \u2013 den eine har ansvar for indretenesta, medan den andre tek det andre arbeidet. Uansett, dette er to fantastiske tydalingar som er glade i \u00e5 snakke norsk. Etter fleire timar med feltarbeid, kunne vi til slutt pakke saman tinga v\u00e5re og setje kursen mot Fargo, der vi hadde bestilt motell. Og her skulle vi ogs\u00e5 f\u00e5 med oss valnatta, og det kunne jo vere interessant. Vi var bortom restauranten og fekk oss mat f\u00f8r vi samla oss p\u00e5 rommet til Yvonne for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 dette. Dei f\u00f8rste prognosane indikerte at dette skulle g\u00e5 vegen og at Hillary skulle bli ny president. Men s\u00e5 tok det til \u00e5 skje noko, det eine valdistriktet etter det andre vart raud, og ved sengetid var det klart kva veg dette gjekk \u2013 at Trump ville bli president. Akkurat dette var det nok ikkje s\u00e5 veldig mange som hadde sett skulle kome. Og det er jo veldig rart at i eit land som USA, s\u00e5 klarer dei ikkje \u00e5 leite fram betre kandidatar enn dette, ein tydelegvis popul\u00e6r tulling og eit dyktig, men upopul\u00e6rt arbeidsjern. Vi f\u00e5r sj\u00e5 korleis dette g\u00e5r.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i dette merkelege landet\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ny dag og nye mulegheiter \u2026 No skal vi opp til Ulen i Clay County \u2013 eit omr\u00e5de som tradisjonelt skal vere fullt av nordmenn. Og da er det ingen veg utom, dit m\u00e5 vi! Som vanleg hadde vi samlingsstund &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/11\/tysdag-8-november-2016-willmar-ulen-fargo\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-378","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/378","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=378"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/378\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=378"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=378"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=378"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}