{"id":400,"date":"2017-10-31T04:06:33","date_gmt":"2017-10-31T04:06:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=400"},"modified":"2017-10-31T04:06:33","modified_gmt":"2017-10-31T04:06:33","slug":"mandag-30-oktober-2017-westby-rudlandsdalen-og-sorryggen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/10\/31\/mandag-30-oktober-2017-westby-rudlandsdalen-og-sorryggen\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 30. oktober 2017: Westby, Rudlandsdalen og S\u00f8rryggen"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld sovna eg ikkje f\u00f8r rundt midnatt, og eg vakna f\u00f8rst i sju-tida: dette tek til \u00e5 likne litt p\u00e5 \u00abvanleg\u00bb d\u00f8gnrytme, og dette teiknar jo bra. Etter ein enkel frukost med \u00abp\u00e5ss\u00e5mat\u00bb (br\u00f8d, salami og ost handla inn i g\u00e5r) sette eg kursen ned til Larry i Springdalen, og han dreiv og \u00abfona\u00bb etter folk da eg kom. Dessverre blei det ikkje noko av turen ned til ungfolket i Readstown i dag, dei var opptekne med andre ting, og i morgon er det Halloween, og da er ungane ute og g\u00e5r, s\u00e5 vi m\u00e5 finne eit anna tidspunkt for dette. Men eg ser p\u00e5 ein slik tur som veldig viktig, og eg f\u00e5r leggje opp l\u00f8ypa mi ut fr\u00e5 n\u00e5r det passar for dei. Derimot hadde han andre \u00e5 by p\u00e5, sj\u00f8lv om han klaga p\u00e5 at dei flest var for \u00abbljuge\u00bb til \u00e5 snakka framfor eit kamera.<\/p>\n<p>Etter ein kaffikopp sette vi kursen opp i Rudlandsdalen der vi skulle innom ei dame rundt 80 som tidlegare ikkje er intervjua. Ho budde like ved \u00abkrikken\u00bb, og no i haust hadde denne bekken flomma over og g\u00e5tt heilt opp mot syllstokken p\u00e5 huset hennar, med dei byggtekniske konsekvensane dette kan ha. Dette var ei veldig triveleg dame, men ho var nok sv\u00e6rt skeptisk til at det skulle bli gjort opptak. Vilk\u00e5ret ho sette var at det ikkje m\u00e5tte visast for andre i Amerika, og det m\u00e5 eg kunne halde. Dama var p\u00e5 ingen m\u00e5te flytande i pr\u00e6rienorsken, det var lenge sidan sist ho hadde snakka norsk. Dessutan hadde ho \u00abtitsja skule\u00bb nesten f\u00f8rti \u00e5r, s\u00e5 det var viktig for henne at alt skulle vere \u00abrett\u00bb. Men sj\u00f8lv om ho hadde sv\u00e6rt lett for \u00e5 hoppe over til engelsk, s\u00e5 var forteljinga hennar interessant. Ho kunne fortelje at ho snakka mest norsk f\u00f8r ho som 5-\u00e5ring begynte p\u00e5 skolen. Og der vart ho ogs\u00e5 straffa for norskbruken sin: ho m\u00e5tte sitje inne i friminuttet for \u00e5 ha snakka norsk, i tillegg til at ho m\u00e5tte be om \u00abferlatels\u00bb til den einaste ikkje-norske i klassen for \u00e5 ha sagt noko som ikkje ho hadde forst\u00e5tt. Og ei slik oppleving hadde tydelegvis sett varige spor i eit sart barnesinn. Det var moro \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 n\u00e5r ho og Larry prata, og eg kasta berre inn eitt og anna sp\u00f8rsm\u00e5let. Vi kunne sikkert ha halde p\u00e5 ei lang tid, men etter ein dryg time ringde telefonen, og ho m\u00e5tte ut p\u00e5 eitt eller anna. Og da var det ikkje anna \u00e5 gjere enn \u00e5 pakke saman sakene og takke for seg.<\/p>\n<p>Deretter k\u00f8yrde vi heim til Larry for \u00e5 f\u00e5 oss ein matbit, og Garry hadde diske opp med sandwiches og kaffi til oss. Og som vanleg hadde Larry ulike heimavla gr\u00f8nsaker \u00e5 by p\u00e5, mellom anna \u00abkohlrabi\u00bb, noko som smakte nesten som norsk k\u00e5lrabi, men som s\u00e5g heilt annleis ut. Men godt, ja det var det.