{"id":427,"date":"2017-11-08T03:09:54","date_gmt":"2017-11-08T03:09:54","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=427"},"modified":"2017-11-08T03:09:54","modified_gmt":"2017-11-08T03:09:54","slug":"mandag-6-november-westby-wanamingo-marshall","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/08\/mandag-6-november-westby-wanamingo-marshall\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag  6. november: Westby, Wanamingo, Marshall"},"content":{"rendered":"<p>I dag har vore ein noks\u00e5 hektisk dag. Larry hadde time hos doktoren i \u00abVerr\u00e5ki\u00bb i dag i ni-tida, derfor skulle vi m\u00f8tast klokka \u00abh\u00e6lv over ti\u00bb for \u00e5 starte feltarbeid igjen, han hadde fleire mulege kandidatar som han alt hadde gjort avtale med. Eg fsann derfor ut at eg skulle innom skolen i Westby for \u00e5 finne ut om det kunne vere muleg \u00e5 etablere ein eller annan type praksisavtale for l\u00e6rarstudentane v\u00e5re i Halden. Men skolesjefen var oppteken, eg m\u00e5tte kome tilbake klokka eitt. Eg var derfor innom Dregne-st\u00e5ret for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 samlinga dei har av ulike typar norskamerikansk krimskrams f\u00f8r eg reiste tilbake til motellet for \u00e5 vente p\u00e5 Larry. Det tok ikkje mange minutta f\u00f8r han dukka opp, og da kunne vi k\u00f8yre til West Avenue, der det skulle vere eit par som snakka norsk. Kona opna d\u00f8ra, og dette s\u00e5g da veldig lovande ut, sidan det var umiskjenneleg lukt av lefsesteiking som m\u00f8tte oss. Og dette var dame som dreiv stort, s\u00e5 langt i \u00e5r hadde ho brukt nesten 300 kilo potet til \u00e5 lage lefse. Spr\u00e5kleg vart dette heller magert, kan ein seie, det var frykteleg vanskeleg \u00e5 f\u00e5 noko ut av dei, sj\u00f8lv om Larry verkeleg gjorde s\u00e5 godt han kunne. \u00abDom e messom bljuge\u00bb, konstanterte han da vi gjekk mot bilen. Jaja, det er ingenting \u00e5 gjere med slikt. Vi gjekk da innom naboane, Ron og Sandra, for Sandra hadde lova ut kaffi og sandwich, og ein matbit kan jo vere greitt \u00e5 f\u00e5 med seg f\u00f8r ein f\u00f8rer forskingsfronten vidare framover. Dei hadde vore p\u00e5 busstur til Missouri i helga og hadde mykje \u00e5 berette. I eitt-tida m\u00e5tte eg ein snartur tilbake til skolen, sidan eg hadde avtale med skolesjefen der, og han var veldig positiv \u2013 sj\u00f8lv om han ikkje hadde norsk bakgrunn. Men internasjonalisering var han veldig oppteken av. Det einaste som bremsa han litt, var at dette m\u00e5tte gjennom skolestyret, i tillegg ville han ikkje leggje band p\u00e5 ein ny sjef som han h\u00e5pa ville vere p\u00e5 plass i l\u00f8pet av eit \u00e5rs tid. Men han s\u00e5g heller ingen grunn til at dette ikkje skulle vere muleg \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass.<\/p>\n<p>Etter ein interessant samtale henta eg Larry, og s\u00e5 reiste vi inn i sentrum igjen, til eit anlegg for pensjonistar. Og der var det samle tre-fire smilande norskamerikanarar. \u00abVertinna\u00bb hadde spela \u00abkordin\u00bb i Norskedalen\u2019s Trio, og ho gjorde sitt beste for \u00e5 snakke norsk. Rusten var det, og ho sleit med \u00e5 finne orda, men skitt au \u2013 ho snakka i det minste norsk. Det kom ogs\u00e5 to andre som skulle vere gode p\u00e5 norsk, men for meg hjelper det lite n\u00e5r dei er \u00abbljuge\u00bb og ikkje vil snakke det. Derimot var det ein gammal farmar som s\u00e5g bortom, og han var ikkje heilt ueffen til \u00e5 snakke norsk. Dessutan kon det eit par andre bortom som ogs\u00e5 ville sj\u00e5 p\u00e5 denne