{"id":413,"date":"2017-11-03T04:42:05","date_gmt":"2017-11-03T04:42:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=413"},"modified":"2017-11-03T04:42:05","modified_gmt":"2017-11-03T04:42:05","slug":"onsdag-1-november-2017-westby-orfordville","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/03\/onsdag-1-november-2017-westby-orfordville\/","title":{"rendered":"Onsdag 1. november 2017: Westby, Orfordville"},"content":{"rendered":"<p>I dag kunne alts\u00e5 bli ein merkedag for meg som feltarbeidar \u2013 \u00e5 f\u00e5 m\u00f8te den siste Haugen-informanten er eigentleg noko eg trudde ikkje ville kome til \u00e5 hende. S\u00e5 det var med spenning at eg etter ein kjapp p\u00e5ss\u00e5-frukost sette meg i bilen og stilte inn GPSen med kurs austover. Tre timar i bil er jo tre timar i bil, men no skal det ogs\u00e5 seiast at amerikanarane verkeleg har lagt ting til rette for ein pr\u00e6rielingvist som meg, for kanal 18 p\u00e5 bilradioen er The Beatles Channel, og her underheld desse fire Liverpool-karane d\u00f8gnet rundt. Sj\u00f8lv for meg kan dette faktisk bli i litt for store dosar. Men etter mil etter mil med mais\u00e5krar, kunne eg ein eller annan stad i \u00abShe loves you\u00bb kruse inn hovudgata i sm\u00e5byen Orfordville, og f\u00f8r det siste \u00abyeah, yeah, yeah\u00bb hadde tona ut, hadde eg passert byen med god margin. Dette er med andre ord ingen storby, alts\u00e5. Eg kom ein liten time f\u00f8r avtalt tid, derfor returnerte eg til bensinstasjonen p\u00e5 den andre sida av byen for \u00e5 f\u00e5 meg ein matbit og kanskje ogs\u00e5 kople meg opp p\u00e5 nettet og sjekke e-posten.<\/p>\n<p>Passeleg god og mett kunne eg parkere framfor huset til denne norsk-amerikanaren, ta med meg veskene mine og banke p\u00e5. Eg hadde kanskje ikkje venta hornmusikk og ordf\u00f8raren p\u00e5 plass for \u00e5 \u00f8nske meg velkommen, og det var heller ikkje det som venta meg. Derimot ein sv\u00e6rt skeptisk norskamerikanar eskortert av ei dame og ein heller bisk kar. Og eg slapp heller ikkje inn utan vidare. F\u00f8rst m\u00e5tte eg vise legitimasjon og gjere greie for kven eg var, deretter vart desse dokumenta grundig sjekka f\u00f8r \u00abskrind\u00f8ra\u00bb forsiktig gjekk opp og dei slapp meg innafor, men framleis osa det skepsis p\u00e5 lang veg. Og det var ikkje m\u00e5te p\u00e5 kontrollsp\u00f8rsm\u00e5la som eg fekk: dersom immigrasjonsmyndigheitene er n\u00f8ye og skeptiske, s\u00e5 var det ingenting mot dette, ja her kan myndigheitene med Trump i spissen verkeleg ha noko nytt \u00e5 l\u00e6re for korleis ein forsvarer grensene. Karen som eg ville snakke med, var godt vaksen, han var d\u00e5rleg til beins og tok seg berrfot fram, godt st\u00f8tta ein g\u00e5stol. Men det var ogs\u00e5 tydeleg at sj\u00f8lv om han fysisk tok til \u00e5 bli skr\u00f8peleg, var denne karen sv\u00e6rt s\u00e5 skarp enno, han hadde vore igjennom dette ein gong f\u00f8r og forsto fort kva eg var ute etter. Vi sessa oss ned, og vi starta seansen med at eg spelte av ein stubb fr\u00e5 opptaket med han 69 \u00e5r tidlegare. Det oppretta full tillit p\u00e5 ein blunk. S\u00e5 rigga eg opp utstyret og gjorde klart til opptak, men det vart ikkje lett \u00e5 kome i gang med dette, for denne karen meinte at eit slikt m\u00f8te var \u00abbreaking news\u00bb som m\u00e5tte lokalavisa. Han ringde derfor i eitt for \u00e5 f\u00e5 nokon til \u00e5 kome, men da redaksjonen tydeleg vis hadde andre ting \u00e5 bruke arbeidstida si p\u00e5, kontakta han like godt \u00abtownbordet\u00bb for \u00e5 f\u00e5 fortgang i det journalistiske arbeidet. At han ogs\u00e5 vart avvist der, hadde han vanskeleg for \u00e5 akseptere. Uansett, etter kvart roa han seg, og eg kunne trykke p\u00e5 \u00abrecord\u00bb-knappane \u2013 eg trudde eigentleg da at det verste hadde lagt seg.