{"id":479,"date":"2018-11-04T03:17:02","date_gmt":"2018-11-04T03:17:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=479"},"modified":"2018-11-04T03:17:02","modified_gmt":"2018-11-04T03:17:02","slug":"laurdag-3-november-2018-glenwood-og-starbuck","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/04\/laurdag-3-november-2018-glenwood-og-starbuck\/","title":{"rendered":"Laurdag 3. november 2018: Glenwood og Starbuck"},"content":{"rendered":"<p>I dag sn\u00f8dde det litt da eg stod opp klokka sju. Og s\u00e5 tidleg p\u00e5 dagen er det nesten heilt m\u00f8rkt her ute, det er f\u00f8rst i \u00e5tte-tida at det verkeleg lysnar. Og etter ein rask frukost her p\u00e5 motellet gjorde eg meg klar for \u00e5 m\u00f8te kontakten min, Aileen, p\u00e5 restauranten Ginger bread klokka kvart p\u00e5 \u00e5tte. Og sidan dette er i g\u00e5avstand, bestemte eg meg for \u00e5 g\u00e5. Og det er jo ofte eit fornuftig val, men eg skal ikkje nekte for at eg manglar bukselommekunnskap om denne sm\u00e5byen, s\u00e5 eg starta ut i feil retning. Eg oppdaga det fort, men det gjorde at eg kom fram eit femminutt for seint.<\/p>\n<p>Aileen var ei triveleg dame tidleg i 70-\u00e5ra. Og ho var litt skuffa over eigen innsats, mange hadde ringt inn og meldt avbud av ymse grunnar, nokre meinte dei hadde gjort det f\u00f8r, andre skulle ut i fila, eller det m\u00e5tte vere med p\u00e5 hjortejakta som startar i dag. Og s\u00e5 er det alle dei som er \u00abbjluge\u00bb ogs\u00e5. Ho hadde venta mange over ti, men no var lista p\u00e5 rundt \u00e5tte. Men det er jo ikkje heilt ille det heller, og eg veit fr\u00e5 f\u00f8r at denne tida p\u00e5 \u00e5ret p\u00e5 ingen m\u00e5te er perfekt for \u00e5 drive feltarbeid. Dei meiner det er betre litt tidlegare p\u00e5 hausten, men det er kanskje berre nok dei seier \u2013 kjenner eg dei rett, finn dei sikkert p\u00e5 ei og anna \u00abekskjusa\u00bb da ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Arlene har mange sysken, dei var 17, men no er det berre 11 som er i live, og mange av dei kan snakke litt norsk. S\u00e5 f\u00f8rste post p\u00e5 programmet i dag var \u00e5 m\u00f8te ein av desse, saman med ein \u00abfriend\u00bb. Og begge kunne snakke norsk, men dei var kanskje betre p\u00e5 produksjon enn resepsjon, s\u00e5 det var litt tungt \u00e5 f\u00e5 i gang ein skikkeleg samtale. Og n\u00e5r det butta imot, s\u00e5 slo dei lett over til engelsk. Men greitt nok, det er jo slik spr\u00e5ket er her borte. \u00abn\u00e5r vi pr\u00f8ver \u00e5 snakke norsk, s\u00e5 er det 50-50 norsk og engelsk\u00bb, sa den eine. Og det stemmer jo sikkert. Desse karane hadde opphav i Valdres, men Nordfjord og Setesdal var ogs\u00e5 ein del av den genetiske miksen. Etter eit par timar med triveleg prat, pkka eg saman utstyret mitt og takka for meg. Eg hadde ikkje ny avtale f\u00f8r klokka to, s\u00e5 eg returnerte til Glenwood for \u00e5 f\u00e5 meg \u00abmiddag\u00bb. Og som sagt, eg er ikkje lommekjend her, s\u00e5 eg satsa p\u00e5 den einaste \u00abetingplassen\u00bb som eg veit av her, Ginger Bread, og der hadde dei chili-suppe. Det b\u00e5de varma og metta. Og no forst\u00e5r eg verkeleg konseptet i western-filmane med \u00abstranger in town\u00bb. Medan eg \u00e5t, kom det fleire bort til meg for \u00e5 helse p\u00e5 og sjekke meg ut \u2013 ryktet om denne tullingen fr\u00e5 Noreg gjekk tydelegvis, og det vart mykje prating og lite mat-ro. S\u00e5 hadde eg vore her for 150 \u00e5r sidan, s\u00e5 hadde eg sikkert vorte rulla i