{"id":416,"date":"2017-11-08T03:08:57","date_gmt":"2017-11-08T03:08:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=416"},"modified":"2017-11-08T03:08:57","modified_gmt":"2017-11-08T03:08:57","slug":"fredag-3-2017-westby-coon-valley","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/08\/fredag-3-2017-westby-coon-valley\/","title":{"rendered":"Fredag 3. 2017: Westby, Coon Valley"},"content":{"rendered":"<p>I dag har eg hatt ein sv\u00e6rt s\u00e5 roleg dag p\u00e5 pr\u00e6rien der eg ikkje i det heile har drive med feltarbeid, i staden har eg hatt \u00abgjemmekontor\u00bb og pusla med ulike jobbrelaterte ting. Dessutan var eg nok ogs\u00e5 litt \u00ab\u00e6ksaita\u00bb; no i september arbeidde vi intenst med ein s\u00f8knad om st\u00f8tte til \u00e5 styrke den digitale kompetansen i l\u00e6rarutdanninga v\u00e5r, og i g\u00e5r fekk vi svaret, vi hadde f\u00e5tt 18 millionar til dette! Og sj\u00f8lv om det renn ikkje s\u00e5 reint lite verdalsblod i \u00e5rene mine og slik sett burde vere van med at lottorekka g\u00e5r inn, var dette uvanleg moro. Som vanleg vakna eg i seks-tida, men denne gongen klarte eg \u00e5 dorme ein liten time til f\u00f8r kom meg opp av senga. Sidan eg ikkje hadde avtalar i dag, men derimot ulike \u00abkontorting\u00bb \u00e5 drive med, sette eg med etter \u00abp\u00e5ss\u00e5frukosten\u00bb ned for \u00e5 arbeide litt. Eg forlenga ogs\u00e5 opphaldet mitt her med ei ny natt, eigentleg blir eg vel her til m\u00e5ndag, men ein veit jo aldri kva pr\u00e6rielingvistikken har \u00e5 by p\u00e5.<\/p>\n<p>\u00c5 sitje p\u00e5 rommet vart litt sm\u00e5trist, eg fann derfor ut at eg like gjerne kunne ta turen ned til Norskedalen for \u00e5 setje meg der. Men der hadde dei skoleklassar p\u00e5 bes\u00f8k, og etter ei stund fekk eg eit klart hint om at dei gjerne ville l\u00e5se av hovudbygget medan dei viste ungane rundt p\u00e5 museet. Eg er sikkert tungn\u00e6m, men ikkje s\u00e5 treig at eg ikkje forsto kva dei meinte. Eg sette derfor kursen ned til Konvalle for \u00e5 f\u00e5 meg litt \u00e5 ete, klokka var trass alt godt over tolv. Etter suppe p\u00e5 Stockyard-restauranten k\u00f8yrde eg opp til Larry for \u00e5 prate litt med han. I g\u00e5r kj\u00f8pte eg denne akkevittflaska fr\u00e5 Duluth som eg hadde tenkt til han, og noko slikt takka han p\u00e5 ingen m\u00e5te nei til. Vi ringde s\u00e5 denne bod\u00f8dama nede i Readstown, og dette ser eg veldig fram til. Ho har ei dotter p\u00e5 16 som er noks\u00e5 god p\u00e5 norsk, i tillegg har ho ein 5-\u00e5ring som ogs\u00e5 kan litt norsk. Dette b\u00f8r bli moro. Eg hadde h\u00e5p om at vi kunne m\u00f8tast no i helga, men mannen hennar har nettopp kome heim fr\u00e5 jobbreise, og da m\u00e5 sj\u00f8lvsagt familien ha f\u00f8rsteprioritet. Men neste helg skal vi m\u00f8tast, og det b\u00f8r kunne bli bra, det er trass alt ikkje s\u00e5 ofte at vi pr\u00e6rielingvistar m\u00f8ter norskspr\u00e5klege f\u00f8dd etter \u00e5rtusenskiftet. S\u00e5 f\u00e5r vi berre h\u00e5pe at det ikkje dukkar opp ting som gjer at dei endrar planar.<\/p>\n<p>Deretter reiste eg opp til Westby igjen, ein liten tur innom Dregne-st\u00e5ret h\u00f8yrer jo med f\u00f8r ein finn arbeidsplassen sin p\u00e5 motellet. Denne dagen g\u00e5r heilt klart ikkje inn som eit h\u00f8gdepunkt i pr\u00e6rielingvistikken, men no er eg i det minste litt meir ajour n\u00e5r det gjeld jobbrelaterte ting.<\/p>\n<p>I morgon har eg heller ingen klare planar, men eg har eigentleg nok \u00e5 gjere, inkludert \u00e5 lage utspekulerte elisiteringsoppg\u00e5ver til tr\u00f8nderane i Lac Qui Parle. Dessutan har jo Dave\u2019s i La Crosse eitt og anna \u00e5 friste med. Men no er det snart sengetid her ute p\u00e5 flatbygdene.<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag har eg hatt ein sv\u00e6rt s\u00e5 roleg dag p\u00e5 pr\u00e6rien der eg ikkje i det heile har drive med feltarbeid, i staden har eg hatt \u00abgjemmekontor\u00bb og pusla med ulike jobbrelaterte ting. Dessutan var eg nok ogs\u00e5 litt &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/08\/fredag-3-2017-westby-coon-valley\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-416","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/416","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=416"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/416\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=416"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=416"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=416"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}