{"id":418,"date":"2017-11-03T04:45:18","date_gmt":"2017-11-03T04:45:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=418"},"modified":"2017-11-03T04:45:18","modified_gmt":"2017-11-03T04:45:18","slug":"torsdag-2-november-2017-westby-coon-valley-og-pomkiryggen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/03\/torsdag-2-november-2017-westby-coon-valley-og-pomkiryggen\/","title":{"rendered":"Torsdag 2. november 2017: Westby, Coon Valley og Pomkiryggen"},"content":{"rendered":"<p>Som vanleg vakna eg tidleg til meg \u00e5 vere \u2013 i seks-tida, og da kunne eg fortsette \u00e5 leggje planar for dei neste dagane. Eg fann da ut at eg skulle tilbake til gamle tomter, til Baltic i S\u00f8r-Dakota, der eg for tretti \u00e5r sidan m\u00f8tte mange fr\u00e5 Mer\u00e5ker. Dessutan hadde eg frykteleg lyst til \u00e5 sj\u00e5 Doran i Minnesota, der sv\u00e6rt mange verdalingar ein gong slo seg ned og grunnla kyrkjene Stiklestad og Vukku (med to k-ar). Og s\u00e5 var tanken min \u00e5 svippe nedom Starbuck og Glenwood, der det kan finnast nordfjordingar. Etter \u00e5 ha fors\u00f8kt \u00e5 ringe heim til mor (som ikkje svarte) og til medarbeidarar p\u00e5 jobb (der sambandet var frykteleg d\u00e5rleg) pakka eg kofferten og gjorde meg klar til \u00e5 sjekke ut. Da ringde Larry, han hadde nye informantar til meg og var lite viljug til \u00e5 h\u00f8yre om denne m\u00e5f\u00e5-turen inn i Dakota. Da var valet enkelt, eg forlenga opphaldet mitt her p\u00e5 motellet og k\u00f8yrde ned i Springdalen til Larry. Han var nede i garasjen da eg kom, klar for nye eventyr p\u00e5 pr\u00e6rien. Vi k\u00f8yrde f\u00f8rst ned til Coon Valley, der det skulle bu ein sogning. Og sogningar har vi s\u00e5 langt funne lite av, s\u00e5 det s\u00e5g eg verkeleg fram til. Dette var ein kar i 80-\u00e5ra som hadde vakse om i omr\u00e5det rundt Viroqua, men han hadde i mange \u00e5r arbeidd p\u00e5 m\u00f8lla i \u00abKonvalle\u00bb. Dette var ein interessant kar, men i spr\u00e5kleg samanheng litt merkeleg. Han snakka eigentleg ikkje norsk, men han hadde eit noks\u00e5 stort ordtilfang som han kunne ramse opp \u2013 og at dette var henta fr\u00e5 eit vestnorsk repertoar, var det liten tvil om. Han kunne ogs\u00e5 norske barneregler av ymse slag, men \u00e5 setje dette ordtilfanget til setningar, nei det v\u00e5ga han seg ikkje p\u00e5. Og \u00abfor the record\u00bb, ordet han hadde for \u00e5 g\u00e5 til fots, det var \u00abtravla\u00bb. Han er for \u00abbjug\u00bb til \u00e5 snakke norsk, sa Larry, og som vanleg er eg redd for at Larry har rett.<\/p>\n<p>Han varta opp med kaffi og br\u00f8d med sm\u00f8r, og vi hadde ei triveleg stund rundt kj\u00f8kkenbordet hans. Som sagt, det skal veldig mykje godvilje til for \u00e5 kunne seie at han snakka norsk, men p\u00e5 den andrer sida, det han fortalde var jo interessant nok. Etter ein dryg time heime hos han, sette Larry og eg kursen ned til restauranten Stockmans. Der kj\u00f8pte vi oss kj\u00f8ttsuppe (som var god), og vi s\u00e5g oss ogs\u00e5 litt rundt p\u00e5 alt som var hengt opp i tak og veggar. Det var uhorveleg mange utstoppa hjortehovud