{"id":441,"date":"2017-11-12T02:53:33","date_gmt":"2017-11-12T02:53:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=441"},"modified":"2017-11-12T02:53:33","modified_gmt":"2017-11-12T02:53:33","slug":"fredag-10-november-2017-westby-springdalen-coon-valley","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/12\/fredag-10-november-2017-westby-springdalen-coon-valley\/","title":{"rendered":"Fredag 10. november 2017: Westby, Springdalen, Coon Valley"},"content":{"rendered":"<p>Sj\u00f8lv om eg var noks\u00e5 tr\u00f8ytt i g\u00e5r kveld, vakna eg som vanleg litt over sju: no har eg utan tvil funne ein &laquo;vanleg&raquo; d\u00f8gnrytme. Det einaste som er litt rart, er at eg framleis er veldig kveldstr\u00f8ytt. Jaja, det kunne jo vere verre ting som plaga meg.<\/p>\n<p>I dag i 8-tida ringde Larry igjen og lurde p\u00e5 om eg trong hjelp, og det er alltid fint \u00e5 f\u00e5 hjelp av Larry. Han skulle ringe litt rundt og s\u00e5 ringe meg tilbake igjen. Om han da ringde medan eg dusja eller medan eg var i resepsjonen og henta meg &laquo;supplements&raquo; til &laquo;p\u00e5ss\u00e5maten&raquo;, veit eg ikkje. Eg h\u00f8yrde i det minste ikkje noko meir fr\u00e5 han. Derfor tenkte eg at eg kanskje kunne k\u00f8yre ned til han i Springdalen slik at vi kunne samsnakke &laquo;face to face&raquo;. Men da eg kom ned dit var alt stengd og ingen Larry var \u00e5 sj\u00e5. Men Larry er jo ein aktiv pensjonist, og han hadde sikkert eit \u00e6rend ein eller annan stad. Dersom m\u00e5tte eg &#8211; litt mismodig &#8211; returnere til motellet igjen. Eg har Lynx p\u00e5 PC-en min, men det er sv\u00e6rt variabelt kor godt det fungerer her ute &#8211; nettet er ikkje akkurat prima her. Men eg pr\u00f8vde \u00e5 ringe til Larry, og no tok han telefonen. Joda, han hadde vore heime heile dagen, men han hadde vore i &laquo;mancaven&raquo; sin. Men no hadde han skaffa meg to trauste norskamerikananrar nede i &laquo;Konvalle&raquo; som ville snakke med meg, og da var det berre \u00e5 ta ein ny tur ned til Larry for \u00e5 hente han f\u00f8r vi kunne fortsette ned til &laquo;byen&raquo;.<\/p>\n<p>Husverten her hadde ein stor garasje der han dreiv og fiksa opp gamle bilar, og der rigga vi oss til. Snart kom det ogs\u00e5 ein\u00a0Stakston-kar innom, og da kunne seansen starte. Stakston-karen var sv\u00e6rt s\u00e5 pratsam og det var tydelegvis moro for han \u00e5 snakke norsk &#8211; og han var ogs\u00e5 god til \u00e5 snakke. Den andre karen meldte seg snart ut: &laquo;I realize that you are in another league then me&raquo;, ha han. Han kunne mange norske ord, men \u00e5 setje desse saman til setningar var over hans kompetanse. P\u00e5 ein m\u00e5te var dette litt s\u00e5rt, og etter beste emne pr\u00f8vde eg \u00e5 inkludere han litt. Men reit spr\u00e5kleg hadde han lite \u00e5 by p\u00e5. Derimot kunne han vise fram eit restaureringsprosjekt han hadde p\u00e5 gang &#8211; ein Volvo. Og da mjukna han litt opp &#8211; det var p\u00e5 ingen m\u00e5te lett \u00e5 f\u00e5 ein slik doning p\u00e5 vegen igjen, s\u00e6rleg fordi elektronikken var heller utfordrande. Men dette kunne vi snakke lenge om &#8211; rett nok p\u00e5 engelsk. Etter ein dryg time takka Larry og eg for oss, og sj\u00f8lv om det var varme i garasjen, var det heller golvkaldt, og eg skal ikkje nekte for at eg fraus p\u00e5 f\u00f8tene, kledd i sommarsko som eg no ein gong er.<\/p>\n<p>Deretter k\u00f8yrde eg Larry heim, og der kunne Garry friste med varm te, kjeks og ost. Det gjorde godt for ein sm\u00e5forsen pr\u00e6rielingvistskrott. Telefonsystemet her p\u00e5 pr\u00e6rien er eit mysterium for meg, og eg har problem med \u00e5 snakke med folk &laquo;out of town&raquo;. Eg var veldig\u00a0oppteken av \u00e5\u00a0avtale m\u00f8te med denne relativt unge dama med bakgrunn fr\u00e5 Bod\u00f8\u00a0og s\u00e6rleg avkommet hennar. Eg fekk derfor l\u00e5ne telefonen til Larry for \u00e5 ringe henne: eg m\u00f8tte da mannen &#8211; som knapt kan eit ord norsk (sj\u00f8lv om han no arbeider i Oslo), men kona var ikkje heime. Etter Garrys traktering k\u00f8yrde eg tilbake til motellet i Westby igjen, gjennom Lynx p\u00e5 PC-en min kom eg i kontakt med dama, og vi avtalte da eit m\u00f8te. Ho skulle ned til La Crosse for \u00e5 handle i morgon, og p\u00e5 returen kunne ho m\u00f8te meg p\u00e5 Borgen&#8217;s cafe. Det passa meg fint, eg h\u00e5per ogs\u00e5 at ho har med seg nokon av avkommet.<\/p>\n<p>Deretter gjekk eg ned til restauranten og fekk meg litt mat, og resten av kvelden har eg vore her p\u00e5 rommet mitt og tjona litt med ulike oppg\u00e5ver. Eigentleg var planen min \u00e5 ha ein undervisningssekvens for studentane v\u00e5re heime i Halden. Eg kokte derfor saman ein powerpont som eg kunne bruke, men det viste seg umuleg \u00e5 sende denne fr\u00e5 meg. Vi f\u00e5r sj\u00e5 kva vi gjer &#8211; ei mulegheit er ogs\u00e5 \u00e5 gjere dette n\u00e5r eg er tilbake i fedrelandet.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan &#8230;.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sj\u00f8lv om eg var noks\u00e5 tr\u00f8ytt i g\u00e5r kveld, vakna eg som vanleg litt over sju: no har eg utan tvil funne ein &laquo;vanleg&raquo; d\u00f8gnrytme. Det einaste som er litt rart, er at eg framleis er veldig kveldstr\u00f8ytt. Jaja, det &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/12\/fredag-10-november-2017-westby-springdalen-coon-valley\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-441","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/441","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=441"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/441\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=441"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=441"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=441"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}