{"id":38,"date":"2010-09-25T04:48:31","date_gmt":"2010-09-25T04:48:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=38"},"modified":"2010-09-25T04:48:31","modified_gmt":"2010-09-25T04:48:31","slug":"24-september-norskedalen-skogdalen-springdalen-og-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/25\/24-september-norskedalen-skogdalen-springdalen-og-westby\/","title":{"rendered":"24. september: Norskedalen, Skogdalen, Springdalen og Westby"},"content":{"rendered":"<p>Da er ein ny dag i ferd med \u00e5 g\u00e5 til endes, eg sit her p\u00e5 motellrommet og pr\u00f8ver etter fattig evne \u00e5 ford\u00f8ye alle inntrykka eg har f\u00e5tt i det siste. Og eg har hatt ein retteleg triveleg dag, anna kan ein ikkje seie om den saka. I g\u00e5r gjorde eg avtale med Larry, han er nysl\u00e5tt pensjonist og derfor litt rastlaus. For han var det sikkert godt \u00e5 f\u00e5 vere heime og stulle dei f\u00f8rste to-tre vekene, men no er meir enn klar for \u00e5 finne p\u00e5 ting \u00e5 gjere, og det ser ut til at det er her eg kjem inn i bildet. Larry har verkeleg vore til stor hjelp i arbeidet mitt, b\u00e5de gjennom \u00e5 ta meg med til folk som er jamaldringar eller yngre enn dei ein gong staute karane i The Beatles, men ogs\u00e5 gjennom \u00e5 hjelpe til med \u00e5 halde ein samtale i gang n\u00e5r eg gjer opptak. Avtalen var at eg skulle m\u00f8te opp heime hos han klokka tolv. Fram til da var eg p\u00e5 eiga hand, og det gjekk ikkje s\u00e5 bra. Planen min var \u00e5 sj\u00e5 innom Florence, ei herleg dame som bur oppe i Springdalen. S\u00e5 like f\u00f8r klokka ni ringte eg til henne, men utan \u00e5 f\u00e5 svar. Eg tenkte da at eg like godt kunne k\u00f8yre bortom henne, berre for \u00e5 sj\u00e5 om ho var heime. Eg var innom henne saman med far til Larry for atten \u00e5r sidan, og eg trudde eg skulle klare \u00e5 finne fram, men det gjorde eg ikkje. For her er landskapet noks\u00e5 krunglete, og det g\u00e5r sm\u00e5vegar (her kallar dei det lortr\u00e5dar) p\u00e5 kryss og p\u00e5 tvers. Eg m\u00e5tte derfor kapitulere, og derfor k\u00f8yrde eg litt rundt for \u00e5 sj\u00e5 meg om, og eg tok ogs\u00e5 ein tur oppom Norskedalen for \u00e5 sj\u00e5 litt n\u00e6rare p\u00e5 museet der. Eg var innom der for nokre dagar sidan, men da berre for \u00e5 helse p\u00e5, denne gongen gjekk eg gjennom samlinga med gamle hus. Og her er mykje endra sidan sist eg var her i 1992. Mange nye hus har kome hit, b\u00e5de tobakks-sjedd og utedass, i tillegg til at dei har bygd opp eit nytt tun. Mest synleg av alt er ei gammal norsk kyrkje. Igjen m\u00e5 eg seie at eg er imponert av alt det frivillige arbeidet som er lagt ned her. Det stemmer sikkert at museet i Decorah er det st\u00f8rste etniske museet i USA, og at samlinga av gjenstandar av ymse slag er st\u00f8rst. Men samlinga av gamle hus i Norskedalen er gedigen samanlikna med det ein finn der borte. I dag var det full aktivitet der i dalen, for no i helga skal dei ha tr\u00f8ske-festival med demonstrasjonar av gamle arbeidsm\u00e5tar av ulikt slag. Om eg f\u00e5r tid, og finn allergimedisinen min, skal eg sj\u00e5 nedom der da. Klokka tolv var eg tilbake hos Larry i Springdalen, og han vart f\u00f8rst med meg opp til Lee-farmen. Der m\u00f8tte vi den eine av Lee-karane i maskin-sjeddet, og der vart vi st\u00e5ande \u00e5 dr\u00f8se, mest om farming, og da s\u00e6rleg traktorar. Eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg ikkje akkurat er