<\/p>\n<p>Det tok ikkje lang tid f\u00f8r eg forsto at eg her sto framfor ei sv\u00e6rt stor utfordring \u2013 han forsto meg ikkje. Han h\u00f8yrde godt, det var ikkje det som var problemet. Mannen var d\u00f8l, og etter \u00e5r saman med d\u00f8lane i Westby, trudde eg at eg kunne turnere slike folk, men ikkje denne karen, nei. Same kor mykje eg apa etter westbynorsk, kom eg ikkje igjennom. Hmmm, merkeleg. Vi vart da samde om at eg skulle stille sp\u00f8rsm\u00e5la p\u00e5 engelsk, s\u00e5 skulle han svare p\u00e5 norsk. Og dette fungerte p\u00e5 eit vis, men f\u00f8r han hadde vorte varm i tr\u00f8ya, ringde det p\u00e5 d\u00f8ra og ein journalist dukka opp. Han hadde d\u00e5rleg tid, men han ville gjerne ta bilete no, s\u00e5 kunne han kome tilbake ein annan dag og intervjue Merlin. Og opphaldet vart nok lengre enn journalisten hadde tenkt seg, for hovudpersonen hadde mykje \u00e5 fortelje. Sv\u00e6rt mykje, faktisk.<\/p>\n<p>Da bladfyka endeleg klarte \u00e5 frigjere seg og kome seg vidare, trudde eg at det endeleg skulle bli litt arbeidsro igjen, men da m\u00e5tte jo sj\u00f8lvsagt Merlin kaste seg over telefonen og fortelje at no ville han endeleg kome i avisa \u2013 han hadde godt h\u00e5p om at dette burde kome p\u00e5 f\u00f8rstesida. Etter kvart roa han seg, og vi kunne halde fram. Og det gjekk rimeleg greitt, sj\u00f8lv om eg inns\u00e5g at eg var alt for d\u00e5rleg f\u00f8rebudd p\u00e5 denne samtalen. Sp\u00f8rjeliste brukte eg ikkje sidan bakgrunnen hans er sv\u00e6rt s\u00e5 godt dokumentert gjennom feltnotatane til Magne Oftedal som var her i same \u00e6rend for 69 \u00e5r sidan, han hadde brukt tre dagar p\u00e5 intervjuet den gongen. Og eg angra litt p\u00e5 at eg ikkje hadde teke med meg Larry, han hadde sikkert klart \u00e5 f\u00f8re ein lett og ledig samtale med denne karen. Elles er det litt av kvart \u00e5 merke seg av spr\u00e5kleg snask, mellom anna lokale variantar av ordet \u00ab\u00e5 snakke\u00bb: I Coon Valley \u00ablage\u00bb dei norsk, i Blair \u00abspreke\u00bb, medan denne karen \u00abspiker\u00bb. Og som alltid er sp\u00f8rjeorda ei utfordring. Eg pr\u00f8vde alle variantane eg kunne, men det var f\u00e5 som kom heilt igjennom. \u00c5kke som, i firetida pakka eg saman utstyret mitt og takka for meg, p\u00e5 ein m\u00e5te var eg ekstremt forn\u00f8gd, eg hadde m\u00f8tt det som m\u00e5 vere \u00abthe holy grail\u00bb for oss pr\u00e6rielingvistar, den siste gjenlevande informanten til Haugen, p\u00e5 den andre sida var eg berre passe forn\u00f8gd, for det burde vere muleg \u00e5 dra litt meir spr\u00e5kleg stoff ut av denne karen enn det eg klarte no i ettermiddag. Men for \u00e5 sitere folket p\u00e5 pr\u00e6ien her: \u00abslik g\u00e5r det\u00bb.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha takka for meg sette eg kursen tilbake til Westby igjen, og med Beatles i bakgrunnen k\u00f8yrde eg igjennom Madison, s\u00e5g s\u00e5 vidt gata der eg budde for 25 \u00e5r sidan og kom meg trygt tilbake til rommet mitt her i Westby. Vel framme og p\u00e5 nett kunne eg ogs\u00e5 lese e-post fr\u00e5 kontakten min Kevin i Appleton, Minnesota: det passa d\u00e5rleg med feltarbeid der no i helga fordi han skulle drive hjortejakt. Neste tysdag derimot. Og det var litt dumt \u2013 da m\u00e5 eg leggje nye planar, eg f\u00e5r sove p\u00e5 korleis eg no g\u00e5r vidare.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag kunne alts\u00e5 bli ein merkedag for meg som feltarbeidar \u2013 \u00e5 f\u00e5 m\u00f8te den siste Haugen-informanten er eigentleg noko eg trudde ikkje ville kome til \u00e5 hende. S\u00e5 det var med spenning at eg etter ein kjapp p\u00e5ss\u00e5-frukost &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/03\/onsdag-1-november-2017-westby-orfordville\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-413","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/413","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=413"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/413\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=413"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=413"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=413"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}