<\/p>\n<p>Etter eit godt m\u00e5ltid sette vi kursen ned til Coon Valley (konvalle, som dei seier her) der vi skulle helse p\u00e5 ein av vennane til Larry. Denne karen har hatt slag, og derfor slit han med spr\u00e5ket, men det som kjem ut av han er i stor grad norsk. Favoritthistoria hans var ein episode etter slaget da legen skulle sjekke han, mellom anna gjennom at han skulle rekne fr\u00e5 ein ein til tjue. Han klarte da berre \u00e5 rekne p\u00e5 norsk. \u00abI don\u2019t understand anything of what he says, he has a very long way to go\u00bb, sa legen. Elles var denne Karen mest oppteken av ein baseball-kamp p\u00e5 TV, s\u00e5 opphaldet v\u00e5rt vart derfor noks\u00e5 kort.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha sm\u00e5prata litt k\u00f8yrde vi vidare opp vegen forbi Haugen-farmen (som st\u00e5r tom etter at begge Haugen-karane er borte) og til Gilman, ein gammal kjenning. Dette er verkeleg ein av dei trauste norskamerkanarane som trivst best n\u00e5r han f\u00e5r snakke norsk. Og sj\u00f8lv om helsa til denne 80-\u00e5ringen skrantar sv\u00e6rt no, s\u00e5 var han ikkje d\u00e5rlegare enn at han ville bli gjort opptak av. S\u00e5 han og Larry prata i veg, medan kona og eg (i stor grad) sat og h\u00f8yrde p\u00e5. Og igjen kom historia om at dei som snakka norsk p\u00e5 skolen, vart straffa: \u00abYou are in America now\u00bb, sa l\u00e6raren og straffa ungane ved at dei m\u00e5tte sitje igjen etter at skoledagen var slutt. Kona varta opp med kaffi og pai, og som vanleg fortente oppvartinga hennar ei stjerne eller to i den pr\u00e6rielingvistiske Michelin-guiden. Det vemodige i dette m\u00f8tet var at denne karen i mange \u00e5r hadde hatt planar om ein tur tilbake til Noreg, men no var det definitivt for seint, sidan han m\u00e5tte innom sjukehuset kvar tredje dag for oppf\u00f8lging. Det kan kanskje vere ei p\u00e5minning om at ein aldri skal vente for lenge med \u00e5 gjennomf\u00f8re planar som ein har i livet \u2026.<\/p>\n<p>Etter desse to timane i godt selskap k\u00f8yrde eg Larry heim igjen, og deretter sette eg kursen tilbake til motellet igjen. Og no i kveld har eg pusla med ulike sm\u00e5ting her p\u00e5 rommet, eg har hatt meg litt mat (restauranten er stengt no p\u00e5 m\u00e5ndagar, s\u00e5 det vart br\u00f8dmat p\u00e5 meg no), eg har lese litt og skrive e-postar, og eg skulle ogs\u00e5 kopiere opptaka mine. Men da vart eg \u00abst\u00f8kk\u00bb, som dei seier her. Av ein eller annan grunn klarer ikkje PC-en min \u00e5 lese SD-kortet fr\u00e5 kameraet, og for \u00e5 toppe det heile la eg igjen alt av kamerakablar p\u00e5 kontoret. Dermed klarer eg ikkje \u00e5 kopiere opptaka mine fr\u00e5 kameraet til datamaskina. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal klare \u00e5 l\u00f8yse denne floka anna enn at eg m\u00e5 ned til La Crosse i morgon ettermiddag og kj\u00f8pe ny kabel. Eg innser verkeleg at eg ikkje var framsynt nok da eg ikkje teste alle sidene av det nye opptaksutstyret som eg har med meg. Men no er det for seint; neste gong derimot \u2026.yeah \u2026 you bet \u2026 sure \u2026 uffda\u2026<\/p>\n<p>No er det kveld og sv\u00e6rt stille her p\u00e5 motellet. I morgon klokka ni skal eg opp til Larry igjen. Som vanleg ser eg fram til \u00e5 m\u00f8te gamle og nye folk.<br \/>\nOg slik g\u00e5r nu dagan \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld sovna eg ikkje f\u00f8r rundt midnatt, og eg vakna f\u00f8rst i sju-tida: dette tek til \u00e5 likne litt p\u00e5 \u00abvanleg\u00bb d\u00f8gnrytme, og dette teiknar jo bra. Etter ein enkel frukost med \u00abp\u00e5ss\u00e5mat\u00bb (br\u00f8d, salami og ost handla &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/10\/31\/mandag-30-oktober-2017-westby-rudlandsdalen-og-sorryggen\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-400","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/400","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=400"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/400\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=400"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=400"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=400"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}