{"id":51,"date":"2011-06-18T05:47:57","date_gmt":"2011-06-18T05:47:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=51"},"modified":"2011-06-18T05:47:57","modified_gmt":"2011-06-18T05:47:57","slug":"mandag-13-juni-2011-zumbrota-mn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/18\/mandag-13-juni-2011-zumbrota-mn\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag  13. juni 2011: Zumbrota, MN"},"content":{"rendered":"<p>Dette har vore den lengste Amerika-reisa eg har vore med p\u00e5. Eg starta heimafr\u00e5 pinsedagen med toget klokka 9. Og for \u00e5 gjere ei sv\u00e6rt lang historie veldig kort, s\u00e5 skal eg nemne berre nokre stikkord: NSB, buss for tog, Lillestr\u00f8m stasjon, forsinka tog fr\u00e5 Lillestr\u00f8m\u2026 Men eg kom meg da omsider til Gardermoen, og ikkje lenge etter var heile reisef\u00f8lgjet samla ved at Janne fr\u00e5 Tekstlaboratoriet ved UiO kom med \u201cbuss for flytog\u201d (eit genialt forretningskonsept dette ogs\u00e5, sp\u00f8r du meg: 170 kroner for ein simpel bussbillett).<\/p>\n<p>Eg hadde eigentleg trudd at det meste av kaos var unnagjort s\u00e5 snart ein hadde kome seg til Gardermoen, men slik var det ikkje. For det var der problema v\u00e5re starta til gangs: manglande informasjon fr\u00e5 Icelandair (dette ser verkeleg ut til \u00e5 vere eit selskap som l\u00e5ser d\u00f8rene, dreg ned gardinene, tek ut telefonkontakten og som satsar p\u00e5 at alt g\u00e5r over berre ein ventar lenge nok). Det gjekk jo fly til Reykjavik, og det var ogs\u00e5 fly fr\u00e5 Reykjavik til Minneapolis. Problemet var at det var ein eller annan \u201cg\u00e5 sakte-aksjon\u201d p\u00e5 Keflavik-flyplassen, og enden p\u00e5 visa vart at vi vart st\u00e5ande fast p\u00e5 saga\u00f8ya. Ikkje heilt etter planen, kan ei trygt seie. Joda, det ordna seg jo med rom p\u00e5 Luftleidir-hotellet i Reykjavik, og fiskem\u00e5ltida var kvar for seg heller ikkje eit grunnlag for h\u00f8gtlesing fr\u00e5 skjellsordboka hans Tor Erik. Men likevel \u2026 Og det er utruleg kor tamt det kan bli n\u00e5r ein st\u00e5r p\u00e5 ei \u00f8y og berre ventar p\u00e5 \u00e5 kome seg vidare. Og det verste var at vi hadde gjort avtalar om intervju i Wannamingo m\u00e5ndagsmorgonen, og det ville vi ikkje klare. Uansett, etter mykje venting, matbongar, hektisk redigering av foredrag og frisk nordavind kom vi oss endeleg vidare fr\u00e5 Island til Midtvesten utp\u00e5 m\u00e5ndagsettermiddagen. Og det er ikkje s\u00e5 veldig mykje \u00e5 berette fr\u00e5 ei flyreise p\u00e5 nesten seks timar, ikkje eingong maten kan ein rakke ned p\u00e5, for slike ting serverer dei jo ikkje utan vidare p\u00e5 dette selskapet, m\u00e5 vite. Eg hadde aldri trudd at Ryanair skulle fortone seg om eit lett luksuri\u00f8st selskap, men slik er det nesten. (Men berre nesten.) Uansett, vi kom oss da over Bl\u00e5myra, og landa i sekstida.<\/p>\n<p>Reisa vidare gjekk heilt utan problem, vi fann rask vegen til leigebilselskapet, Janne slo p\u00e5 stortromma og vi kunne straks etter\u00a0hente ut ein retteleg uhyre av ein Ford SUV. Eg har eigentleg mine tvil om at f\u00f8rarkortet mitt gjeld s\u00e5 store doningar, og sj\u00f8lv om eg ein gong i tida var utstyrt med milit\u00e6rt f\u00f8rarkort, hadde eg ikkje lov til \u00e5 k\u00f8yre tanks. Men vi let det st\u00e5 til og satsa p\u00e5 at norsk aksent vil kunne sjarmere &laquo;stat troopersane&raquo; om dei skulle finne p\u00e5 \u00e5 bli nysgjerrige p\u00e5 oss. Det er eit knep eg har hatt glede av tidlegare ogs\u00e5.<\/p>\n<p>\u00a0Deretter skreiv vi\u00a0inn Zumbrota i GPSen, men vi (les: eg) rota litt\u00a0og vi endte opp ein eller annan plass\u00a0ute p\u00e5 countryet (Eg m\u00e5 nok litt beskjemma\u00a0innr\u00f8mme Janne hadde heilt rett i at det til tider kan vere lurt \u00e5 f\u00f8lgje k\u00f8yreruta til GPS-en). P\u00e5 den andre sida f\u00f8rte denne avstikkaren til at vi kunne \u00f8ve oss litt i kunsten\u00a0\u00e5 lese norske namn p\u00e5 postkassane medan bilen er i fart. Til slutt kom vi kom vi p\u00e5 rett kurs og fann utan st\u00f8rre problem\u00a0fram til motellet. Reservasjonen v\u00e5r var eit d\u00f8gn gammal, men ogs\u00e5 det ordna seg. Og folk som kjenner Zumbrota, blir sikkert ikkje overraska over at dei der kan ha ledige rom til ferdafolk \u2013 det kan ikkje vere s\u00e5 frykteleg mange andre enn oss som har eit \u00e6rend p\u00e5 denne plassen.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan i Midtvesten.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette har vore den lengste Amerika-reisa eg har vore med p\u00e5. Eg starta heimafr\u00e5 pinsedagen med toget klokka 9. Og for \u00e5 gjere ei sv\u00e6rt lang historie veldig kort, s\u00e5 skal eg nemne berre nokre stikkord: NSB, buss for tog, &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/18\/mandag-13-juni-2011-zumbrota-mn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-51","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=51"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=51"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=51"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=51"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}