{"id":42,"date":"2010-09-27T01:41:16","date_gmt":"2010-09-27T01:41:16","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=42"},"modified":"2010-09-27T01:41:16","modified_gmt":"2010-09-27T01:41:16","slug":"s%c3%b8ndag-26-september-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/27\/s%c3%b8ndag-26-september-westby\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 26. september: Westby"},"content":{"rendered":"<p>I dag har eg avslutta innsamlingsarbeidet her, og finalen som feltarbeidar vart ikkje s\u00e5 \u201dgrand\u201d som eg eigentleg hadde h\u00e5pa p\u00e5.<\/p>\n<p>Dagen starta bra, klokka 10 var eg nedom Mr Iverson for \u00e5 hente han, vi skulle p\u00e5 messe i \u201dVanilje -kyrkja\u201d her i byen. Det er to opphavleg norske kyrkjer her i byen, det andre er \u201dSjokolade-kyrkja\u201d. Grunnen til at det er to slike kyrkjer her i byen, er litt uklar for meg, men det har nok noko \u00e5 gjere med ueinigheit og uvennskap av eit eller anna slag for rundt hundre \u00e5r sidan. Norsk-amerikanarane har ikkje alltid gjort livet lett for seg sj\u00f8lv. Sj\u00f8lve gudstenesta har eg ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 seie om, anna enn at det var ei gudsteneste slik slike gudstenester gjerne bruker \u00e5 vere. Det einaste er kanskje preika sentrerte rundt noko Archie i Skogdalen hadde sagt til presten for nokre dagar sidan. Archie er tydelegvis ein klok mann. Dessutan ga salmemelodiane meg litt andre assosiasjonar enn kva dei andre sikkert fekk. Dei starta med bordverset, deretter kom \u201dP\u00e5skemorgen\u201d, og dei runda av med ein julesong. <\/p>\n<p>Etter at messa var ferdig, vart eg introdusert for noks\u00e5 mange norskspr\u00e5klege, og dei fleste av dei var sv\u00e6rt s\u00e5 st\u00f8 i norsken. Alle klaga p\u00e5 at dei ikkje har nokon \u00e5 snakke norsk med lenger, men det synest eg er litt rart, sidan alle rundt meg snakka norsk da. At dei ogs\u00e5 kanskje kunne snakke norsk til kvarandre, var tydelegvis ein utenkt tanke. Deretter gjekk turen opp til Borgens for \u00e5 ete middag, og igjen m\u00f8tte eg noks\u00e5 mange som kom bortom og gjerne ville snakke norsk med meg. S\u00e5 i dag har eg sikkert m\u00f8tt eit lite tjuetal med norskspr\u00e5klege som eg ikkje kjente til fr\u00e5 f\u00f8r. Dessverre reiser eg i morgon, elles skulle eg ha gjort opptak av nokre av desse ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Etter middagen k\u00f8yrde eg tilbake til motellet, der skulle eg f\u00e5 bes\u00f8k av fire vossingar, men berre to av dei dukka opp. Det litt s\u00f8rgjelege var at dei to som eg var mest interessert i, ei dame i 40-\u00e5ra og far hennar, som hadde bakgrunn fr\u00e5 Nordfjord, ikkje kom. F\u00f8rti\u00e5ringar som har vakse opp med norsk her i Midtvesten, er ikkje kvardagskost i dag. Dei som dukka opp, var ein 87-\u00e5rig sogning fr\u00e5 Viroqua, i tillegg til kontaktpersonen min der, ei dame i 50-\u00e5ra som hadde l\u00e6rt seg nokre ord, hovudsakleg gjennom \u00e5 ta kurs. Interessant her var sogningen, men det gjekk ikkje meir enn h\u00f8veleg bra. Han kunne rett nok snakke litt, men han sleit med \u00e5 finne ord n\u00e5r han skulle snakke, og da glei det fort over til engelsk. Dessutan forsto han lite av det eg sa, sj\u00f8lv n\u00e5r eg pr\u00f8vde \u00e5 diftongere vokalar som opphavleg var lange i norr\u00f8nt. Likevel var det interessant \u00e5 h\u00f8yre at n\u00e5r sogningane i Viroqua ville ha engelsk i standen for norsk i kyrkja, s\u00e5 kom det av at dei ikkje forsto presten og det norske kyrkjespr\u00e5ket. Vi sat ein times tid her og snakka, men som sagt, dette vart ikkje heilt som eg hadde vona. Etter at dei hadde reist, ringt eg til ein som eg hadde pr\u00f8vd \u00e5 kontakte tidlegare, ein farmar som budde utafor Westby. Men han var lite lysten p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 stemmen sin foreviga, s\u00e5 han takka h\u00f8fleg nei til noko slikt. <\/p>\n<p>No i kveldinga har eg s\u00e5 sm\u00e5tt gjort meg klar for \u00e5 reise herifr\u00e5. I morgon har eg ikkje noko program anna enn at eg er invitert p\u00e5 frukost til The Iversons. Dei har verkeleg gjort det dei kan for meg desse dagane. Dessutan b\u00f8r eg ta ein tur innom Larry i Springdalen for \u00e5 ta avskil med han ogs\u00e5. Ut over det veit eg ikkje heilt, anna enn at eg skal ta vegen i retning mot Minneapolis da. Om eg k\u00f8yrer heilt fram, eller om eg tek inn p\u00e5 eit motell p\u00e5 vegen, veit eg ikkje heilt enno.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagane mot slutten her i Westby.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag har eg avslutta innsamlingsarbeidet her, og finalen som feltarbeidar vart ikkje s\u00e5 \u201dgrand\u201d som eg eigentleg hadde h\u00e5pa p\u00e5. Dagen starta bra, klokka 10 var eg nedom Mr Iverson for \u00e5 hente han, vi skulle p\u00e5 messe i &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/27\/s%c3%b8ndag-26-september-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-42","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=42"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=42"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=42"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=42"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}