{"id":44,"date":"2010-09-28T04:13:25","date_gmt":"2010-09-28T04:13:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=44"},"modified":"2010-09-28T04:13:25","modified_gmt":"2010-09-28T04:13:25","slug":"27-september-westby-minneapolis","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/28\/27-september-westby-minneapolis\/","title":{"rendered":"27. september: Westby, Minneapolis"},"content":{"rendered":"<p>27. september: Westby, Minneapolis<br \/>\nVel, da er eg i Minneapolis, og meir eller mindre pakka og klar for returen. Eg kom hit til Motellet no i kveldinga, og har i grunnen hatt ein grei dag. Det starta med frukost saman med The Iversons og Larrys oppe p\u00e5 Borgens cafe. Og der serverer dei solide saker, speilegg og stekt flesk; mat ein kan leve nesten ein heil dag p\u00e5. S\u00e5 kom tida for \u00e5 ta avskil, desse folka har alle vore trivelege og hjelpsame med meg, s\u00e5 det var litt rart \u00e5 seie farvel. Turen fr\u00e5 Westby gjekk via La Crosse, s\u00e5 rett vestover til Rochester, f\u00f8r eg braut av nordover med retning mot Minneapolis. P\u00e5 vegen oppover svinga eg innom dei tr\u00f8ndske bygdene rundt Zumbrota, Wannamingo og Kenyon, men eg fann noks\u00e5 raskt ut at det nok ikkje hadde nokon hensikt \u00e5 begynne \u00e5 leite etter norskspr\u00e5klege her. For eit kvart \u00e5rhundre sidan var det muleg for meg \u00e5 finne norskspr\u00e5klege gjennom \u00e5 sp\u00f8rje seg litt fram; i dag treng ein nok kontaktar, s\u00e6rleg n\u00e5r ein har knapt med tid. GPS-en vakna ogs\u00e5 til liv igjen, og da gjekk turen inn i byen som ein leik. Eg stakk innom Mall of America med tanke p\u00e5 at eg kanskje burde kj\u00f8pe med nokre sm\u00e5ting til dei som ventar heime. Men dette kj\u00f8pesenteret, som skal vere verdas st\u00f8rste, er heilt klart for stort for meg. Og eg var sv\u00e6rt glad da eg fann vegen ut fr\u00e5 denne fryktelege staden for \u00e5 finne meg eit motell.<\/p>\n<p>S\u00e5 mykje anna er det eigentleg ikkje \u00e5 seie om denne dagen. No ventar berre Delta Airlines, jetleg, og sikkert uhorveleg mykje arbeid som har samla seg opp oppe p\u00e5 h\u00f8gskolen. Det kan ein seie blir ein liten overgang, ja\u2026<\/p>\n<p>Og om det ikkje hender noko veldig spesielt i morgon, er nok dette det siste Amerika-brevet p\u00e5 denne bloggen.<\/p>\n<p>Og slik gjekk no den siste dagen her i Amerika<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>27. september: Westby, Minneapolis Vel, da er eg i Minneapolis, og meir eller mindre pakka og klar for returen. Eg kom hit til Motellet no i kveldinga, og har i grunnen hatt ein grei dag. Det starta med frukost saman &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/28\/27-september-westby-minneapolis\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-44","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/44","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=44"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/44\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=44"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=44"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=44"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}