{"id":515,"date":"2021-11-26T16:06:13","date_gmt":"2021-11-26T16:06:13","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=515"},"modified":"2021-11-26T16:06:13","modified_gmt":"2021-11-26T16:06:13","slug":"mandag-22-november-tysdag-23-november-2021-halden-buenos-aires","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/11\/26\/mandag-22-november-tysdag-23-november-2021-halden-buenos-aires\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 22. november \u2013 tysdag 23. november 2021: Halden &#8211; Buenos Aires"},"content":{"rendered":"\r\n<p>I gamle dagar brukte Janne gjerne ringe utp\u00e5 vinteren og lure p\u00e5 om eg hadde lyst til \u00e5 bli med til Amerika p\u00e5 feltarbeid. Og n\u00e5r Janne ringde, vart det gjerne til at eg sa ja \u2013 for deretter \u00e5 ha nokre opplevingsrike dagar eller veker der vi fekk m\u00f8te godt vaksne folk som vaks opp med norsk og framleis kunne snakke det. Men s\u00e5 endra alt seg p\u00e5 tragisk vis \u2013 Janne var sjuk av kreft og d\u00f8ydde for eit drygt \u00e5r sidan. Samtidig herje korona-viruset, landet stengde ned, noko som gjorde at mange av oss hadde heimekontor med seg sj\u00f8lv som n\u00e6raste \u2013 eller einaste kollega, grensene vart hermetiserte og det vart ur\u00e5d \u00e5 reise ut for \u00e5 drive feltarbeid. Og eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg rekna med at eg var ferdig som feltarbeidar \u00abover there\u00bb. <br \/><br \/>Men n\u00e5r Janne fell fr\u00e5, s\u00e5 er det heldigvis andre som tek over og f\u00f8rer denne tradisjonen vidare, og no var det Kari fr\u00e5 Universitetet i Bergen som tok kontakt \u2013 ho skulle tromme saman eit lag for \u00e5 gjere feltarbeid i Amerika \u2013 men denne gongen i heit ny jord &#8211; Argentina. Og n\u00e5r Kari ringer og vil ha meg med p\u00e5 slikt, s\u00e5 er det jo litt vanskeleg \u00e5 seie nei, sj\u00f8lv om usikkerheita som pandemien skaper, ogs\u00e5 gjorde det litt vanskeleg \u00e5 tru at dette prosjektet ville bli noko av. Eg var heilt sikker p\u00e5 at eitt eller anna ville skje som ville sette ein stoppar for oss; i over eitt \u00e5r har dette feltarbeidet st\u00e5tt p\u00e5 vent \u2013 men endeleg vart det. Ei av dei ruvande b\u00f8kene i den s\u00f8ramerikanske litteraturhistorie er jo El amor en los tiempos del c\u00f3lera, som p\u00e5 norsk vart omsett til Kj\u00e6rlighet i koleraens tid \u2013 boka Feltarbeid i pandemiens tid finst enno ikkje, men det kan nok tenkast at vi med denne turen legg grunnlaget for eit slikt verk. Vi f\u00e5r sj\u00e5 kva det blir til<br \/><br \/>S\u00e5 vi bestemte oss alts\u00e5 for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 reise. Men \u00e5 kome seg ut i verda no for tida er p\u00e5 ingen m\u00e5te enkelt, m\u00e5ndag i ti-tida starta eg heimafr\u00e5 med stor koffert inn til Oslo. F\u00f8rste stopp var Oslo Plaza \u2013 ikkje for \u00e5 overnatte, men for \u00e5 teste meg for Covid. Der hadde dei rigga opp eit lite rom med nokre stolar, og bak eit skjermbrett stod det sikkert noko avansert medisinsk utstyr som knurra og brumma med ujamne mellomrom. Og framfor dette brettet satt det to unge jenter som smilte etter beste evne \u2013 i den grad at noko slikt kan sj\u00e5ast gjennom eit munnbind. Det var inga k\u00f8, s\u00e5 eg fekk sette meg ned og den eine av dei rigga p\u00e5 seg smittevernutstyr i form av visir, kvit frakk, hanskar og plastikkforkle, og s\u00e5 snart eg hadde f\u00e5tt l\u00f8fta nasen min halvh\u00f8gt opp, var ho brennsnar med \u00e5 tr\u00f8ske ein lang bomullspinne langt inn det venst renaseboret mitt \u2013 ja s\u00e5 langt inn stakk ho, at eg hadde aldri trudd at det skulle vere muleg \u00e5 stikke s\u00e5 langt inn utan \u00e5 dra med seg b\u00e5de t\u00e5-neglar og hjernemasse ut igjen. Men jenta smilte berre og tok med seg den lange punnen bak skjermbrettet. Og at ho smilte er heller ikkje s\u00e5 veldig rart n\u00e5r ho skulle ha to og eit halvt tusen for \u00e5 vere ei sadistisk materialisering av \u00abungdommens r\u00e5skap\u00bb. Eit kvarter etterp\u00e5 kom ho fram igjen med smilerynker, men utan munnbind og smil, og da stod det berre att \u00e5 dra gullkortet og hente ut dokumentasjonen. Og med dette skrivet kunne eg s\u00e5 fortsette til Gardermoen.