{"id":486,"date":"2018-11-06T17:42:22","date_gmt":"2018-11-06T17:42:22","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=486"},"modified":"2018-11-06T17:42:22","modified_gmt":"2018-11-06T17:42:22","slug":"mandag-5-november-2018-glenwood-spicer-brooten-willmar-minnesota","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/06\/mandag-5-november-2018-glenwood-spicer-brooten-willmar-minnesota\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 5. november 2018: Glenwood, Spicer, Brooten, Willmar; Minnesota"},"content":{"rendered":"<p>I dag er siste dagen min med feltarbeid, og det st\u00e5r nok ikkje til \u00e5 nekte for at eg ikkje heilt har hatt lykka med meg i eit og alt p\u00e5 denne turen, og det ha sjeldan st\u00e5tt lange k\u00f8ar av spr\u00e5kmektige norskamerikanarar ved mikrofonen min. Joda, det er framleis mange her som kan snakke norsk, men samstundes er det ogs\u00e5 veldig tydeleg at det tek til \u00e5 tynnast ut i rekkene med folk som er flytande i ette gudegitte spr\u00e5ket. Men slik er det berre, og betre blir det nok heller ikkje med tida. Vidare har eg l\u00e6rt at ein ikkje skal sp\u00f8ke med Kensington-steinen, runesteinen som den svenske svenske farmaren Ohman hevda \u00e5 ha funne ute p\u00e5 \u00abfila\u00bb si. For er det noko som ein ikkje skal tulle med her ute, s\u00e5 er det nettopp Kensington-steinen. Ja, og s\u00e5 Trump da, naturlegvis; sj\u00f8lv om det ogs\u00e5 finst nokre frilynde her ute som kan finne p\u00e5 \u00e5 kalle han Donald for eit \u00abk\u00e5lhuggu\u00bb.<\/p>\n<p>Eg starta dagen oppe p\u00e5 motellet i Glenwood, eg sov noks\u00e5 lenge og klokka gjekk mot \u00e5tte f\u00f8r eg kom meg ut av senga. Og sidan eg hadde avtale f\u00f8rst klokka eitt, hadde eg veldig god tid. Eg jobba litt p\u00e5 motellet f\u00f8r eg m\u00e5tte sjekke ut der, deretter sat eg ei stund i resepsjonen og la litt planar for dei neste to dagane f\u00f8r eg reiste opp i byen for \u00e5 f\u00e5 meg litt lunsj. Eg trudde at ogs\u00e5 den neste avtalen var i dette omr\u00e5det, s\u00e5 eg tok meg god tid over djuptallerkenen med chili, og det var f\u00f8rst da eg sette meg i bilen og skulle plotte inn adressa til den nye informanten at det gjekk opp for meg at eg ikkje skulle vere i Glenwood-omr\u00e5det, eg skulle til Spicer, som ligg ein liten time unna. Dessutan kunne pr\u00e6rieskonnerten melde at det var uvanleg lite \u00abgas\u00bb igjen p\u00e5 tanken. Litt sm\u00e5sveitt starta eg opp, stoppa i ein eller annan sm\u00e5by for \u00e5 fylle drivstoff, og ein halvtime for seint kunne eg svinge inn framfor huset til denne nye informanten.<\/p>\n<p>Han hadde ogs\u00e5 henta inn forsterking i form av ein gammal farmar som ogs\u00e5 snakka norsk. Karane var veldig ivrige etter \u00e5 briljere med norskferdigheitene sine, men s\u00e5 var det denne snakkesalige kona da, som ogs\u00e5 gjerne ville ta del i samtalen, men som trass i norsk bakgrunn ikkje forsto eit kvekk av dette fremste av alle spr\u00e5k. Eg starta maskineriet, og trass i litt d\u00e5rleg h\u00f8yrsel og problem med tr\u00f8ndske palatalar og sp\u00f8rjeord, s\u00e5 gjekk jo samtalen rimeleg greitt \u2013 heit til kona blanda seg inn og ville vite kva vi snakka om. Da slo samtalen over til engelsk, og eg m\u00e5tte da bruke tid p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 karane over til norsk igjen. Og slik gjekk det fram og tilbake ei lang stund. Karane ville gjerne snakke norsk, men s\u00e5 braut husfrua inn p\u00e5 nytt og ville vite kva vi snakka om, og da braut det heile saman igjen. Eg innbiller meg at det kanskje kan finnast andre pr\u00e6rielingvistar som kunne klare \u00e5 setje skapet p\u00e5 plass, men akkurat det ligg nok dessverre ikkje i min natur. S\u00e5 ville husfrua setje fram litt mat til oss, og da fekk vi nokre minutt med taletid, men konsekvensen av slikt er jo sj\u00f8lvsagt at da m\u00e5tte vi litt