{"id":474,"date":"2018-11-02T05:01:10","date_gmt":"2018-11-02T05:01:10","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=474"},"modified":"2018-11-02T05:01:10","modified_gmt":"2018-11-02T05:01:10","slug":"torsdag-1-november-2018-westby-galesville","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/02\/torsdag-1-november-2018-westby-galesville\/","title":{"rendered":"Torsdag 1. november 2018: Westby, Galesville"},"content":{"rendered":"<p>Ein ny dag med vakkert haustver her p\u00e5 pr\u00e6rien. I dag hadde eg invitasjon til \u00e5 ete middag hos Larry \u00abklukka halv ellve\u00bb, noko som slik eg kjenner spr\u00e5ket til Larry eigentleg betyr 11.30. Igjen brukte eg morgonen til ymse kontorarbeid, f\u00f8r eg i 11-tida starta pr\u00e6rieskonnerten min og gjorde unna eit par sm\u00e5\u00e6rend i \u00abNordbyen\u00bb f\u00f8r eg k\u00f8yrde ned i Springdalen. Og det er tydeleg at eg tek til \u00e5 kjenne spr\u00e5ket til Larry no \u2013 det var klokka halv tolv han venta meg. Geri hadde laga lunsj til oss, og vi sm\u00e5prata medan Larry viste fram det eine etter det andre, ei samling kassettar etter ei tante som kanskje kunne innehalde noko norskprat, ei singelsamling med fleire skattar, ikkje minst nokre gamle singelplater fr\u00e5 Sun records. Gery kunne ogs\u00e5 fortelje at dei hadde planar om \u00e5 flytte, men det kom fram at det nok var mest ho som hadde slike planar \u2013 Larry hadde absolutt ingen planar om \u00e5 reise fr\u00e5 Springdalen: s\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 kor makta ligg der i heimen. I det minste s\u00e5 var dei begge samde om at Trump var eit \u00abk\u00e5lhuggu\u00bb, og eg protesterte ikkje mot slike frilynde tankar.<\/p>\n<p>Etter maten sa vi karane farvel, og vi stilte GPS-en inn p\u00e5 ei adresse oppe i Galesville, ein times k\u00f8yring unna. Barnebarnet til Iversons er prest der oppe, og som prest kjenner han streke og svake sider til alle i kyrkjelyden \u2013 inkludert om dei kan snakke norsk eller ikkje. For \u00e5 vere h\u00f8fleg hadde Larry vore der oppe tidlegare for \u00e5 f\u00e5 med seg ei messe, og for ein gongs skuld meinte han \u00e5 ha hatt uvanleg stort utbytte av messa \u2013 for han hadde vorte introdusert for ein \u00abnorsker\u00bb.<\/p>\n<p>GPS-dama geleida oss gjennom nytt landskap, Larry protesterte litt fordi dette ikkje var den ruta han ville ha brukt, men igjen hadde han uvanleg stor moro av denne sjarmerande kvinnestemmen som sa at \u00abom tre hundre meter sving til venstre\u00bb, og mest stas var det korleis ho uttalte stadnamna her Galesville var for henne \u00abgalesville\u00bb, og ikkje noko \u00abgeilsvill\u00bb. Vi k\u00f8yrde og prata og hadde det eigentleg veldig triveleg, og etter ein dryg time var vi framme.<\/p>\n<p>Denne karen var solung, og han prata godt norsk. Kona var ogs\u00e5 halvt norsk, ho kunne ikkje snakke norsk, men ho forsto mykje, dessutan hadde ho h\u00f8yrd dei fleste historiene hans fr\u00e5 f\u00f8r, som ho kunne lett f\u00f8lgje med i samtalen. Karen var ny for meg, men han kunne fortelje at han hadde m\u00f8tt oss i kyrkja i Blair i 2010, s\u00e5 spr\u00e5ket hans er eigentleg dokumentert alt. Og det er eigentleg bra, for i kaoset med opptak, kaffidrikking og eting av smultringar og krumkake, gl\u00f8ymde eg sj\u00f8lvsagt \u00e5 f\u00e5 han til \u00e5 signere p\u00e5 at han vil ver med p\u00e5 dette. Etter ein lang prat \u00abp\u00e5 engelsk og norsk\u00bb, kom det ogs\u00e5 fram at han hadde gebursdag i dag. Vi f\u00e5r tru at vi ikkje \u00abruina\u00bb dagen hans heilt. Etter mykje prat og ein liten gallon mad kaffi, takka Larry og eg for oss, og igjen kunne Larry gle seg storveges over GPS-dama: slike kvinnfolk ville han ogs\u00e5 ha i bilen sin. Vi fann lett vegen ned i Springdalen, Larry og eg takka kvarandre for turen, og s\u00e5 kunne eg returnere til motellet. Eg hadde eigentleg tenkt meg til restauranten for \u00e5 f\u00e5 meg litt mat, men parkeringsplassen var stinn av bilar, og eg fann da ut at det ville bli vanskeleg \u00e5 f\u00e5 bord. Dermed vart det p\u00e5ss\u00e5mat p\u00e5 rommet, og det var heit greitt. No i kveldinga har eg snakka med Arlene i Glenwood, og ho har folk klare for litt prat \u2013 ho er usikker p\u00e5 om det er nordfjordingar, men det vil vi lett finne ut av. I kveld er siste dagen her i Westby, i morgon set eg kursen vestover. Eg m\u00e5 da stille innom Iversons igjen, og eg vil ogs\u00e5 gjerne recorde Larry litt, det er eit par ting eg vil ha n\u00e6rare greie p\u00e5. S\u00e5 ventar ein \u00f8rliten tur innom Dave\u2019s gitarshop i La Crosse (h\u00e5par eg), ein snartur innom Irene og Olaf i Wanamingo for \u00e5 seie hei f\u00f8r eg durar vidare vestover til Glenwood. Eg har ikkje \u00abordra\u00bb overnatting der, det m\u00e5 eg f\u00e5 gjort f\u00f8r eg reiser herifr\u00e5.<\/p>\n<p>Og slik gjekk den siste dagen her i Westby \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein ny dag med vakkert haustver her p\u00e5 pr\u00e6rien. I dag hadde eg invitasjon til \u00e5 ete middag hos Larry \u00abklukka halv ellve\u00bb, noko som slik eg kjenner spr\u00e5ket til Larry eigentleg betyr 11.30. Igjen brukte eg morgonen til ymse &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/02\/torsdag-1-november-2018-westby-galesville\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-474","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/474","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=474"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/474\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=474"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=474"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=474"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}