{"id":410,"date":"2017-11-02T11:55:21","date_gmt":"2017-11-02T11:55:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=410"},"modified":"2017-11-02T11:55:21","modified_gmt":"2017-11-02T11:55:21","slug":"tysdag-31-oktober-2017-halloween-westby-springdalen-og-norskedalen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/02\/tysdag-31-oktober-2017-halloween-westby-springdalen-og-norskedalen\/","title":{"rendered":"Tysdag 31. oktober 2017 (Halloween): Westby, Springdalen og Norskedalen"},"content":{"rendered":"<p>Ny dag og nye mulegheiter, som dei seier. Og igjen vakna eg i h\u00f8veleg tid, rundt sju. Og s\u00e5 vanleg vart det p\u00e5ss\u00e5mat f\u00f8r eg i halv ni-tida sette kursen ned til Larry i Springdalen. I dag er det hans om igjen er turoperat\u00f8ren min, og seansen skulle starte heime hos han med samtale rundt bordet. Garry hadde diska opp mat av ulik slag, og Larry hadde invitert fleire trauste \u00abnorskerer\u00bb, mellom anna gode, gamle Archie, Charles og ein dei kalla Chuck. Eg var der i god tid for \u00e5 rigge opp utstyr, og etter kvart kom den eine etter den andre oppom. Og det var triveleg \u00e5 sj\u00e5 desse trauste karane, alle er gamle fiskekompisar av Larry, og artige karar alle. Archie com f\u00f8rst, og etter kvar dukka dei to andre opp ogs\u00e5. Larry kokte kaffi, skar opp sj\u00f8lvr\u00f8ykt aure (som var veldig god) og \u00abeintertaina\u00bb, medan eg rigga opp opptaksutstyret. Og snart var desse karane sessa rundt bordet, og samtalen p\u00e5 norsk gjekk om ikkje laust og ledig (kanskje heller i rykk og napp), s\u00e5 var ikkje dette s\u00e5 heilt ille. Som sagt, dette var ivrige fiskarar, og fiskarar har jo gjerne eitt og anna \u00e5 fortelje om som ikkje alltid har belegg i empirien. Eg pr\u00f8vde \u00e5 ha ein s\u00e5 l\u00e5g profil som muleg, og det gjekk veldig bra, heit til kameraet sol seg av: det hadde ikkje straum. Eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg vart litt sveitt, ikkje minst fordi heile kamerastativet hadde teke seg ein aldri s\u00e5 liten tur i golvet medan eg rigga opp utstyret. Eg flytta kablar, og dreiv p\u00e5 utan at det hjelpte det minste \u2013 kameraet fekk ikkje straum same kva eg gjorde. Derfor s\u00e5g eg ogs\u00e5 for meg at eg m\u00e5tte redde denne turen gjennom ein kjapp tur til n\u00e6raste elektronikkbutikk for \u00e5 kj\u00f8pe nytt ustyr, med dei konsekvensane dette ville ha for reisebudsjettet mitt. Heldigvis var problemet at Larry har knytt brytarar til kontaktane sine \u2013 ein elegant touch p\u00e5 ein av vippebrytarane p\u00e5 veggen gjenoppretta situasjonen og sm\u00e5praten kunne halde fram. Etter to timar med slik sm\u00e5prat rundt matbordet m\u00e5tte desse trauste karane bryte opp, og da m\u00e5tte eg ogs\u00e5 pakke saman rasket mitt.<\/p>\n<p>Deretter sette Larry og eg kursen inn til Westby der det skulle vere ein ny kar som kunne snakke norsk. Og det kunne han sikkert ogs\u00e5 (i veldig \u00abpast tense\u00bb), men det var utruleg vanskeleg \u00e5 f\u00e5 han p\u00e5 glid. Eitt og anna ordet var det, men ikkje mange, og dessutan skulle han p\u00e5 legekontroll om ikkje s\u00e5 lenge. Eg inns\u00e5g at det kanskje ikkje var nokon vits i \u00e5 rigge opp kamerautstyret her, ein lydopptakar fekk duge. Eg trur det var eit klokt val, for som sagt, det var lite av norsk spr\u00e5k \u00e5 kunne riste ut av denne kroppen. Etter ein liten time her braut vi opp, og eg k\u00f8yrde Larry heim igjen. Deretter sette eg kursen ned til Norskedalen, delvis for \u00e5 skrive meg inn som medlem her, men ikkje minst for \u00e5 f\u00e5 greie p\u00e5 dette prosjektet \u00abHeritage language in Wisconsin\u00bb som dei marknadsf\u00f8rer p\u00e5 heimesida si. Etter at eg hadde ordna papirarbeidet og ogs\u00e5 sett meg litt rundt, fekk eg m\u00f8te ho som hadde ansvar for \u00abheritage\u00bb-delen av Norskedalen: det viser seg at dette er ein del av eit prosjekt ved universitetet i Madison, og slik sett ikkje initiert av Norskedalen (slik eg trudde). Uansett s\u00e5 ville det jo ha vore veldig bra om Norskedalen hadde gjort noko for \u00e5 dokumentere spr\u00e5ksituasjonen er i dalstroka, men det var no ein gong ikkje det som var m\u00e5let her. Uansett s\u00e5 er det veldig bra at slikt arbeid blir gjort.