seansen. Igjen, kanskje ikkje eit h\u00f8gdepunkt i livet som pr\u00e6rielingvist, men greitt nok. Larry har gjort s\u00e5 godt han har kunna for \u00e5 finne nye folk som kan snakke norsk, og det er dessverre tydeleg at no tek vi til \u00e5 skrape botnen. Elles var \u00abvertinna\u00bb veldig oppteken av \u00e5 vise fram ting \u2013 ho henta ein CD-spelar slik at vi kunne f\u00e5 h\u00f8yre smakebitar av Norskedalen Trio\u2019s repertoar, ho henta ulike utklippsb\u00f8ker som ho gjerne ville vise fram, og eg hadde sikkert vore der enno og bladd i gamle album dersom eg ikkje skulle p\u00e5 langferd. Marshall ligg nesten 500 kilometer vest for Westby, klokka var over fire, og i tillegg hadde eg avtale om \u00e5 sj\u00e5 innom Irene og Sigurd i Wanamingo. Eg m\u00e5tte derfor takke for meg og kome meg vidare.<\/p>\n<p>Litt forsinka kom eg fram til Wanamingo og fann utan vanskar det nye huset som Irene og Sigurd har kj\u00f8pt seg i Wanamingo, det var artig \u00e5 m\u00f8te dei igjen, og dei har f\u00e5tt seg eit fint hus. Men det kunne sj\u00e5 ut som om Sigurd stura litt etter flyttinga, farmen dei hadde flytta fr\u00e5, var trass alt barndomsheimen hans. I det heile var han sv\u00e6rt stille, men Irene kompenserte godt. Ho hadde invitert meg p\u00e5 \u00abs\u00f8ppel\u00bb, og det var godt \u00e5 f\u00e5 litt \u00abvanleg\u00bb mat igjen \u2013 sj\u00f8lv om ho ogs\u00e5 opererte med rimeleg store porsjonar. Etter eting og sm\u00e5prat starta eg opp opptakaren min og pr\u00f8vde ut det uvanleg utspekulerte elisiteringsverktyet som eg har snikra saman i det siste for \u00e5 kunne dokumentere cirkumfleks. For s\u00e5 langt som eg no er i stand til \u00e5 vurdere, var det sv\u00e6rt lite cirkumfleks \u00e5 finne hos desse to. Der rauk eigentleg hypotesen min, men det f\u00e5r s\u00e5 vere. I \u00e5tte-tida i kveld takka eg for meg og sette inn GPS-en mot Marshall. Det var drygt tre timar som venta meg, og sj\u00f8lv om det var m\u00f8rt, var det ikkje vanskeleg \u00e5 sj\u00e5 at eg no bevega meg inn i eit vinterlandskap. Vegane var framleis greie, men i vegkanten l\u00e5g det eit lag med sn\u00f8. Om bilturen er det ikkje s\u00e5 veldig mykje \u00e5 fortelje, GPS-en losa meg trygt inn til Marshall. No har eg f\u00e5tt vaska klede her p\u00e5 motellet, klokka er sikkert over eitt, men i morgon har eg avtale i eitt- tida p\u00e5 museet i Madison, og det er ein dryg time herifr\u00e5, s\u00e5 skal eg klare fint. Og der ventar b\u00e5de gamle og nye \u00abtrondhjemmera\u00bb. S\u00e5 f\u00e5r eg sj\u00e5 kva eg finn p\u00e5 onsdagen, da f\u00e5r eg kanskje pr\u00f8ve meg i Baltic, der eg for ein mannsalder sidan fann mange fr\u00e5 Mer\u00e5ker. Korleis det er no, derimot \u2026.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her i vinterlandskapet&#8230;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag har vore ein noks\u00e5 hektisk dag. Larry hadde time hos doktoren i \u00abVerr\u00e5ki\u00bb i dag i ni-tida, derfor skulle vi m\u00f8tast klokka \u00abh\u00e6lv over ti\u00bb for \u00e5 starte feltarbeid igjen, han hadde fleire mulege kandidatar som han alt &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/08\/mandag-6-november-westby-wanamingo-marshall\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-427","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=427"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=427"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=427"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=427"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}