{"id":481,"date":"2018-11-05T03:04:24","date_gmt":"2018-11-05T03:04:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=481"},"modified":"2018-11-05T03:04:24","modified_gmt":"2018-11-05T03:04:24","slug":"sondag-4-november-2018-glenwood-campbell-vukku-stiklestad-og-starbuck-mn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/05\/sondag-4-november-2018-glenwood-campbell-vukku-stiklestad-og-starbuck-mn\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 4. november 2018: Glenwood, Campbell, Vukku, Stiklestad og Starbuck, MN"},"content":{"rendered":"<p>Ein ny dag her p\u00e5 pr\u00e6rien, og eg fekk lura meg til ein ekstra time i senga\u00a0no sidan dei\u00a0 i\u00a0natt \u00a0innf\u00f8rde vintertid her p\u00e5 pr\u00e6rien. S\u00e5 i 8-tida (som eigentleg var 9) \u00abspratt\u00bb eg opp (det var kanskje ikkje s\u00e5 mykje sprett i denne \u00absprettinga\u00bb, men det er ei anna sak), og kunne etter kvart tusle ned i frukostsalen for \u00e5 f\u00e5 meg mat. Og frukosten her er i pr\u00e6riesamanheng rimeleg bra; eg steikte meg vaffel, og med kaffi og Aftenposten p\u00e5 nettbrett til, s\u00e5 var eg etter kvart klar for nye eventyr. Eg hadde ingen avtale f\u00f8r klokka tre, s\u00e5 i formiddag ville eg inn til omr\u00e5det rundt Campbell og Doran for \u00e5 sj\u00e5 omr\u00e5det der gammalonkelen min S\u00f8ren Hjelde f\u00f8rst slo seg ned, og ikkje minst s\u00e5 p\u00e5 to Hjelde-graver som skal finnast her i omr\u00e5det rund kyrkjene Vukku og Stiklestad. Vegen vestover gjekk gjennom noks\u00e5 flatt landskap, og etter ein halvanna time, kunne eg starte leitinga mi. I fjor var eg ogs\u00e5 her p\u00e5 leit, men da fann eg ikkje anna en Vukku-kyrkja, nok som var interessant nok. Den gongen hadde eg jo h\u00e5pa p\u00e5 at eg kunne kople meg p\u00e5 nettet p\u00e5 ein eller annan restaurant for \u00e5 sjekke med Google maps, men sidan tilbodet av restaurantar\u00a0er ikkje-eksisterande her, s\u00e5 vart det n\u00e6rast som ei bomtur \u00e5 rekne.\u00a0Denne gongen\u00a0var eg betre budd. Igjen fann eg lett fram til Vukku-kyrkja, og der hadde det vore gudsteneste, men dei fleste hadde reist heim da eg kom. Med det var tre \u00ablittle old ladies\u00bb igjen, og eg kunne da sp\u00f8rje meg litt for, og eg fekk ogs\u00e5 ein liten titt innom kyrkjerommet \u2013 som nok m\u00e5 seiast \u00e5 vere sv\u00e6rt enkelt og utan s\u00e6rlege spor av ein norskheit. Men dei hadde eit stort bilde av Vuku-kyrkja i Verdalen, og det var litt rart \u00e5 st\u00e5 her p\u00e5 pr\u00e6rien\u00a0og sj\u00e5 eit bilete av kyrkja der dei fleste av farslekta mi har funne kvile, og der mor og far ein gong gifta seg. Damene kunne ogs\u00e5 fortelje at det nok sikkert kunne vere ein eller annan her ute som kunne litt norsk, s\u00e6rleg trekte dei fram ein meksikansk \u00abhyrakar\u00bb som etter det dei sa var ein kl\u00f8ppar til \u00e5 snakke norsk. Men s\u00e5 er det nok eingong slik at desse damene ikkje kunne snakke norsk, og om denne hyrakaren snakka norsk eller spansk, ja, det kunne dei nok ikkje vurdere. Uansett, han snakka i alle fall ikkje berre engelsk, det var dei samde om.<\/p>\n<p>Eg spurde s\u00e5 etter den gamle kyrkjegarden, men dei var nok usikre p\u00e5 kor den l\u00e5g. Det hindra dei derimot ikkje fr\u00e5 \u00e5 kome med gode r\u00e5d om kor eg burde leite. Snill som eg er, gjorde eg som damene sa, men det var ingenting \u00e5 sj\u00e5 i den leia som likna p\u00e5 det eg hadde sett p\u00e5 Google Maps. Eg snudde derfor og k\u00f8yrde tilbake for \u00e5 leite vidare, og inne i ein liten plass omkransa av nokre vindskeive tre fann eg endeleg denne gravplassen. Det var i h\u00f8gste grad ein anonym gravplass, ut fr\u00e5 hjulspora p\u00e5 marka s\u00e5g det mest ut til at ein her brukte \u00e5 setje fr\u00e5 seg tunge traktorar. Men under nokre gamle tre, p\u00e5 ein liten lund med halvh\u00f8gt pr\u00e6riegras, fann eg nokre umerka trekors. Ingen hadde namn, men ut fr\u00e5 opplysningane til nettstaden findagrave.com, s\u00e5 skulle det kvile tretten her, og to av desse var alts\u00e5 \u00abBaby Boy Hjelde\u00bb, den eine f\u00f8dd og d\u00f8d i 1892, den andre i 1894. Og med eit par unntak,\u00a0var dei andre som ligg her ogs\u00e5 som sm\u00e5barn da dei vart senka i jorda. S\u00e5 sj\u00f8lv om gravene ikkje var merkte, var det veldig rart \u00e5 st\u00e5 her og sanse litt p\u00e5 ulike \u00abhardship\u00bb som utvandrarane m\u00f8tte for over hundre \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Deretter k\u00f8yrde eg ned til Stiklestad-kyrkja, som ligg berre nokre hundre meter unna. Heller ikkje dette var eit stort og brautande kyrkjebygg, og denne kyrkja er heller ikkje i bruk i dag. Men ut fr\u00e5 namna p\u00e5 gravsteinane kunne dette godt ha vore henta fr\u00e5 ein stad oppe i Verdalen.