{"id":434,"date":"2017-11-10T03:27:26","date_gmt":"2017-11-10T03:27:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=434"},"modified":"2017-11-10T03:27:26","modified_gmt":"2017-11-10T03:27:26","slug":"onsdag-8-november-2017-appleton-campbell-swift-falls-appleton-sioux-falls","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/10\/onsdag-8-november-2017-appleton-campbell-swift-falls-appleton-sioux-falls\/","title":{"rendered":"Onsdag 8. november 2017: Appleton, Campbell, Swift falls, Appleton, Sioux Falls"},"content":{"rendered":"<p>Dette har vore ein heildag p\u00e5 &laquo;r\u00e5den&raquo; &#8211; dessverre resulterte det ikkje i nye opptak. Eg vakna litt over sju, fekk meg litt &laquo;p\u00e5ss\u00e5mat&raquo; (moteller her gjer ingen fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 servere anna enn tynn, pissly kaffi). Og no hadde eg ogs\u00e5 ein slags plan, sj\u00f8lv om han nok ikkje var god. Jimmy har tydelegvis g\u00e5tt i dekning og vil ikkje snakke, og da f\u00e5r det vere som det vil med han. Kevin s\u00e5g ikkje bort fr\u00e5 at han kunne vere litt skeptisk til \u00e5 bli utsett for hardhendt lingvistisk feltarbeid. Vi f\u00e5r sj\u00e5 om eg nokon gonk klarer \u00e5 tivnge denne karen i kne.<\/p>\n<p>GPS-en vart derfor stilt inn mot Campbell, ei lita grend ein halvanna time nordvest for Appleton. Og grunnen til at eg ville dit, var p\u00e5 ingen m\u00e5te lingvistisk &#8211; derimot privat: p\u00e5 1890-talet busette gammalonkelen min seg her i str\u00f8ket, og om &laquo;www.findagrave.com&raquo; er til \u00e5 lite p\u00e5, s\u00e5 skal det ogs\u00e5 finnast eit par Hjelde-graver her. Turen oppover gjekk fint, det var kl\u00e5rvel, men noks\u00e5 kaldt &#8211; 3-4 &laquo;norske&raquo; kuldegrader. Etter \u00e5 ha rota litt fann eg til slutt fram til Vukku Lutheran Church: s\u00e5 det var alts\u00e5 her mange fr\u00e5 Vuku, inkludert &laquo;skyldfolket&raquo; mitt pr\u00f8vde seg f\u00f8r det reiste vidare til den nord-vestre delen av Nord-Dakota. Kyrkjegarden avr ikkje s\u00e5 veldig stor, derfor hadde eg god von om \u00e5 finne desse Hjelde-gravene, men dessverre, dei var ikkje der. Mange av gravsteinane var berre ei plate lagt inn i bakken, og mange av desse var meir eller mindre gjenvokse med gras.<\/p>\n<p>Dermed venta neste post p\u00e5 programmet, Swift Falls, der det etter det dei seier skal finnast nordfjordingar. Det var eit par timar \u00e5 k\u00f8yre dit, men vegane er rette og gode her borte, Beatles underheld p\u00e5 radioen ( n\u00e5r eg blir litt lei av Fab4 byttar eg til Public Radio), bilen er varm, medan det ute er surt og kaldt, s\u00e5 i eitt-tida passerte eg Swift Falls utan heilt \u00e5 merke det. For eit par \u00e5r sidan fekk eg kontaktinfo til ein nordfjording som hadde vakse opp her, tidlegare har eg ringt han utan \u00e5 f\u00e5 svar, men denne gongen fann eg ingen info om han i telefonkatalogen, og det er kanskje ikkje eit godt teikn. Han var heller ikkje \u00e5 finne som obituaries, men han kan sikkert strykast fr\u00e5 rullane v\u00e5re. Derfor hadde eg ingen til \u00e5 hjelpe meg, og det b\u00f8r ein nok ha her p\u00e5 pr\u00e6rien. Swift Falls er prim\u00e6rt ei lita klynge med hus, i tillegg til ei kyrkje og ein bar. Det var mange bilar framfor baren, og ingen framfor kyrkja, s\u00e5 valet var &laquo;isigt&raquo; &#8211; det var baren. Her inne sat det farmarar i sin beste alder (dvs p\u00e5 lag som eg), og ved disken sat ein kar eit stykke opp i 70-\u00e5ra, med eit par tomme \u00f8lglas framfor seg. Og medan han bestilte det tredje, fann eg ein traust hamburgar i menyen. Karen ved sida av meg ville gjerne prate, og han lura da p\u00e5 kor eg var fr\u00e5 &#8211; eigentleg eit godt sp\u00f8rsm\u00e5l, sidan eg vanskeleg kan tru at det er s\u00e5 mange som er som eg og skriv Swift Falls inn p\u00e5 GPS-en og har denne plassen som m\u00e5l. Etter litt laust og fast om ver og maisdyrking, pr\u00f8vde