{"id":380,"date":"2016-11-12T10:08:20","date_gmt":"2016-11-12T10:08:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=380"},"modified":"2016-11-12T10:08:20","modified_gmt":"2016-11-12T10:08:20","slug":"onsdag-9-november-2016-fargo-madison-willmar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/12\/onsdag-9-november-2016-fargo-madison-willmar\/","title":{"rendered":"Onsdag 9. november 2016: Fargo, Madison, Willmar"},"content":{"rendered":"<p>Dagen i dag starta litt tidleg for min del, litt f\u00f8r klokka 5 ringde telefonen, det var ei p\u00e5 jobb som lura p\u00e5 noko og som ikkje var heilt orientert om at eg var p\u00e5 rundtur i den store verda. Det er jo triveleg at folk vil r\u00e5df\u00f8re seg med meg, men kanskje ikkje s\u00e5 veldig heftig \u00e5 f\u00e5 slikt kasta over seg s\u00e5 tidleg p\u00e5 dagen. Og etter dette var det ur\u00e5d \u00e5 f\u00e5 sove meir, s\u00e6rleg sidan eg hadde planlagt ein tidleg start p\u00e5 dagen. Eg l\u00e5g litt og kanskje dorma litt etter dette, men s\u00e6rleg s\u00f8vn vart det ikkje. I halv sju-tida karra eg meg opp og pakka rasket mitt, og etter \u00e5 ha lese nyheitene berre for \u00e5 f\u00e5 bekrefta at presidentvalet her var s\u00e5 tullete som det ved sengetid s\u00e5g ut til \u00e5 vere, sjekka eg ut fr\u00e5 motellet. Eg m\u00e5tte innom bensinstasjonen for \u00e5 fylle drivstoff og kj\u00f8pe meg noko \u00e5 ete p\u00e5, og s\u00e5 stilte eg GPS-en p\u00e5 Madison, MN og sette kursen s\u00f8rover. Trafikken i Fargo var jo noks\u00e5 tett, men etter kvart s\u00e5 opna det seg, og det meste av trafikk s\u00e5g ut til \u00e5 g\u00e5 nordover \u2013 det s\u00e5g nesten ut som om det var amerikanarar som var p\u00e5 tur mot Kanada for \u00e5 s\u00f8ke eit meir frilynt liv. Reisa mi var jo lang, og underhaldninga var valsjokk-program p\u00e5 radioen. Og medan den eine valanalysen etter dan andre vart kasta fram, pl\u00f8gde eg meg gjennom mil etter mil med pr\u00e6rielandskap.<\/p>\n<p>Eg kom fram til museet i Madison til avtalt tid, og da eg kom inn d\u00f8ra, fekk eg h\u00f8yre at ein av informantane hadde vore innom noks\u00e5 tidleg, men s\u00e5 hadde han g\u00e5tt \u2013 han m\u00e5tte jo ut p\u00e5 \u00abfila\u00bb i godveret, m\u00e5 vite. Dette var synd, for etter det dei sa, s\u00e5 skulle denne kroppen vere sv\u00e6rt s\u00e5 flytande p\u00e5 tr\u00f8ndsk! Derimot var dama fr\u00e5 R\u00f8a der igjen, og denne gongen fekk eg gjort eit betre opptak med henne. S\u00e5 kom kontaktfolket mitt innom med mat, og mannen her er ein som ogs\u00e5 er god p\u00e5 \u00e5 snakke norsk. S\u00e5 stakk tannlege Kevin innom, og dette var ein kar eg gjerne ville gjere opptak av. Kevin er sonen til ein av dei som eg gjorde opptak av p\u00e5 1980-talet, og han vaks opp i eit sv\u00e6rt s\u00e5 norskdominert milj\u00f8, der b\u00e5de bestefar og far snakka norsk \u00abm\u00e6sta heile tida\u00bb. Og Kevin kunne fortelje at da han begynte p\u00e5 skolen, vart han sporenstreks sendt til logoped for uttaleterapi \u2013 han hadde s\u00e5 veldig sterk norsk aksent n\u00e5r han snakka engelsk. Derimot var det i dag ikkje s\u00e5 veldig mykje att av norsken hans, han kunne mange ord, men han makta ikkje heilt \u00e5 setje desse saman til fraser og velforma setningar. Men samstundes var han dyktig til \u00e5 bruke det han hadde i repertoaret sitt, s\u00e5 det var fullt