<\/p>\n<p>Klokka gjekk mot eitt da eg returnerte, eg hadde ein ny avtale om intervju klokka tre. Og igjen tok pr\u00e6rieskonnerten meg gjennom eit uvanleg flatt landskap. P\u00e5 tur opp hadde eg passert Kensington, staden der \u00abThe Kensington rune stone\u00bb ein gong vart funnen \u2013 og der det no er ein \u00abRune stone park\u00bb, men GPS-en ville ikkje den vegen, s\u00e5 da fekk det vere. Litt over to var eg tilbake i Starbuck, og med ein liten time igjen til neste intervju, hadde eg passe tid til \u00e5 f\u00e5 meg litt mat. Igjen vart det solid pr\u00e6riemat, dvs. burgar, det var neppe heilt kalorifritt, men i det minste draup ikkje feittet av denne kj\u00f8ttklumpen. Eigentleg trudde eg at ogs\u00e5 den neste avtalen var i Starbuck, men da eg sjekka lista mi, s\u00e5g eg at det var i Glenwood. Eg sette adressen inn i GPS-en, men plassen der eg hamna (som var ein veldig stor vassdam utan hus) var opplagt ikkje rett plass. S\u00e5 her f\u00e5r favorittdama til Larry tole litt kritikk. Men s\u00e5 har eg jo ogs\u00e5 GPS innebygd i bilen ogs\u00e5, og denne visste tydelegvis betre. S\u00e5 akkurat p\u00e5 tida kunne eg parkere framfor huset til to nye norskamerikanarar. Eg banka p\u00e5, og eg forsto fort at dette neppe ville gi data som ville flytte forskingsfronten s\u00e5 veldig\u00a0langt framover. Dette paret var pensjonerte l\u00e6rarar, og dei hadde delvis l\u00e6rd seg \u00e5 snakke norsk p\u00e5 ulike kurs. Kona var definitivt i den kategorien, mannen\u00a0kom eigentleg fr\u00e5\u00a0Milan, og han hadde vakse opp med norskspr\u00e5klege foreldre, s\u00e5 han hadde h\u00f8yrd mykje norsk, men mora ville helst at han skulle snakke engelsk, for ho var \u00abskulmamma\u00bb og meinte at engelsk var viktigare enn norsk. I tillegg hadde dei invitert ein halling som dei m\u00f8tte i kyrkja i dag tidleg. Og denne karen kunne heilt klart snakke norsk \u2013 problemet var at har berre delvis forsto meg. Interessant var det ogs\u00e5 \u00e5 h\u00f8yre at han l\u00e6rde engelsk f\u00f8r norsk. S\u00e5 i forskingssamanheng var nok det eg fekk ut av desse tre litt magert \u2013 det meste gjekk p\u00e5 engelsk. Men skitt au. Elles er eg ikkje i tvil om at det framleis er ein del i dette omr\u00e5det som kan snakke norsk, utfordringa er vel helst \u00e5 styre unna sesongen for harvest og hunting. Og i tillegg b\u00f8r ein ha fleire kontaktar som kan hjelpe til med \u00e5 f\u00e5 dei mest spr\u00e5kmektige \u00abut av skapet\u00bb. S\u00e5 kanskje neste gong \u2026.<\/p>\n<p>No i kveldinga sit eg p\u00e5 motellet og driv med kontorarbeid av ymse slag. Eg m\u00e5 ogs\u00e5 kopiere materialet mitt over p\u00e5 harddisken no i kveld. Og no har dei fleste \u00abhuntarane\u00bb sjekka ut og parkeringsplassen er nesten tom. Dei siste kveldane har det st\u00e5tt ein kvit pickup her med motoren i gang og ein kar ved rattet. Kva han eigentleg driv med i time etter time, kan eg jo berre spekulere i. Motellet er nesten nytt og romma er bra, s\u00e5 det er litt vanskeleg \u00e5 forst\u00e5 kvifor han finn meir trivsel i \u00e5 sitje i bilen. Men han om det.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her p\u00e5 flatbygdene i vest\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein ny dag her p\u00e5 pr\u00e6rien, og eg fekk lura meg til ein ekstra time i senga\u00a0no sidan dei\u00a0 i\u00a0natt \u00a0innf\u00f8rde vintertid her p\u00e5 pr\u00e6rien. S\u00e5 i 8-tida (som eigentleg var 9) \u00abspratt\u00bb eg opp (det var kanskje ikkje s\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/05\/sondag-4-november-2018-glenwood-campbell-vukku-stiklestad-og-starbuck-mn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-481","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/481","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=481"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/481\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=481"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=481"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=481"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}