eg meg p\u00e5 om det var mange &laquo;norskerar&raquo; irundt denne plassen.. Joda, det var da det, kunne han fortelje, inkludert han sj\u00f8lv. S\u00e5 lurte eg litt p\u00e5 om det fanst nokon som kunne snakke norsk. Joda, denne karen kunne ikkje anna enn norsk f\u00f8r han starta p\u00e5 skolen. &laquo;Og e e go tel \u00e5 banne p\u00e5 norsk&raquo;, sa han. Dette var jo verkeleg lovande. Og vi snakka litt, som han Ola fr\u00e5 Sandefjord &#8211; &laquo;det gikk p\u00e5 engslek og norsk&raquo;. S\u00e5 bar eg fram erendet mitt &#8211; eg dreiv og gjorde opptak av dei som enno snakka norsk. Akkurat det var ein veldig effektiv m\u00e5te \u00e5 setje sluttstrek for nrosk-pratinga. Plutseleg kjente han ingen som snakka norsk, dessutan m\u00e5tte han snart til traktoren ute p\u00e5 &laquo;filda&raquo; igjen. S\u00e5 det eg eigentleg fekk ut av han f\u00f8r rullegardina gjekk ned, var at det skal finnast fleire som enno kan snakka norsk her (tidlegare var det ogs\u00e5 mange oppe mot Hammock), og det skal ogs\u00e5 finnast ein norskf\u00f8dd dame her ein eller annan stad. Men der stoppa det, og da eg var ein snartur innom toalettet, nytta denne karen h\u00f8vet til \u00e5 snike seg unna. Uansett, trass i ein litt uheldig tilfeldig kontakt som gjekk i vrangl\u00e5s, s\u00e5 kan det sikkert vere noko \u00e5 finne her &#8211; berre ein ahr kontaktar: ut fr\u00e5 det eg har h\u00f8yrt, dreiv deg med norsk konfirmasjon her fram til rundt 1950, og da skulle ein jo ogs\u00e5 vente \u00e5 finne ein og annan som framleis kan snakke det. Hmmm&#8230;.<\/p>\n<p>Etter ein einest\u00e5ande kaloririk burga i Swift Falls, k\u00f8yrde ned til Appleton igjen for \u00e5 levere fr\u00e5 meg opptak til County-museet her. Det har vore sv\u00e6rt hjelpsame med meg n\u00e5r eg har gjort desse intervjua, og eg synest ogs\u00e5 der er fint at spr\u00e5k g\u00e5r inn som ein del av museumssamlinga.<\/p>\n<p>No er planen min \u00e5 leite i omr\u00e5det rundt Sioux Falls etter fleire, derfor sette eg kursen ned dit. P\u00e5 vegen nedover vart det mildare, og vel framme var det faktisk 4 C, det kjennest behageleg etter den sure vinden Minnesota kunne by p\u00e5. Eg hadde ikkje bebstilt motell her, og det skulle vise seg \u00e5 vere ei utfordring, i tillegg til at eg var i ferd med \u00e5 g\u00e5 tom for bensin. Eg fann ein bensinstasjon og fekk fyllt opp, men nettet her virka ikkje, Derfor brukte eg litt tid p\u00e5 \u00e5 reise fr\u00e5 bensinstasjon til bensinstasjon, motell til motell for \u00e5 finne netttilgang. Endeleg ordna det seg, eg fann eit OK motell heilt i vegkanten, og no sit eg p\u00e5 rommet mitt med p\u00e5ss\u00e5mat igjen, eg m\u00e5 ogs\u00e5 kopiere materialet f\u00f8r eg tek kvelden. Og i morgon blir det f\u00f8rst Baltic og Renner, deretter h\u00e5par eg p\u00e5 napp p\u00e5 Sons of Norway her i byen. Vi f\u00e5r sj\u00e5 korleis dette g\u00e5r.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan &#8230;.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette har vore ein heildag p\u00e5 &laquo;r\u00e5den&raquo; &#8211; dessverre resulterte det ikkje i nye opptak. Eg vakna litt over sju, fekk meg litt &laquo;p\u00e5ss\u00e5mat&raquo; (moteller her gjer ingen fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 servere anna enn tynn, pissly kaffi). Og no hadde &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/10\/onsdag-8-november-2017-appleton-campbell-swift-falls-appleton-sioux-falls\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-434","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/434","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=434"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/434\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=434"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=434"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=434"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}