<br \/><br \/>Vel framme p\u00e5 Gardermoen kom hindring to i dette reiseprosjektet \u2013 \u00e5 fylle ut det digitale innreiseskjemaet til Argentina, for dei gutane som hadde teke p\u00e5 seg oppdraget med \u00e5 utforme dette (og det h\u00e5plause handverket dei hadde lagt ned, indikerer at dette m\u00e5 vere gutar), hadde gjort dette unna p\u00e5 inga tid. Sp\u00f8rsm\u00e5la var knotete formulerte, svaralternativa heilt elendige, og i tillegg hadde dei lagt inn krav om at telefonnummeret m\u00e5tte ha ni, og berre ni siffer (og det er jo fornuftig n\u00e5r mobilnumra heime berre har \u00e5tte. S\u00e5 om det er dei same karane som hadde jobben med \u00e5 utvikle registreringsskjemaet for pendlarbustad, s\u00e5 forst\u00e5r eg godt at b\u00e5de partiformenn og stortingspresidentar fann dette alt for krevjande og derfor pr\u00f8vde \u00e5 jenke det til berre for \u00e5 f\u00e5 sendt inn noko. Og hadde det funnist ei slik l\u00f8ysing for registreringa i den argentinske ambassaden, s\u00e5 hadde eg heilt klart teke ein slik snarveg sj\u00f8lv. Men etter veldig mykje fram og tilbake og gladmeldingar av typen \u00ab\u00f8kten avsluttes\u00bb, klarte eg omsider \u00e5 f\u00e5 dette til \u00e5 g\u00e5 opp (og her har eg erfaringsbassert kunnskap som kan kome kvar og ein til hjelp: sp\u00f8r skjemaet etter eit siffertal som ikkje finst, s\u00e5 er det heilt OK \u00e5 leggje inn nokre mellomrom). Dermed kunne eg ogs\u00e5 sjekke inn (som har vorte mykje meir attestbasert enn kva det var i gamle dagar), g\u00e5 igjennom kontrollen (som ogs\u00e5 er ei anna oppleving no sidan det er s\u00e5 lange sidan sist eg gjorde det) og kome meg til gate 13, trur eg det var. Og etter litt venting kom vi oss inn i flyet og ein halvannan time seinare var eg p\u00e5 Schiphol.<br \/><br \/>Der m\u00f8tte eg etter kvart Marie og Kari, og sidan Veronica alt har reist til Buenos Aires, var no forskarteamet klart. F\u00f8r vi entra flyet m\u00e5tte vi igjennom ein ny helsekontroll, denne gongen litt meir rund i kantane: det var ei godt vaksen dame (men sikkert mykje yngre enn meg) som sprang rundt og tok tempen v\u00e5r, og om ein var varmblodig, br\u00e5stoppa nok reisa her. Ingen av oss fall i den varmblodige kategorien, men det er kanskje ogs\u00e5 litt dumt \u00e5 vere kaldblodig, for vi tok livet veldig med ro der ute ved innsjekking: vi hadde jo fast plass og det var ingen fare for at vi skulle kunne miste denne. Derfor venta vi til at k\u00f8en hadde lagt seg litt. P\u00e5 ein m\u00e5te er jo dette veldig lurt dersom ein reiser utan bagasje. Men vi hadde med oss eit solid lass med reiseeffektar, og no var alt av bagasjeplass over seta fylt opp. P\u00e5 mirakul\u00f8st vis klarte vi \u00e5 presse og jekke litt rundt p\u00e5 det forgjengarane v\u00e5re hadde lempa opp i desse romma, og dermed vart det nokre sm\u00e5 luftlommer der vi kunne stappe nokre av tinga v\u00e5re. Men det vart ogs\u00e5 ting til overs som ikkje let seg presse inn. S\u00e5 det som ei tid framsto som lurt, viste seg alts\u00e5 i ettertid \u00e5 vere mindre lurt sidan vi no vart sittande att med vesker mellom f\u00f8tene. Og det er ikkje eit godt utgangspunkt dersom ein synest ein treng litt fotplass i all beskjedenheit. Flyet tok av, og straks vi var i lufta, la ho p\u00e5 plassen framfor meg setet sitt brutalt ned i fanget mitt, og meinte sikkert at slik kunne ein utnytte plassen betre \u2013 for seg sj\u00f8lv. Dermed fekk eg ogs\u00e5 to gangjarn fr\u00e5 seteryggen pressa inn i kneskjelene mine, og det er lange sidan meniskane har f\u00e5r k\u00f8yrd seg p\u00e5 ein slik intim m\u00e5te. <br \/><br \/>I det heile er det ikkje heilt lett \u00e5 f\u00e5 sove p\u00e5 ei slik reise \u2013 drygt tretten timar i lufta skulle det bli \u2013 for vi hadde motvinden. Vi m\u00e5tte ha munnbind p\u00e5 under reisa, og ikkje fekk vi reise oss opp og bevege oss heller. Og ein f\u00e5r jo da god tid til \u00e5 kjenne etter p\u00e5 alle dei stadane der ein etter kvart f\u00e5r vondt \u2013 eg merka meg at \u00f8yreflippane var forsk\u00e5na, men elles var det nok av plassar \u00e5 kjenne p\u00e5. \u00c5 sove er heller ikkje s\u00e5 lett n\u00e5r ein sit s\u00e5 trongt, og med ei argentinsk dona n\u00e6rast bretta ut over fanget mitt. Joda, eg duppa mykje, men gjekk aldri inn i ein tung s\u00f8vn, og p\u00e5 store delar av overfarten var det turbulens; ikkje mykje, men det kunne minne litt om busstur p\u00e5 gruslagte bygdevegar heime i Tr\u00f8ndelag. Men alt har ein ende, ogs\u00e5 denne flyreisa, og i halv \u00e5tte-tida om morgonen lokal tid kunne vi ta eit fjellst\u00f8tt nedslag p\u00e5 argentinsk jord.