p\u00e5 heimebane n\u00e5r ein skal f\u00f8re samtale om dei ulike modellane til John Deere, men her var Larry god \u00e5 ha. Etter ein liten time med dr\u00f8s med denne trauste farmaren, sette vi kursen oppom Springdalsryggen, der skulle vi sj\u00e5 om Florence kanskje kunne vere heime. Og det var ho. Florence er ei av dei som vart videofilma i f\u00f8rre veke, noko som ho verkeleg \u201denj\u00e5ya\u201d, og ho sa ikkje nei til ein ny runde med opptak. Grunnen til at eg s\u00e6rleg var interessert i henne, var talem\u00e5let hennar; ho er til no den einaste eg har m\u00f8tt i dette omr\u00e5det som har det korte rotstavingar i jamvektsord, et spr\u00e5ktrekk typisk for den nordlege delen av Gudbrandsdalen. Eg ville derfor ogs\u00e5 sj\u00e5 om ho hadde pre-aspirasjon i samband med geminerte konsonantar. Men her er eg litt usikker, eg m\u00e5 nok setje meg og h\u00f8yre grundig p\u00e5 desse opptaka f\u00f8r eg kan gje eit eintydig svar p\u00e5 dette sp\u00f8rsm\u00e5let. Uansett, Florence er ei retteleg triveleg dame som ikkje st\u00e5r i beit for ord, s\u00e5 vi hadde ei herleg stund. Larry er ein hjartegod mann med omtanke for alle, i dag tidleg hadde han plukka bringeb\u00e6r, og han sette igjen ei korg hos Florence.<br \/>\nDeretter gjekk turen opp til Westby og til gammalheimen Norseland, har var det to eg gjerne ville m\u00f8te, enkene Volden (uttala V\u00f8llja) og Larson. Begge desse intervjua eg for 18 \u00e5r sidan, og begge var enno i noks\u00e5 god \u201dsjeip\u201d. Eg fekk dei to med meg inn p\u00e5 fellesrommet p\u00e5 heimen, og eg var i ferd med \u00e5 ta fram opptaksutstyret da ein stemme i h\u00f8gtalaranlegget annonserte at \u201dall of you who can speak Norwegian are welcome to visit with a man from Norway and have coffee in the living room\u201d. Eg pakka bort opptakaren igjen. For no kom dei trillande med den eine etter den andre, nokre var talatrengte, nokre h\u00f8yrde ikkje, medan andre berre ville lese opp visdomsord fr\u00e5 \u201dReader\u2019s digest\u201d. Sidan dei fleste her p\u00e5 heimen fall inn under kategorien norskspr\u00e5kleg, vart det noks\u00e5 folksamt inne p\u00e5 opphaldsrommet; eg ser eigentleg ikkje bort fr\u00e5 at pleiarane s\u00e5g sitt snitt i \u00e5 f\u00e5 eit lite pusterom i ein elles hektisk kvardag. Likevel, eg gjorde s\u00e5 godt eg kunne og pr\u00f8vde \u00e5 snakke med alle som m\u00f8tte opp, sj\u00f8lv om det ikkje alltid var like lett. For s\u00e5 snart eg klarte \u00e5 f\u00e5 til ein litt fornuftig samtale, braut dama med Reader\u2019s Digest av med eit av visdomsordet til president Woodrow Wilson om at \u201dCommon sense is not that common anymore\u201d. Det var eigentleg bra at ho ikkje ga seg til \u00e5 sitere dei fjorten punkta som har gitt han ein plass i verdshistoria, da hadde eg nok vore der enno. Larry kom og henta meg, og vi var innom nokre andre av dei gamle, trauste norsk-amerikanarane, berre for \u00e5 helse p\u00e5. Og medan Larry trakterte bringeb\u00e6r, pr\u00f8vde eg \u00e5 sm\u00e5snakke litt, med varierande resultat. Reint forskingsmessig var nok dette ein bomtur, dei fleste her var rett og slett for gamle. Men likevel ga denne ettermiddagen meg eit innblikk i kor sentralt det norske spr\u00e5ket er for mange, kanskje ikkje minst i den fasen av livet som dei fleste av desse er i. Og som eg har sagt, det var herleg \u00e5 sj\u00e5 korleis Larry sjarmerte alle desse gamle damene med bringeb\u00e6r og sm\u00e5prat p\u00e5 norsk. Etter eit par timar p\u00e5 denne institusjonen k\u00f8yrde eg Larry heim igjen, vi k\u00f8yrde da over \u201dlortr\u00e5dane\u201d p\u00e5 Vestbygda og ned i dalen.