{"id":446,"date":"2017-11-12T04:10:30","date_gmt":"2017-11-12T04:10:30","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=446"},"modified":"2017-11-12T04:10:30","modified_gmt":"2017-11-12T04:10:30","slug":"laurdag-11-november-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/12\/laurdag-11-november-westby\/","title":{"rendered":"Laurdag 11. november: Westby"},"content":{"rendered":"<p>I dag er det Veterans day her i flatlandet, men eg er usikker p\u00e5 om denne dagan gjeld slike som meg &#8211; veteranar i pr\u00e6rielingvistikk &#8211; eg trur kanskje ikkje det &#8230; Som vanleg ringde Larry meg i \u00e5tte-tida, han hadde ein ny &laquo;norske&raquo; til meg, og denne karen budde i el avv leigeromma like ved gammalheimen Norseland, dette var p\u00e5 ein m\u00e5te den st\u00f8rste bukken Bruse av Lee-karane. I g\u00e5r var Larry og eg innom dei to mindre Lee-bukkane, ekte &laquo;Norwegian batchelelor farmers&raquo; nede i Skogdalen. Men desse gutane var framleis ve\u00f8ldig &laquo;bisige&raquo; med \u00e5 k\u00f8yre &laquo;kombain&raquo; og selgje h\u00f8y &#8211; pr\u00e6rielingvistikk var dei mindre opptekne av. N\u00e5r det er sagt, i\u00a02010 gjorde eg lydopptak inne i &laquo;sheddet til desse to&raquo;,\u00a0og da var Larry og eg der ein liten time og snakka\u00a0&laquo;norskt&raquo;. Men no hadde dei dessverre ikkje tid til slikt, kanskje i helga &#8211; og\u00a0kanskje ikkje. Den\u00a0st\u00f8rste bukken Bruse som vi m\u00f8tte i dag, hadde derimot\u00a0tid nok. Kona hans var ogs\u00e5 der, ein sogning som dessverre var ust\u00f8 i norsk, det vesle ho kunne, hadd ho plukka opp hos d\u00f8lane som ho budde saman med. Eg rigga opp utstyret og medan Larry sat med nasen i La Crosse\u00a0Tribune pr\u00f8vde eg \u00e5 f\u00e5 til ein laus og ledig samtale, noko som p\u00e5 ingen m\u00e5te var lett. Heldigvis kunne Larry av og til heve blikket og f\u00e5 samtalen p\u00e5 rett veg igjen. Joda, vi snakka jo, men laus og ledig samtale vr det kanskje ikkje. Og at kona knapt nok snakka norsk, gorde det ikkje lettare. Etter 70 \u00e5rs ekteskap vil ein jo\u00a0framleis gjere maken til lags, og for at ho skulle f\u00f8le seg inkludert heile tida, var Lee-karen snar til \u00e5 sl\u00e5 over til engelsk. Igjen, dette var kanskje ikkje noko som l\u00f8fta pr\u00e6rielingvistikken opp til nye h\u00f8gder, men det kunne ogs\u00e5 ha vore verre. Etter ein dryg time takka Larry og eg for oss og kj\u00f8rde ned til Borgen&#8217;s for \u00e5 f\u00e5 oss kj\u00f8ttkaker og lefse. Og etter ein heller blodfattig frukost, gjorde det godt.<\/p>\n<p>Larry skulle vidare inn til &laquo;V\u00e6rr\u00e5ki&raquo; for \u00e5 kj\u00f8pe &laquo;stoff&raquo; til middagen han har invitert meg p\u00e5 i morgon, medan eg kunne ta ein liten times pause p\u00e5 motellet f\u00f8r neste seanse.<\/p>\n<p>Elles har det vore kaldt her dei siste dagane, inne i Minnesota var gradestokken nede i minus 10, medan det her var nesten svalt,\u00a0rundt null. Men det regna litt no i dag tidleg, og dette fraus straks\u00a0p\u00e5 vegen. S\u00e5 det st\u00e5r ikkje \u00e5 nekte for at det var litt sm\u00e5sleipt p\u00e5 &laquo;r\u00e5dane&raquo;. Heldigvis skal det bli litt mildare\u00a0dei neste dagane, og\u00a0noks\u00e5 snart vil heldigvis verneldinga for Midtvesten interessere meg lite.<\/p>\n<p>Klokka tre hadde eg avtale med Kristina nede p\u00e5 Borgens, og ho kom presis, Vi fekk bruke bakrommet\u00a0der til opptak, men sidan dei stenger klokka fire, hadde vi berre ein time p\u00e5 oss. Kristina og dottera kom som avtalt,\u00a0vi rigga oss opp og\u00a0hadde\u00a0derfor ein time for oss sj\u00f8lve, der vi snakka om laust og fast. Og\u00a0det fine var at dottera p\u00e5 16 var veldig snakkesalig, s\u00e5 her fekk eg dokumentert ein ny fasett av pr\u00e6rienorsk &#8211; denne gongen ikkje snakka av godt vaksne og trauste farmarar, men unge folk. Fantastisk!!<\/p>\n<p>Som sagt, Borgen&#8217;s stenger klokka fire, s\u00e5 etter ein time med prat m\u00e5tte vi ut. Vi tok avskil, og om det i framtida blir nye turar hit, s\u00e5 har eg god lyst til \u00e5 snakke meir med desse to. I tillegg skal det finnast ein 5-\u00e5ring i denne familien som ogs\u00e5 kan litt norsk. Dermed skulle ogs\u00e5 framtida mi vere sikra &#8211; no veit eg at fram til eg blir pensjonist s\u00e5 vil det noks\u00e5 sikkert vere norskspr\u00e5klege her p\u00e5 pr\u00e6rien.<\/p>\n<p>Etter at dette var over, slappa eg litt v p\u00e5 motellet f\u00f8r eg no i kveld var nedom restauranten igjen for \u00e5 f\u00e5 meg eit nytt m\u00e5l med Canadian Walleye. Godt!<\/p>\n<p>No i kveld ringde Larry igjen, han hadde funne fram til ein ny kqr wsom kan snakke norsk, s\u00e5 klokka &laquo;halv over ni&raquo; s\u00e5 er det p\u00e5 han igjen &#8211; da skal vi ned mot Viroqua for \u00e5 m\u00f8te enda ein traust norskspr\u00e5kleg farmar. Life is good!<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan&#8230;.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag er det Veterans day her i flatlandet, men eg er usikker p\u00e5 om denne dagan gjeld slike som meg &#8211; veteranar i pr\u00e6rielingvistikk &#8211; eg trur kanskje ikkje det &#8230; Som vanleg ringde Larry meg i \u00e5tte-tida, han &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2017\/11\/12\/laurdag-11-november-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-446","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/446","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=446"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/446\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=446"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=446"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=446"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}