seinare avslutte for \u00e5 kunne ete. Og ved matbordet var det ogs\u00e5 denne dama som dominerte, karfolka slapp nesten ikkje til. Ho hadde nemleg vore i Noreg ein gong, og der hadde ho sett mange endetidsteikn, b\u00e5de i form av m\u00f8rklette muslimar og lommetjuvar. Og dette meinte ho samsvarte veldig godt med openberringa til Johannes. Og ho meinte ogs\u00e5 at det m\u00e5tte vere frykteleg utrygt \u00e5 vere i Noreg. Eg hadde litt lyst til \u00e5 seie noko om drapsrater og skoleskyting i USA, men eg eg klarte \u00e5 styre meg. Ei samla vurdering etter dette bes\u00f8ket var at neida, det var ikkje heilt katastrofe, men her var det opplagt meir spr\u00e5kstoff \u00e5 hente.<\/p>\n<p>Neste informant venta nede i Brooten (eller Br\u00e5ten, som dei seier her), ein dryg halvtimes veg herifr\u00e5. Og Leslie var verkeleg slik eg vil ha dei \u2013 bortsett fr\u00e5 at han berre i liten grad h\u00f8yrde \u2013 eller forsto kva eg spurde han om. Leslie har vore med p\u00e5 dette f\u00f8r, tidlegare har han vore med p\u00e5 dette i Sunburg saman med Janne, Eirik og Linn Irene for eit par \u00e5r sidan. Han ville gjerne snakke om gamle dagar, og denne hallingen var ein kl\u00f8ppar til \u00e5 snakke norsk. Han og kona hadde snakka norsk heile tida fram til ho d\u00f8ydde, og han meinte at b\u00e5de barna og barnebarna forsto norsk, sj\u00f8lv om dei kanskje ikkje snakka det. Dette var ein herleg kar, og om han ikkje alltid h\u00f8yrde og forsto kva eg spurde om, s\u00e5 ville han gjerne snakke. Og seansen vart avslutta med litt norsk-amerikansk musikk p\u00e5 grammofonplate, og Slim Jim var ein stor favoritt her i heimen.<\/p>\n<p>Etter dette trivelege m\u00f8tet, sette eg kursen ned til Willmar, der eg hadde tinga meg rom p\u00e5 Americinn, og det viste seg at dette er ein plass der eg har vore tidlegare, b\u00e5de Ipad og telefon logga seg inn heilt utan vidare. Og eg ser ikkje bort fr\u00e5 at eg ogs\u00e5 i 2016 hadde rom 206, det liknar frykteleg. Det som no st\u00e5r att, er \u00e5 sikre materialet mitt ved \u00e5 kopiere det over til harddisk f\u00f8r eg i morgon k\u00f8yrer inn til Minneapolis. Da blir det ein dag med litt vandring i Mall of America, og sikkert ogs\u00e5 litt glaning p\u00e5 valvake-tv f\u00f8r eg onsdag kan sette meg p\u00e5 flyet austover og heim. S\u00e5 om ikkje noko storveges skulle hende, blir dette det siste det siste innlegget fr\u00e5 denne turen.<\/p>\n<p>Og sj\u00f8lv om det ikkje vart samla inn s\u00e5 mykje materiale som eg i utgangspuntet hadde h\u00e5pa p\u00e5, s\u00e5 har eg hatt det veldig fint her, og om det skulle bli ein tur igjen, s\u00e5 er nok Glenwood ein plass der det b\u00f8r g\u00e5 an \u00e5 leite litt vidare. Ute regnar det og bles, det er rett og slett ein sur haustkveld. Eg hadde eigentleg tenkt meg over til restauranten eit par hundre meter nedover gata her, men det var s\u00e5 surt at eg slo meg til p\u00e5 rommet med \u00abp\u00e5ss\u00e5mat\u00bb.<\/p>\n<p>Og slik gjekk den siste dagen med feltarbeid her p\u00e5 pr\u00e6rien \u2026..<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag er siste dagen min med feltarbeid, og det st\u00e5r nok ikkje til \u00e5 nekte for at eg ikkje heilt har hatt lykka med meg i eit og alt p\u00e5 denne turen, og det ha sjeldan st\u00e5tt lange k\u00f8ar &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2018\/11\/06\/mandag-5-november-2018-glenwood-spicer-brooten-willmar-minnesota\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-486","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/486","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=486"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/486\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=486"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=486"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=486"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}