{"id":425,"date":"2017-11-08T03:09:23","date_gmt":"2017-11-08T03:09:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=425"},"modified":"2017-11-08T03:09:23","modified_gmt":"2017-11-08T03:09:23","slug":"laurdag-4-november-og-sondag-5-november-2017-westby-la-crosse-norskedalen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/08\/laurdag-4-november-og-sondag-5-november-2017-westby-la-crosse-norskedalen\/","title":{"rendered":"Laurdag 4. november og s\u00f8ndag 5. november 2017: Westby, La Crosse, Norskedalen"},"content":{"rendered":"<p>Heller ikkje i helga fekk eg gjort feltarbeid, laurdag vakna eg ikkje f\u00f8r klokka var litt over sju, eg l\u00e5g litt og dorma medan eg h\u00f8yrde p\u00e5 radio fr\u00e5 gamlelandet og las litt i avisene. Ute var det gr\u00e5tt og regna, og det var ikkje ver som frista til uteaktivitetar. Likevel sette eg kursen ned til La Crosse sentrum for \u00e5 g\u00e5 meg ein tur p\u00e5 \u00abmemory lane\u00bb. Her nede brukte vi \u00e5 vere mykje i helgene for 30 \u00e5r sidan, men sj\u00f8lv om eg i og for seg klarte \u00e5 kjenne igjen meg, var det p\u00e5 ingen m\u00e5te slik eg hugsa det. Den gongen gjekk det ord om at 3rd Street var den gata i Statane som hadde flest barar, men det kan umuleg stemme i dag, f\u00e5r gata var eigentleg stusslege greier. Og det var heller ikkje s\u00e5 overvettes mange butikkar her. Men p\u00e5 Dave\u2019s guitar shop var det noko anna, ein kan sikkert seie mykje rart om denne sjappa til Dave, men stussleg er det ikkje. Her heng det hundrevis av gitarar p\u00e5 stativ og veggar, sortert etter fabrikat og modell. Eg kjenner ikkje til noko som kan m\u00e5le seg med dette, og det er eigentleg fryktleg rart at det er muleg \u00e5 drive noko slikt i ein sm\u00e5by mindre enn Fredrikstad. Og butikken er ogs\u00e5 bygd p\u00e5 sidan sist eg var her, s\u00e5 det er nok ingen grunn til \u00e5 tru at dette g\u00e5r d\u00e5rleg. Etter \u00e5 ha sett meg litt rundt i byen, k\u00f8yrde eg opp til Larry igjen, men han var ikkje heime. Og da var det ikkje s\u00e5 mykje anna \u00e5 gjere enn \u00e5 reise tilbake til motellet for \u00e5 setje seg p\u00e5 \u00abgjemmekontoret\u00bb igjen. Og s\u00e5 mykje meir er det vel ikkje \u00e5 fortelje om den dagen.<\/p>\n<p>S\u00f8ndagen representerte heller ikkje noko l\u00f8ft for pr\u00e6rielingvistikken. Etter \u00abp\u00e5ss\u00e5-frukost\u00bb k\u00f8yrde eg igjen ned til Norskedalen for \u00e5 sj\u00e5 kva dei hadde \u00e5 by p\u00e5, og det var eigentleg ikkje s\u00e5 veldig mykje. Der var vi 3-4 personar, og museumsomr\u00e5det var stengt p\u00e5 grunn av hjortejakt. For \u00e5 skaffe nokre kroner i kassa auksjonerer dei ut jaktrettar i omr\u00e5det til folk som vil drive med \u00abb\u00e5gg\u00e5hunting\u00bb, og da er det nok tryggast for alle partar at turg\u00e5arar ikkje fer rundt i omr\u00e5det. Uansett, eg kunne sitje der eit par timar og arbeide f\u00f8r eg igjen pr\u00f8vde meg nede hos Larry. Og som i g\u00e5r var den karet ute p\u00e5 eiga hand. Eg fann da ut at eg kunne fors\u00f8ke \u00e5 gjere opptak av nokre av dei \u00abgamle\u00bb informantane vi har. Eg reiste derfor over til Erma, men ho var oppteken \u2013 ho hadde bes\u00f8k. Og betre gjekk det heller ikkje da eg pr\u00f8vde meg hos Sam, for han ville helst sj\u00e5 p\u00e5 fotball p\u00e5 TV i staden for \u00e5 snakke med slike som eg. Og det burde eg eigentleg vite: s\u00f8ndag ettermiddag er nesten ekstra heilag i desse kantane av verda, for da speler gjerne Greenbay Packers kamp. Og er det noko som gil livet innhald i her borte, s\u00e5 er det kampane til Packers. Javel, eg kan vanskeleg f\u00e5 stoppa desse kampane, s\u00e5 det einaste eg da kunne gjere, var \u00e5 trekke meg tilbake til motellet igjen og vente p\u00e5 betre tider. Eg fekk ogs\u00e5 retta klokka mi, eg fann ut dei ogs\u00e5 her har stilt om til vintertid. Og etter middag p\u00e5 restauranten tok eg relativt tidleg kveld, for morgondagen har eit tett program.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Heller ikkje i helga fekk eg gjort feltarbeid, laurdag vakna eg ikkje f\u00f8r klokka var litt over sju, eg l\u00e5g litt og dorma medan eg h\u00f8yrde p\u00e5 radio fr\u00e5 gamlelandet og las litt i avisene. Ute var det gr\u00e5tt og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/08\/laurdag-4-november-og-sondag-5-november-2017-westby-la-crosse-norskedalen\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-425","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/425","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=425"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/425\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=425"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=425"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=425"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}