{"id":438,"date":"2017-11-11T00:26:00","date_gmt":"2017-11-11T00:26:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=438"},"modified":"2017-11-11T00:26:00","modified_gmt":"2017-11-11T00:26:00","slug":"torsdag-9-november-2017-sioux-falls-baltic-renner-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/11\/torsdag-9-november-2017-sioux-falls-baltic-renner-westby\/","title":{"rendered":"Torsdag 9. november 2017: Sioux Falls, Baltic, Renner, Westby"},"content":{"rendered":"<p>Som pr\u00e6rielingvist har dette vore ein m\u00f8kkadag, kanskje eigentleg som venta. Eg hadde ei god natt p\u00e5 motellet i Sioux Falls, eg vakna i rimeleg tid, og etter ei stund forsto eg at eg hadde veldig god tid &#8211; klokka p\u00e5 rommet levde framleis i hawai-skjorte og bermudashorts, dvs. sommartid. Ute var det nok p\u00e5 ingen m\u00e5te temperatur for eit slikt antrekk, det var sol, men 8 kuldegrader og iskald nordavind. Eg gjekk ned og fekk meg frukost (som var litt betre enn kva ein vanlegvis finn p\u00e5 motell her p\u00e5 pr\u00e6rien), pakka &laquo;stoffet&raquo; mitt og sette kursen nordover mot Renner og Baltic. Her reiste eg rundt for 30 \u00e5r sidan og kunne finne mange som kunne snakke norsk. Landskapet som m\u00f8tte meg, var litt ulikt det eg kunne hugse, ned mot Red River-elva var det sv\u00e6rt s\u00e5 bakkete. Eg fann Renner, og eg fann ogs\u00e5 vegen vidare til Baltic. Ingen kan p\u00e5st\u00e5 at Baltic er ein storby &#8211; eg hadde vondt for \u00e5 kjenne meg igjen, og eg hadde ogs\u00e5 vondt for \u00e5 finne institusjonar her som gjorde at det var ein by, og ikkje berre ei husklynge. Joda, kornsiloen fann eg, og ogs\u00e5 baren der eg stakk innom for 30 \u00e5r sidan, og der ingen da hadde kjennskap til at dette samfunnet var norsk. Men eg fann ikkje gode hjelparar som bibliotek, posthus eller gammalheim. Eg k\u00f8yrde gate opp og gate ned (eller kanskje rettare &#8211; den eine gata opp og den andre ned), og eg er nesten sikker p\u00e5 at eg kjende igjen nokre av husa der informantane mine budde den gongen. Men alt av norsk &laquo;st\u00e6sh&raquo; var borte. Kort sagt, eg hadde ingen plass \u00e5 s\u00f8ke hjelp.<\/p>\n<p>Eg ga eigentleg opp prosjektet, i staden s\u00f8kte eg ut p\u00e5 bydgda der dei fleste med &laquo;trondhjem&raquo;-bakgrunn den gongen budde. Og ikkje minst, eg fann lett \u00d8stre Nidaros Kirke. Men det var ingen her. P\u00e5 turen opp hadde eg sett fleire bilar nede i Renner, og eg bestemte meg derfor for \u00e5 reise tilbake dit. I vegkrysset som er Renner l\u00e5g framleis den merkelege miksen av kj\u00f8ttutsal og bensinstasjon. Eg pr\u00f8vde meg inn der. Og dama bak disken var sv\u00e6rt s\u00e5 hjelpsam, sj\u00f8lv om ho ikkje heilt forsto kva eg var ute etter. Men ho gjekk inn p\u00e5 bakrommet til slaktaren sj\u00f8lv, og snart kunne eg melde behovet mitt for ein r\u00f8sleg kar, blodig i antrekket og men ein stor kniv i den eine handa. Joda, han var jo norsk, men han visste ikkje av nokon som kunne snakke norsk. Men eg burde ta meg ein tur ned til Renner-kyrkja, der kunne det vere nokon som kunne hjelpe meg. Eg takka for det gode r\u00e5det og sette kursen ned dit. Der var det tydelegvis &laquo;kvindeforening&raquo;, eit dusin kvinner sat rundt eit bort og sm\u00e5snakka. Eg presenterte meg og fortalte at eg var p\u00e5 jakt etter norskamerikanarar (&laquo;yeah, there is a lot of them here&raquo;, sa dei i kor f\u00f8r eg rakk \u00e5 fullf\u00f8re setninga) som framleis kan snakke norsk: &laquo;Nope, nobody around here&raquo;, sa dei da, &laquo;and if there were, they would be out on the field&raquo;.\u00a0S\u00e5 her var det lite hjelp \u00e5 f\u00e5. Men eg burde pr\u00f8ve meg i Vestre Nidaros Church, der kunne kanskje presten hjelpe meg. Eg takka for r\u00e5det og sette meg i bilen p\u00e5 jakt etter denne tredje kyrkja. Og etter litt fram og tilbake p\u00e5 grusvegane fann eg ogs\u00e5 fram dit.