{"id":398,"date":"2017-10-29T13:16:46","date_gmt":"2017-10-29T13:16:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=398"},"modified":"2017-10-29T13:16:46","modified_gmt":"2017-10-29T13:16:46","slug":"laurdag-28-oktober-2017-halden-minneapolis-zumbrota","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/10\/29\/laurdag-28-oktober-2017-halden-minneapolis-zumbrota\/","title":{"rendered":"Laurdag 28. oktober 2017: Halden, Minneapolis, Zumbrota"},"content":{"rendered":"<p>I vinter fekk eg nokre tusenlappar fr\u00e5 ISKF (kva no det eigentleg er) til \u00e5 reise \u00abover there\u00bb for \u00e5 gjere meir feltarbeid. Og etter mykje fram og tilbake (og ikkje minst spekulering), br\u00e5bestemte eg meg for nokre veker sidan og bestilte tur. For desse pengane m\u00e5 brukast i dette kalender\u00e5ret, m\u00e5 vite. \u00abTiminga\u00bb var absolutt ikkje den beste, det er ting som skjer p\u00e5 jobb, i tillegg til at vi har hatt ei litt st\u00f8rre oppgradering av huset, s\u00e5 eigentleg burde eg ha vore heime og teke tilhengarlappen (har oppdaga at eg har hengar som eg ikkje har lov til \u00e5 bruke), rydda og k\u00f8yrd bort rusk og rask etter oppussinga (viss eg da hadde hatt denne\u00a0lappen), mala og gjort ferdig i 2. etasje, i tillegg til \u00e5 rydda opp i resten av k\u00e5ken. Men med snill og tolmodig kone er det muleg \u00e5 snike seg unna slikt og reise til Pr\u00e6rien i staden. S\u00e5 klokka 6 i dag tidleg ringde klokka, snill kone k\u00f8yrde meg p\u00e5 stasjonen ein liten time seinare, og i sjutida gjekk toget fr\u00e5 Halden. Reisa opp til Gardermoen er det absolutt ikkje noko \u00e5 fortelje om, og Gardermoen baud heller ikkje p\u00e5 dei heilt store opplevingane. Litt venting her, litt venting der \u2026<\/p>\n<p>Denne gongen gjekk amerikaturen via Amsterdam, og nytt er at ein no m\u00e5 gjennom eit intervju f\u00f8r ein f\u00e5r sesse seg p\u00e5 flyet over Dammen. Det heile gjekk eigentleg noks\u00e5 industrielt for seg og k\u00f8en gjekk fort unna. Ein kan jo sj\u00f8lvsagt lure p\u00e5 kor effektivt dette er i arbeidet med \u00e5 stoppe tullingar med sprengstoff i handveska, det er nok mest for \u00e5 kunne vise handlekraft. Eg slapp derfor igjennom. Turen over dammen tok rundt 8 timar, og det var veldig laaange timar. Eg var s\u00e5 heldig at eg hamna inneklemd p\u00e5 ei rad av fire seter, og p\u00e5 alle desse seta sat det r\u00f8selege karar. Eg trur eg aldri har sitte s\u00e5 trongt. Og betra vart det ikkje da dama framfor meg la setet sitt bakover, da var eg fullstendig inneklemd. Og for \u00e5 toppe denne opplevinga, fungerte ikkje lyden p\u00e5 TV-skjermen min, og det var s\u00e5 trongt at eg ikkje hadde plass til \u00e5 lese. Oppvartinga p\u00e5 dette Delta-flyet var up\u00e5klageleg, rett som det var svinga dei rundt med trallene og serverte mat og drikk til folket, s\u00e5 flyvertane (som her framleis var vertinner) hadde nok \u00e5 pusle med. Uvanleg vaksne var dei ogs\u00e5, det var neppe ei under 60, og den eldste m\u00e5tte vere godt oppe i 70-\u00e5ra. Reiseruta var den same gamle, over Irland, over s\u00f8rspissen av Gr\u00f8nland, inn over New Foundland, s\u00f8r for Hudson Bay og s\u00e5 inn over dei amerikanske sj\u00f8ane f\u00f8r vi sette hjula kraftfullt ned i tvillingbyen.<\/p>\n<p>Verda g\u00e5r framover, og denne gongen var det passkontrollen som var nyvinninga: No har dei innf\u00f8rt sj\u00f8lvplukk-prinsippet der vi gjekk fram til ein automat, scanna passet, tok bilete, la fingrane p\u00e5 ein skjerm og svarte ja og nei p\u00e5 nokre sp\u00f8rsm\u00e5l. Og som rett og rimeleg er, kunne ein velje norsk som menyspr\u00e5k &#8211; noko eg gjorde \u2013 og etter ei stund angra litt p\u00e5, for her har dei nok spara inn utgiftene til spr\u00e5kkonsulentar og korrektur: nokre av sp\u00f8rsm\u00e5la var usedvanleg kr\u00f8kkete formulert. Omgangen min med maskina var p\u00e5 ingen m\u00e5te vellukka, fotoet eg skulle ta av meg sj\u00f8lv fekk med seg omr\u00e5det mellom overleppe og tredje skjorteknapp, og fingeravtrykket mitt vart heller ikkje registrert, s\u00e5 for dosent Hjelde m\u00e5tte dette gjerast p\u00e5 nytt etter gammalm\u00e5ten. Uansett, eg kom meg igjennom, henta ut kofferten, fann fram til Dollar bilutleige og fekk henta ut bilen \u2013 ein riktig staseleg SUV av eitt eller anna slag (det m\u00e5 eg sjekke i morgon slik at eg klarer \u00e5 finne han igjen n\u00e5r eg parkerer). S\u00e5 venta ein dryg time s\u00f8rover i Minnesota til Zumbrota, der eg har tinga motell. Her har eg vore fleire gonger, og sj\u00f8lv om det ikkje akkurat er Hilton, s\u00e5 er det greitt nok for ei natt. Her forsto eg ogs\u00e5 at det er haust, det var kaldt og surt, og det var faktisk ogs\u00e5 litt sn\u00f8 p\u00e5 bakken. Ikkje mykje, men nok til at eg mista illusjonen om at eg hadde kome til \u00abvarmare land\u00bb. Eg fekk meg ein matbit p\u00e5 restauranten her, og no er det snart sengetid, for klokka har passert ni.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her i dette rare landet\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I vinter fekk eg nokre tusenlappar fr\u00e5 ISKF (kva no det eigentleg er) til \u00e5 reise \u00abover there\u00bb for \u00e5 gjere meir feltarbeid. Og etter mykje fram og tilbake (og ikkje minst spekulering), br\u00e5bestemte eg meg for nokre veker sidan &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/10\/29\/laurdag-28-oktober-2017-halden-minneapolis-zumbrota\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-398","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/398","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=398"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/398\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=398"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=398"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=398"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}