muleg \u00e5 kommunisere med han. Det kan bli interessant \u00e5 sj\u00e5 n\u00e6rare p\u00e5 spr\u00e5ket til denne karen. Sistemann ut var ein ny stj\u00f8rdaling, denne gongen fr\u00e5 nabobyen Dawson, og dette var verkeleg ein kar som kunne snakke norsk. Det var sv\u00e6rt morosamt \u00e5 snakke med han, og han hadde mykje \u00e5 fortelje. Feltarbeidet her har s\u00e5leis vore rimeleg bra, men det er alltid litt surt n\u00e5r ein veit at det finst fleire potensielle informantar i omr\u00e5det som ein av ulike grunnar ikkje f\u00e5r gjort opptak av. Men om det no skulle bli ein neste gong, s\u00e5 kunne det vere fint \u00e5 ta turen hit igjen.<\/p>\n<p>Eg pakka ned utstyret mitt og gjorde meg klar til \u00e5 reise inn mot Minneapolis, men ho som styrte med dette museet insisterte p\u00e5 at eg absolutt burde sj\u00e5 innom eit pottemakeri s\u00f8raust for byen. Eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg veit ikkje meir enn passeleg lysten p\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 lysestakar og halvskjeive kaffikrus no, eigentleg var eg litt sliten. Men dama heldt p\u00e5 sitt \u2013 dette m\u00e5tte eg berre sj\u00e5, og eg vil jo helst ikkje vere vanskeleg. Og med papirkart over Lac Qui Parle County p\u00e5 fanget (GPS-en tok ikkje adressen), navigerte eg meg til slutt fram til denne farmen. Og dette var faktisk interessant, eg m\u00e5 litt motvillig innr\u00f8mme det; dama var av irsk avstamming, men ho var gift med ein norsk-amerikansk kunstnar, og dei hadde begge teke kunstutdanning i Noreg. Prosjektet til dette paret var \u00e5 overf\u00f8re norsk treskj\u00e6rar- og rosemalingstradisjon til leire. Vidare var mannen ein habil knivmakar, og knivsamlinga hans m\u00e5tte eg ogs\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5. Det var som sagt interessant \u00e5 vere her, og ikkje minst hadde ho fleire gode analysar og kommentarar til valresultatet. Eg var der p\u00e5 farmen ein times tid f\u00f8r eg takka for meg, og da visste eg eigentleg ikkje kva eg skulle gjere. Eg kunne k\u00f8yre heile vegen inn til Minneapolis og ta inn der, eller eg kunne stoppe p\u00e5 vegen. Valet fall p\u00e5 Willmar, eg fann vegen lett, og eg fekk ogs\u00e5 ordna meg motellrom igjen. No er alts\u00e5 feltarbeidet unnagjort for denne gongen, i morgon blir det ein litt roleg dag i storbyen, og da m\u00f8ter eg ogs\u00e5 resten av \u00abkruet\u00bb. Og det skal bli godt med ein roleg dag no.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan p\u00e5 pr\u00e6rien\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dagen i dag starta litt tidleg for min del, litt f\u00f8r klokka 5 ringde telefonen, det var ei p\u00e5 jobb som lura p\u00e5 noko og som ikkje var heilt orientert om at eg var p\u00e5 rundtur i den store verda. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2016\/11\/12\/onsdag-9-november-2016-fargo-madison-willmar\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-380","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/380","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=380"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/380\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=380"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=380"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=380"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}