her, Larry kunne da fortelje at denne samlinga var resultatet av at kvinnfolka har vetorett i heimen: karfolka hadde alts\u00e5 deponert desse praktstykka her for \u00e5 f\u00e5 fred p\u00e5 heimebane &#8211; det er eigentleg ikkje s\u00e5 veldig vanskeleg \u00e5 forst\u00e5 kvinnfolka her. Dessutan var det mange interessante og flotte foto p\u00e5 veggane. Her var det mellom anna eit stort foto av Otis, far til Larry, som stod med banjoen sin \u2013 han var akkurat slik eg hugsar han. Og p\u00e5 ein annan vegg hang det eit \u00abportrett\u00bb av Haugen-karane som dreiv og hogg ved. Vakkert! Eg m\u00f8tte ogs\u00e5 syster til Larry , ho arbeider her, men kan (dessverre for meg) ikkje snakke norsk. Ogs\u00e5 det s\u00e5g ut til \u00e5 vere ei triveleg dame.<\/p>\n<p>Vi hadde litt god tid f\u00f8r neste avtale, s\u00e5 eg fekk full omvising i downtown Coon Valley (noko som er fort gjort); vi var innom det gamle, legendariske Anderson-st\u00e5ret, som no har vorte antikk-butikk, og ogs\u00e5 butikken der mennonittane har utsal av ulike eksotiske matvarer: Her kan ein faktisk\u00a0sikre seg\u00a0honning p\u00e5 16-litersdunkar (4 gallon), om ein no nokon gong skulle\u00a0f\u00e5 bruk for slike kvantum.<\/p>\n<p>Deretter k\u00f8yrde vi opp S\u00f8rryggen og til Pomkiryggen, der vi skulle m\u00f8te ein ny kar, Orville p\u00e5 90. Og dette var ein veldig vital herremann, han h\u00f8yrde kanskje ikkje s\u00e5 veldig godt, men s\u00e5 lenge han snakka, var ikkje det eit stort problem. Igjen forsto han ikkje meg s\u00e5 veldig godt (no har eg nesten mista alt av sj\u00f8lvtillit som feltarbeidar p\u00e5 pr\u00e6rien), men Larry var velvillig tolk, og da gjekk det meste greitt. Vi sat der ei god stund, og Larry har no vore med meg s\u00e5 lenge at han fungerer som fullverdig pr\u00e6rielingvist, og da er det ikkje noko problem. Han kjenner sp\u00f8rsm\u00e5la mine og klarer fint \u00e5 gjere alt dette p\u00e5 eiga hand. I tillegg synest han at det er frykteleg moro, og det er utan tvil ogs\u00e5 noko som kjenneteinar oss pr\u00e6rielingvistar. Det var veldig moro \u00e5 h\u00f8yre dei to prate saman, og Orville var sv\u00e6rt god til \u00e5 snakke norsk. Igjen s\u00e5 var dette kvalitetstid p\u00e5 pr\u00e6rien!<\/p>\n<p>I firetida kunne eg k\u00f8yre Larry heim, deretter var eg f\u00f8rst oppom Norskedalen berre for \u00e5 g\u00e5 meg ein liten tur (som nysl\u00e5tt medlem b\u00f8r ein jo f\u00e5 litt utbytte av medlemskapet), deretter var eg innom kyrkjegarden i Konvalle for \u00e5 leite etter kjente graver. Og familienamna her, ogs\u00e5 p\u00e5 dei nyare gravene, var stort sett norske. Det er veldig merkeleg \u00e5 g\u00e5 her p\u00e5 eit heilt anna kontinent \u00e5 sj\u00e5 namn som ein kjenner fr\u00e5 \u00abgamlelandet\u00bb. Til og med gravsteinen til den siste informanten var der, ferdig med inngravering \u2013 det einaste som mangla var d\u00f8dsdatoen. Halloween er ein ting, men dette \u2026.?