<br \/><br \/>Resten av innreisa gjekk greitt, det er framleis ikkje s\u00e5 mykje trafikk, s\u00e5 turen gjennom passkontroll og tollkontroll gjekk kjapt. P\u00e5 f\u00f8rehand hadde eg skaffa meg dokumentasjon p\u00e5 vaksinasjon og test, men det det slapp eg \u00e5 vise, det var nok \u00e5 svare \u00absi\u00bb n\u00e5r dei spurde om eg var vaksinert og testa. Dermed kunne vi setje oss i hotell-transporten som stod og venta p\u00e5 oss (eller rettare skulle st\u00e5 \u2013 for ventest\u00e5inga var det vi som m\u00e5tte ta oss av, men det ordna seg jo relativt raskt). Og p\u00e5 tur inn mot byen fekk eg god mulegheit til \u00e5 friske opp spansken min igjen, det er vel snart tre \u00e5r sidan sist eg snakka noko s\u00e6rleg med spansk, og eg sleit med det meste. At dei her har litt annan uttale og at vokabularet heller ikkje er som p\u00e5 Den iberiske halv\u00f8ya, hjalp heller ikkje. S\u00e5 det er tydeleg at livet her kan kome til \u00e5 by p\u00e5 spr\u00e5klege utfordringar for ein inntr\u00f8nder. Men vi f\u00e5r sj\u00e5 om ikkje inntr\u00f8ndsk blir forst\u00e5tt her nede ogs\u00e5, og om s\u00e5 er, kan vel ingen nekte for at dette m\u00e5 vere eit skikkeleg verdsspr\u00e5k.<br \/><br \/>Etter mykje k\u00f8k\u00f8yring, som inkluderte mykje gestikulering og sm\u00e5prat fr\u00e5 sj\u00e5f\u00f8ren, var vi framme p\u00e5 hotellet der vi skal bu dei neste vekene. Og hotellet er heilt greitt \u2013 kanskje ikkje Hilton, men absolutt bra samanlikna med mange av motella eg har teke inn p\u00e5 i Amerika. Veronica, som er fr\u00e5 Buenos Aires og som kom ned her for nokre dagar sidan, m\u00f8tte oss for lunsj, og der fekk vi det f\u00f8rste inntrykket av argentinsk kj\u00f8kken, og dette lovar bra. Og ikkje minst er prisane uvanleg konkurransevennlege, ein kjem veldig langt med ein hundrelapp n\u00e5r ein vil ha litt mat og drikke. <br \/><br \/>Eller hundrelapp \u2013 kroner er jo ikkje gangbar mynt her; i staden har dei pesos, inflasjon og dollar. Pesos er den lokale varianten, men \u00f8konomien her skrantar (som vanleg), og da blir dei plaga av inflasjon. Og for \u00e5 stagge inflasjonen litt, er det mange som tyr til amerikanske dollar. Og dollar er gangbar mynt i veldig mange butikkar. Og s\u00e5 finst det pengevekslarar da, som vekslar dollar mot pesos \u2013 sikkert med ei aldri s\u00e5 lite forteneste. Og dette konseptet m\u00e5tte vi pr\u00f8ve ut \u2013 i samsvar med den lokale tradisjonen, og det funka jo det, etter litt styr. Elles vart det ikkje nokon seinkveld med sarte tonar fr\u00e5 ein bandoneon og heftig tango, til det stakk jetleggen alt for djupt. S\u00e5 det vart tidleg kveld med h\u00e5p om ei lang og god natts s\u00f8vn.<br \/><br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan her p\u00e5 pampasen\u2026<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I gamle dagar brukte Janne gjerne ringe utp\u00e5 vinteren og lure p\u00e5 om eg hadde lyst til \u00e5 bli med til Amerika p\u00e5 feltarbeid. Og n\u00e5r Janne ringde, vart det gjerne til at eg sa ja \u2013 for deretter \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/11\/26\/mandag-22-november-tysdag-23-november-2021-halden-buenos-aires\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-515","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/515","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=515"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/515\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":519,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/515\/revisions\/519"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=515"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=515"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=515"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}