{"id":470,"date":"2018-11-02T03:11:47","date_gmt":"2018-11-02T03:11:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=470"},"modified":"2018-11-02T03:11:47","modified_gmt":"2018-11-02T03:11:47","slug":"onsdag-31-oktober-2018-westby-skogdalen-og-viroqua","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/02\/onsdag-31-oktober-2018-westby-skogdalen-og-viroqua\/","title":{"rendered":"Onsdag 31. oktober 2018: Westby, Skogdalen og Viroqua"},"content":{"rendered":"<p>I dag starta eg dagen med kontorarbeid. Sj\u00f8lv om ein er borte fr\u00e5 jobb, s\u00e5 har eg jo e-post. Og har ein f\u00f8rst e-post, s\u00e5 har ein ogs\u00e5 jobbsaker \u00e5 gjere. Og eg hadde ikkje avtale med Larry f\u00f8r klokka eitt, s\u00e5 da har ein jo ogs\u00e5 litt arbeidsro. Eg har med meg eit lass med b\u00f8ker i tru om at eg skal f\u00e5 tid til \u00e5 lese alle desse, i tillegg til \u00e5 krote ned ein artikkel eller to. Men eg b\u00f8r no vere s\u00e5 gammal at eg veit at det ikkje g\u00e5r. Men det er vel med slike gode forsett at vegen til Helvetet er brulagt, har eg h\u00f8yrd. Uansett, nokre e-postar fekk eg da tid til \u00e5 svare p\u00e5.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha jobbe eit par timar, fann eg ut at eg skulle sj\u00e5 meg litt rundt og s\u00e6rleg sj\u00e5 p\u00e5 resultatet av flaumen for eit par m\u00e5nader sidan. Eg sette derfor kursen opp til den \u00f8vre Coon Prairie-kyrkja, og deretter nedover Skogdalen. I den \u00f8vre delen av dalen s\u00e5g det da greitt ut, hoppbakken sto som f\u00f8r og det var mange golf-spelarar ute og svinga k\u00f8llene sine nede p\u00e5 flata. Men etter kvart som eg kom nedover dalen, fekk eg sj\u00e5 kva vatn kan gjere. Bekkefaret (for Skogdalskrikken er til vanleg ikkje anna enn ein liten bekk) var grave ut, \u00e5krane lagt flate, delar av store trestammar, hus, takplater, bilar, innbu og anna skrap l\u00e5g spreidd utover \u00e5kerlandet. Nede ved Skogdalskyrkja var det s\u00e6rleg ille, her var til og med gravst\u00f8ttene kasta rundt og alt var eit kaos. Dette var kort sagt eit trist syn. Mange av farmane er sterkt skadde, og dei heldigaste slapp unna med kjellaren full av vatn. Og sj\u00f8lvsagt dekker ikkje forsikringa dette.<\/p>\n<p>Etter denne litt depresive turen returnerte eg til motellet igjen, der eg hadde ein sv\u00e6rt s\u00e5 enkel p\u00e5ss\u00e5mat-lunsj \u2013 rundstykke\u00a0og ost med cola til. I eitt-tida var eg nede hos Larry og henta han f\u00f8r vi k\u00f8yrde opp til Archie, ein av dei trauste norskamerikanarane her i str\u00f8ket. Ogs\u00e5 hos han hadde flaumvatnet teke seg til rette, og sj\u00f8lv om basementet var fullt av vatn, hadde han god lunk i vedst\u00e5ven, s\u00e5 vi sessa oss rundt den. Eg rigga opp opptaksutstyret, medan verten trakterte dram. Sidan eg er sj\u00e5f\u00f8r s\u00e5 m\u00e5tte eg h\u00f8fleg takke nei, men det er godt muleg at nokre edle dropar kan gjere susen n\u00e5r ein skal f\u00e5 ut litt fleirspr\u00e5kleg data. For karane snakka etter kvart sv\u00e6rt s\u00e5 livleg om dette og hint. Og etter kvart som stemninga steig, s\u00e5 fekk nok store delar av samtalen ikkje berre ein personsensitiv karakter, det vart ultrasensitivt. Og historiene l\u00e5g eit par divisjonar over det eg som framvakstring og keeper p\u00e5 b-laget til R\u00f8ra fotballklubb fekk h\u00f8yre i garderoben fr\u00e5 back-rekka etter kamp medan dei rulla r\u00f8yk og planla neste kark-kopp (b-laget til R\u00f8ra var p\u00e5 den tida s\u00e5 d\u00e5rleg at dei fleste m\u00e5tte spele back, s\u00e5 dei fleste hadde mykje \u00e5 melde). S\u00e5 eg m\u00e5 nok dessverre klippe bort det meste f\u00f8r det blir presentert for sarte forskar-\u00f8yre. Etter at dramglasa (som var \u00abvaksi store\u00bb) var tomme, takka vi for oss.<\/p>\n<p>Neste post p\u00e5 programmet var eit bes\u00f8k til Gilman. Han har vi recorda mange gonger, men no st\u00e5r det\u00a0ikkje s\u00e6rleg\u00a0til med han, og han\u00a0har hamna\u00a0p\u00e5 sjukeheimen i \u00abV\u00e6rr\u00e5ki\u00bb. Denne gongen fekk opptaksutstyret kvile i bilen, det viktigaste var rett og slett \u00e5 m\u00f8te han igjen og vere \u00abfriends\u00bb ei lita stund. Gilman var eigentleg i rimeleg god form, og han sette stor pris p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 snakke norsk igjen. F\u00f8rste gongen eg m\u00f8tte han hadde han store planar (og draumar) om \u00e5 f\u00e5 reise til Gudbrandsdalen og sj\u00e5 staden der folka hans kom fr\u00e5. \u00abKanskje nekste \u00e5r\u00bb, sa han da. Men s\u00e5 vart han alts\u00e5 sjuk, og draumen om ein tur over havet vart berre med draumen. Det kan vere ei p\u00e5minning om at ein aldri skal vente for lenge med \u00e5 gjere det ein verkeleg har lyst til \u00e5 gjennomf\u00f8re.<\/p>\n<p>I vakkert Halloween-haustver k\u00f8yrde eg Larry tilbake til Springdalen, deretter reiste eg opp til motellet og gjekk p\u00e5 restauranten for \u00e5 f\u00e5 meg eit m\u00e5l mat. Deretter fors\u00f8kte eg \u00e5 arbeide litt, men framleis er eg p\u00e5 ingen m\u00e5te meg sj\u00f8lv. Det prinsippfaste B-mennesket Arnstein er frykteleg kveldstr\u00f8ytt, og det var berre s\u00e5 vidt at eg orka \u00e5 kravle meg over til senga, der eg sovna som ein (Arn)stein.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her i dette merkelege landskapet\u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag starta eg dagen med kontorarbeid. Sj\u00f8lv om ein er borte fr\u00e5 jobb, s\u00e5 har eg jo e-post. Og har ein f\u00f8rst e-post, s\u00e5 har ein ogs\u00e5 jobbsaker \u00e5 gjere. Og eg hadde ikkje avtale med Larry f\u00f8r klokka &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/02\/onsdag-31-oktober-2018-westby-skogdalen-og-viroqua\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-470","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/470","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=470"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/470\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=470"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=470"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=470"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}