tj\u00e6re og fj\u00f8r \u2013 om eg hadde vore heldig. Etter m\u00e5ltidet var eg ein liten snartur innom motellet for \u00e5 snakke heim til gamlelandet f\u00f8r eg fekk m\u00f8te Aileen og ein ny bror av henne, ogs\u00e5 denne gongen i Starbuck. Og igjen var det trivelege folk som likte \u00e5 snakke norsk, men som ogs\u00e5 sleit litt med \u00e5 ytre seg om dette og hint. Lettast gjekk det n\u00e5r dei kunne snakke om farming, det var tydelegvis eit domene der norsken framleis kunne duge. Og som sysken s\u00e5 var det rett som det var at dei \u00abakkederte\u00bb. Aileen fortalde ogs\u00e5 om hennar mest pinlege oppleving i Noreg, da ho skulle skryte av maten og sa at det var \u00abj\u00e6vlig godt\u00bb. Ho trudde at \u00abj\u00e6vlig\u00bb betydde \u00abveldig\u00bb (som det jo i denne samanhengen i og for seg gjer), og var ikkje klar over at det ikkje alltid utan vidare kan brukast i alle samanhengar. Artig!<\/p>\n<p>Etter nye to timar var denne trivelege seansen over, eg pakka saman og takka for meg. Men f\u00f8r eg returnerte til motellet, ville eg gjerne gjere ein stopp p\u00e5 vegen \u2013 eg ville gjerne sj\u00e5 Innherred-kyrkja. Sj\u00f8lve kyrkja var ikkje s\u00e5 veldig aparte, ho s\u00e5g ut som dei fleste kyrkjene i denne delen av verda. Men det var veldig rart \u00e5 g\u00e5 rundt p\u00e5 \u00abgravplassen\u00bb og sj\u00e5 alle desse kjende familienamna. Det var akkurat som \u00e5 g\u00e5 rundt p\u00e5 ein kyrkjegard p\u00e5 Innherad.<\/p>\n<p>No i kveldinga er eg tilbake p\u00e5 rommet igjen, eg har litt skrivearbeid som m\u00e5 gjerast, og eg m\u00e5 ogs\u00e5 kopiere materialet f\u00f8r eg legg meg. Og s\u00e5 m\u00e5 eg ha meg litt \u00abs\u00f8ppel\u00bb, som verkeleg blir s\u00f8ppel. Eg har ein halv pizza fr\u00e5 i g\u00e5r st\u00e5ande i kj\u00f8leskapet, og n\u00e5r eg f\u00f8rst har mikro p\u00e5 rommet, opnar dette opp nye mulegheiter for pr\u00e6rielingvistikken. Og i natt f\u00e5r eg faktisk ein time ekstra \u2013 amerikanarane stiller klokka no. I morgon har eg ingen avtale f\u00f8r godt etter kyrkjetida, s\u00e5 eg vurderer seri\u00f8st \u00e5 k\u00f8yre til omr\u00e5det rundt Campell og Doran for \u00e5 finne den gamle gravplassen til Vuku-kyrkja (eller Vukku som dei stavar det her p\u00e5 pr\u00e6rien), der skal det vere to Hjelde-graver som eg gjerne vil sj\u00e5. Eg pr\u00f8vde \u00e5 finne denne plassen i fjor, men da gjorde eg alt for d\u00e5rleg grunnarbeid og leita p\u00e5 feil kyrjkegrad, no har eg GPS-koordinatane. Det b\u00f8r hjelpe. I tillegg vil eg ogs\u00e5 sj\u00e5 innom Stiklestad-kyrkja.<\/p>\n<p>Og slik gjekk ein ny dag her ute p\u00e5 pr\u00e6rien<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag sn\u00f8dde det litt da eg stod opp klokka sju. Og s\u00e5 tidleg p\u00e5 dagen er det nesten heilt m\u00f8rkt her ute, det er f\u00f8rst i \u00e5tte-tida at det verkeleg lysnar. Og etter ein rask frukost her p\u00e5 motellet &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/04\/laurdag-3-november-2018-glenwood-og-starbuck\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-479","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/479","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=479"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/479\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=479"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=479"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=479"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}