<\/p>\n<p>I dag er det Halloween, og det er jo ein kulturell institusjon som ein m\u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 involvere seg i. Sidan eg alt er utkledd som ein norske, s\u00e5 slapp eg billig unna kostymekj\u00f8p, eg kan berre vere meg sj\u00f8lv. Litt utp\u00e5 ettermiddagen stakk eg innom Iversons igjen, og dei tek verkeleg dette alvorleg. Ron var utkledd som riddar fr\u00e5 middelalderen, medan Sandra var rigga til som ei blanding av heks og stymor til Tornerose. Dei hadde kj\u00f8pt inn fleire kassar med snop, og dei venta over 200 ungar p\u00e5 d\u00f8ra. Og gatene i byen var full av ungar. Elles har det nok roa seg litt dette med halloween-feiringa, s\u00e6rleg n\u00e5r det gjeld \u00e5 gjere ugagn. I g\u00e5r fekk vi servert fleire historier om kva som hadde vore gjort tidlegare. Nokre hadde klart \u00e5 f\u00e5 ei ku opp p\u00e5 hustaket, andre hadde velta ein utedass medan det sat folk der. No er det visst sv\u00e6rt lite av slikt. I to r har eg jakta p\u00e5 ein av Haugens informantar i Iola, det ville vere frykteleg moro om eg kunne ha intervjua han, men han var ein vanskeleg kar som heller ville spelle trekkspell enn \u00e5 snakke med meg. I vinter d\u00f8ydde han dessverre. Og da eg fann eg opptaket av han, og det var heilt uforst\u00e5eleg, s\u00e5 verdien av eit nytt opptak ville kanskje ikkje vere s\u00e5 stor som eg hadde h\u00e5pa p\u00e5. No i det siste har eg g\u00e5tt igjennom liste til Haugen p\u00e5 nytt, sett p\u00e5 dei som var f\u00f8dde etter 1920 og kopla dette opp mot telefonkatalogen p\u00e5 nettet. Og da dukka det opp ein ny kar som kunne vere interessant, ein Hegge som bur i ein sm\u00e5by s\u00f8r for Madison. S\u00e5 da eg kom tilbake til hotellrommet tok eg mot til meg, forsikra meg om at det ikkje var lagt ut d\u00f8dsannonse over han og ringe han. Eg fekk da ei kvinnestemme i \u00f8ret; \u00abdu har n\u00e5 kommet til et nummer som ikkje er i bruk\u00bb, sa ho p\u00e5 norsk. Eg tenkte da at det kanskje hadde skjedd noko med mannen, han er trass alt rundt 90. Likevel sjekka eg at eg hadde ringt rett nummer, og det hadde eg jo ikkje. Eg pr\u00f8vde p\u00e5 nytt, og da fekk eg svar av ein i starten litt skeptisk herremann. Eg fortalte kva eg dreiv med og kvifor eg kontakta han, og da vart han medgjerleg med ein gong. Eg spurte om det var han som hadde vorte intervjua av Haugen i 1948. \u00abNei, ikkje av Haugen, sa han, \u00abmen av Magne Oftedal\u00bb. Det er ikkje d\u00e5rleg \u00e5 hugse namnet p\u00e5 feltarbeidaren 69 \u00e5r etter at intervjuet vart gjort. Eg snakka ikkje norsk med han, s\u00e5 eg veit ikkje kor god han er til det, men eg h\u00e5par i det minste at det finst rudiment av norsk igjen. S\u00e5 i morgon etter middagen skal eg vere hos han. Det ser eg fram til!<\/p>\n<p>Og det var vel eigentleg det. Eg runda av dagen med \u00e5 ete middag p\u00e5 restauranten her, og no les og sm\u00e5puslar eg litt like f\u00f8r sengetid.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ny dag og nye mulegheiter, som dei seier. Og igjen vakna eg i h\u00f8veleg tid, rundt sju. Og s\u00e5 vanleg vart det p\u00e5ss\u00e5mat f\u00f8r eg i halv ni-tida sette kursen ned til Larry i Springdalen. I dag er det hans &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/02\/tysdag-31-oktober-2017-halloween-westby-springdalen-og-norskedalen\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-410","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/410","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=410"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/410\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=410"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=410"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=410"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}