<\/p>\n<p>P\u00e5 denne turen har eg sv\u00e6rt store problem med \u00e5 ta kopi av materialet som eg samlar, det ser ut til \u00e5 vere eit problem med SD-porten p\u00e5 datamaskina mi. Og dette kan eg absolutt ikkje leve med. Heldigvis har eg eit sv\u00e6rt stort minne kort i kameraet denne gongen, men lell. Derfor tok eg turen ned til La Crosse no i ettermiddag for \u00e5 f\u00e5 hjelp p\u00e5 Best Buy. Eg fann lett fram p\u00e5 gamle tomter, og etter litt fram og tilbake kom eg ut av denne sjappa med b\u00e5de ny kabel og ein ekstern SD-port \u2013 og denne gongen fungerer det. P\u00e5 tur tilbake til Westby stoppa eg innom Family-st\u00e5ret (som no har bytta namn til Festival), og p\u00e5 lik\u00f8r-avdelinga der tenkte eg \u00e5 kj\u00f8pe med ei flaske akkevitt til Larry: han er ein kar som gjenre vil pr\u00f8ve nye ting, og i det siste har eg misjonert litt for f\u00e5rik\u00e5l, og det vil han sv\u00e6rt gjerne pr\u00f8ve \u00e5 lage sj\u00f8lv. Ken kva er vel f\u00e5rik\u00e5l utan ein liten skvett med akkevitt? Og etter mykje leiting (og til slutt hjelp fr\u00e5 klerken) fann eg ei flaske. Og denne akkevitten m\u00e5 eg seie at eg er sv\u00e6rt nysgjerrig p\u00e5, for dette er noko som heiter \u00d8vrevann Aquavit, og det er produsert oppe i Duluth. Vi f\u00e5r h\u00e5pe og tru at det er greie saker \u2013 prisen var i alle h\u00f8ve veldig norsk.<\/p>\n<p>No er eg tilbake p\u00e5 motellet i Westby igjen, og etter eit godt fiskem\u00e5ltid p\u00e5 restauranten her sit eg no her p\u00e5 rommet mitt og lurer p\u00e5 kva eg skal finne p\u00e5 i morgon. Eg har desse ungfolka i Redstown som eg vil snakke med, i tillegg har Larry avtalar for meg p\u00e5 m\u00e5ndag. Det ser derfor ut til at eg f\u00e5r sl\u00e5 meg til her i byen no i helga, og det kan vere greitt nok det. I morgon trur eg at eg m\u00e5 etablere litt kontor igjen, det er nok av ting p\u00e5 jobb som eg m\u00e5 ta tak i, dessutan skal eg snart ha nettundervisning i pr\u00e6rienorsk som eg m\u00e5 f\u00f8rebu, og eg b\u00f8r ogs\u00e5 tenke litt n\u00e6rare p\u00e5 kva eg skal gjere med desse tr\u00f8nderane mine i Minnesota: m\u00e5let mitt med dei er mellom anna \u00e5 sj\u00e5 litt n\u00e6rare p\u00e5 pr\u00e6rie-apokope, og da b\u00f8r eg nok lage eitt eller anna i sjangeren utspekulert elisitering. Vi f\u00e5r sj\u00e5 kva det blir til. Men no er klokka over 11, og eg er stuptr\u00f8ytt. Neste post p\u00e5 programmet er derfor senga.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Som vanleg vakna eg tidleg til meg \u00e5 vere \u2013 i seks-tida, og da kunne eg fortsette \u00e5 leggje planar for dei neste dagane. Eg fann da ut at eg skulle tilbake til gamle tomter, til Baltic i S\u00f8r-Dakota, der &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/03\/torsdag-2-november-2017-westby-coon-valley-og-pomkiryggen\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-418","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/418","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=418"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/418\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=418"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=418"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=418"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}