\u00a0Og der stod det ein bil framfor kyrkja, s\u00e5 her burde det kanskje vere h\u00e5p om \u00e5 f\u00e5 hjelp. Eg gjekk inn i kontor-delen, men der var det stengt. Sidan eg ogs\u00e5 var her inne for 30 \u00e5r sidan, tenkte eg at eg kunne ta ein titt inn i sj\u00f8lve kyrkjerommet for \u00e5 sj\u00e5 igjen det, og ogs\u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 finne folk. Og der fekk eg gleda av \u00e5 skremme livskiten av ei\u00a0dame som stod og t\u00f8rka st\u00f8v p\u00e5 prekestolen: da eg gl\u00f8tta innom d\u00f8ra og kremta litt hoppa ho h\u00f8gt i veret. Det var kanskje ikkje kvar dag at framandfolk s\u00e5g innom midt\u00a0p\u00e5 blanke formiddagen. Eg fortalte kven eg var og kva eg var p\u00e5 jakt etter, og da kunne ho melde at presten nettopp hadde\u00a0starta\u00a0ut, at ho var\u00a0ny her, av tysk opphav og\u00a0eigentleg fr\u00e5 Nord Dakota. Om eg ikkje misforstod heilt, s\u00e5 var dette prestefrua. Som sagt, ho var ny her, og det ho frykta mest, var at ho no sikkert vart n\u00f8ydd til \u00e5 ete lutefisk: For i denne delen av verda er det venta at gode lutheranarar skal ete lutefisk &#8211; gjerne i store porsjonar.\u00a0Og fortalde henne da om kva syn eg hadde p\u00e5 denne spesialiteten,\u00a0og dermed gjorde eg vel eigentleg lite for \u00e5 ta fr\u00e5 henne den angsten &#8230;<\/p>\n<p>Eg takka for meg og sette meg i bilen igjen for \u00e5 vurdere litt, det var sv\u00e6rt uvisst n\u00e5r presten ville vere tilbake, og sj\u00f8lv om han hadde noko som kunne likne p\u00e5 eit norsk namn, var han ny her og kjende neppe til spr\u00e5ksituasjonen i dette omr\u00e5det. Eg hadde ingen fleire plassar der eg kunne pr\u00f8ve meg. For 30 \u00e5r sidan\u00a0hadde postkassane namn, da kunne eg k\u00f8yre rundt p\u00e5 m\u00e5f\u00e5, leite opp farmar der eigaren hadde\u00a0eit norskklingande namn: no\u00a0er det berre &laquo;brann-nummer&raquo; som skal gjere det lettare for brannbilen \u00e5 finne fram, og\u00a0ei talrekke\u00a0hjelper lite for ein pr\u00e6rielingvist. Eg m\u00e5tte derfor\u00a0konkludere med\u00a0at\u00a0\u00e5 leite etter norskspr\u00e5klege ville vere &laquo;mission\u00a0impossible&raquo;. Og eigentleg var eg kanskje ikkje s\u00e5 veldig overraska over det negative utfallet. For to \u00e5r sidan kontakta eg sonen til det som for 30 \u00e5r sidan var kontakten min her, og han heller visste ikkje av folk som framleis kunne snakke norsk &#8211; med unntak av mora Belva, som den gongen hadde passert 100, og som no var &laquo;6 feet under&raquo;. Det mest fornuftige var derfor \u00e5 setje kursen tilbake til Wisconsin igjen.<\/p>\n<p>\u00c5 krysse Minnesota tek tid, rundt fem timar for \u00e5 vere n\u00f8yaktig. Eg stoppa som snarast p\u00e5 vegen for \u00e5 f\u00e5 meg ein matbit, og utp\u00e5 kvelden kunne eg kunne eg sjekke inn p\u00e5 motellet i Westby igjen. Det var ikkje rare greiene eg klarte \u00e5 skrape samamn p\u00e5 denne turen vest for Mississippi, skarve seks timar med opptak. Men slik er det av og til. Eg meldte meg for Larry, og han skulle pr\u00f8ve \u00e5 finne nokon som ville snakke i morgon. Westby og Coon Valley er eigentleg sikkerstikk i denne bransjen, her har eg kontaktar, og her er det framleis folk som kan snakke norsk, sj\u00f8lv om ein ogs\u00e5 her tek til \u00e5 skrape botnen\u00a0i tynna.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan &#8230;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Som pr\u00e6rielingvist har dette vore ein m\u00f8kkadag, kanskje eigentleg som venta. Eg hadde ei god natt p\u00e5 motellet i Sioux Falls, eg vakna i rimeleg tid, og etter ei stund forsto eg at eg hadde veldig god tid &#8211; klokka &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/11\/torsdag-9-november-2017-sioux-falls-baltic-renner-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-438","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/438","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=438"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/438\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=438"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=438"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=438"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}