<br \/>\nVel tilbake p\u00e5 motellet trefte eg tilfeldigvis Buddy, ein av dei staute karane fr\u00e5 Skogdalen. Han k\u00f8yrer skolebuss, hadde ein liten halvtime \u00e5 vente mellom to av rutene, og han var derfor innom bensinstasjonen for \u00e5 vente over ein kaffikopp. Eg vart med han inn, og over kvar v\u00e5r kaffikopp, l\u00f8yste vi i det minste nokre av problema verda har \u00e5 stri med. Det m\u00e5 nok her skytast inn at Buddy og eg nok ikkje er einige i eitt og alt korleis slike problem best kan l\u00f8ysast. Men i denne samanhengen s\u00e5g eg eigentleg ikkje nokon grunn til \u00e5 framheve dette s\u00e5 veldig, her borte er eg mest glad for \u00e5 kunne f\u00e5 snakke om amerikansk politikk p\u00e5 norsk.<br \/>\nKlokka seks hadde eg middagsavtale, \u201dThe Iversons\u201d hadde invitert meg med p\u00e5 den andre sida av byen, til \u201dOld Towns Inn\u201d for \u00e5 ete \u201dsupper\u201d (eller \u201ds\u00f8ppel\u201d (med tjukk l), som dei seier her). Der var det stinn brakke, fullt av vaksne folk som ville ha seg eit glas og ein matbit f\u00f8r dei tok kvelden. Som eg kanskje har ymta framp\u00e5 om tidlegare, s\u00e5 hadde eg eigentleg venta at det meste av norsk i dette omr\u00e5det ville ein finne p\u00e5 gammalheimen. Men slik er det tydelegvis ikkje, Iverson ropte den eine etter den andre bort til bordet v\u00e5rt for at eg skulle f\u00e5 m\u00f8te norskspr\u00e5klege. I tillegg peika han ut noks\u00e5 mange i lokalet som han var heilt sikker p\u00e5 kunne snakke norsk. Til slutt fann vi eit bord saman med ein av \u201dcounty-klerkane\u201d, ein mann tidleg i 60-\u00e5ra med ei noko yngre dame. Og medan praten gjekk p\u00e5 ei blanding av norsk og engelsk, stappa vi i oss ein solid porsjon med biff. F\u00f8r vi tok avskil, gjorde eg avtale med klerken om eit nytt m\u00f8te ved nonsleite i morgon, da for \u00e5 f\u00e5 gjort opptak av han. <\/p>\n<p>Igjen m\u00e5 eg berre seie at eg er imponert av kor lenge det norske spr\u00e5ket har vore i bruk her; det er ingen tvil om at det er heilt borte om nokre \u00e5r, men det ser tydelegvis ut til at det framleis er noks\u00e5 mange i arbeidsf\u00f8r alder som kan snakke det. F\u00f8r eg kom til dette omr\u00e5det, venta eg rett nok \u00e5 finne ein og annan som framleis kunne snakke litt norsk her, men ikkje at det skulle vere s\u00e5 mange, og heller ikkje at nokre av dei skulle vere relativt unge. Det heile er eigentleg litt utruleg.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da er ein ny dag i ferd med \u00e5 g\u00e5 til endes, eg sit her p\u00e5 motellrommet og pr\u00f8ver etter fattig evne \u00e5 ford\u00f8ye alle inntrykka eg har f\u00e5tt i det siste. Og eg har hatt ein retteleg triveleg dag, &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/25\/24-september-norskedalen-skogdalen-springdalen-og-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-38","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/38","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=38"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/38\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=38"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=38"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=38"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}