{"id":520,"date":"2021-11-26T16:13:17","date_gmt":"2021-11-26T16:13:17","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=520"},"modified":"2021-11-26T16:13:17","modified_gmt":"2021-11-26T16:13:17","slug":"onsdag-24-november-2021-buenos-aires","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/11\/26\/onsdag-24-november-2021-buenos-aires\/","title":{"rendered":"Onsdag 24. november 2021: Buenos Aires"},"content":{"rendered":"<p>Ja, natta vart god, og eg sov til klokka var rundt sju. Og i dag er f\u00f8rste dag med feltarbeid her i Argentina, vi hadde avtale med den f\u00f8rste informanten, ei dame midt i 80-\u00e5ra i gammaldags barne-tv-tid klokka 6. S\u00e5 formiddagen hadde vi p\u00e5 ein m\u00e5te \u00abfri\u00bb, og da kunne vi bruke tida litt som vi ville. Eg tusla meg ein tur rundt i nabolaget i h\u00e5p om \u00e5 ramle over ein turistattraksjon \u2013 noko eg vel eigentleg ikkje gjorde, og det g\u00e5r opp for meg at ogs\u00e5 turistaktivitetar krev litt planlegging. Men det eg fekk ut av turen, var ei forst\u00e5ing av at Buenos Aires er ein rimeleg stor by \u2013 eller kanskje urimeleg er meir treffande. Innafor eit relativt avgrensa omr\u00e5de her ved Rio Plata skal det alts\u00e5 bu 17 millionar, dette metro-omr\u00e5det er litt mindre enn Porsanger kommune, men det er likevel litt vanskeleg \u00e5 sj\u00e5 for seg eit slikt folketal der i nord, s\u00e6rleg dersom vi har i minnet at det i denne Finnmarks-kommunen i dag bur knappe 4000. S\u00e5 ei kommunesamansl\u00e5ing mellom Porsanger og Buenos Aires kunne kanskje vere ein tanke \u00e5 arbeide vidare med, Jan Tore?<\/p>\n<p>Klokka to samlast vi til lunsj i det som alt er krona til stamrestauranten v\u00e5r \u2013 i alle fall for ein dag eller to &#8211; og etter ein litt lang lunsj var det berre \u00e5 kome seg tilbake til hotellet. Vi hadde tid til \u00e5 teste opptaksutstyret v\u00e5rt, og klokka fem kom g\u00e5rdagens sj\u00e5f\u00f8r og henta oss \u2013 vi skulle til ein forstad nord for byen. Og her er det kanskje p\u00e5 sin plass \u00e5 sende f\u00f8rste bekymringsmeldinga \u2013 kan feltarbeid utan eigen bil eigentleg klassifiserast som feltarbeid? For i Nord-Amerika har eg\/vi alltid disponert eigen bil, og feltarbeid p\u00e5 pr\u00e6rien gjer ein liksom ikkje fr\u00e5 ein taxi \u2013 da m\u00e5 ein ha bil \u2013 og gjerne ein litt stor ein. S\u00e5 det sit derfor veldig langt inne \u00e5 m\u00e5tte innr\u00f8mme at feltarbeid med taxi er ekte feltarbeid. Men p\u00e5 den andre sida, n\u00e5r eg\u00a0 etter kvart ser kor komplekst trafikkbiletet er, s\u00e5 ser eg fordelen av \u00e5 finne alternative l\u00f8ysingar. Og enda meir sidan heller ikkje lokale utan vidare finn fram i den litt uoversiktlege kombinasjonen kreativ gatenummerering og einvegsgater. Men vi kom fram til slutt og vart m\u00f8tt av ei dame\u00a0 midt i 80-\u00e5ra og dottera hennar, der ho siste tok p\u00e5 seg rolla som observat\u00f8r.<\/p>\n<p>Hovudpersonen var ei mangfaldig dame som treivst best n\u00e5r ho fekk drive med kunst, og maling og teikning var hovudaktiviteten hennar. Hu hadde ogs\u00e5 hatt fleire utstillingar, og det temaet som ho s\u00e6rleg fokuserte p\u00e5 no, var nordiske runer. Dessutan snakka ho godt norsk, og det var lett \u00e5 sj\u00e5 at ho likte \u00e5 prate norsk, s\u00e6rleg n\u00e5r ho kunne fortelje om gamle dagar da norsk framleis vart brukt av ikkje s\u00e5 reint f\u00e5 her, om livet rundt den norske sj\u00f8mannskyrkja og ogs\u00e5 om kvinneforeninga som det enno finst restar av. Ho fortalde at far hennar hadde strenge reglar om at der i heimen skulle det berre snakkast norsk, og det skein litt igjennom at han s\u00e5g p\u00e5 segregering som ei dyd. Det var sikkert stussleg for ei lita jente \u00e5 m\u00e5tte vere inne og sj\u00e5 ut gjennom gardinene n\u00e5r andre ungar var ute i gata og leika, men p\u00e5 den andre sida s\u00e5 sikra dette at norsk vart tradert og ikkje utradert. Spr\u00e5ket var denne dama sv\u00e6rt interessant sidan ho snakka norsk med sterke innslag av spanske gloser. Dessutan hadde ho vore gift med ein tyskar \u2013 og svigermora hadde gjort resolutte fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 spr\u00e5kbade henne, og dette hadde ogs\u00e5 sett sine spor, for rett som det var s\u00e5 krydra ho det heile med ord fr\u00e5 dette spr\u00e5ket ogs\u00e5. Herleg! P\u00e5 ein m\u00e5te likna ho p\u00e5 mange av dei som vi finn (eller fann?) p\u00e5 pr\u00e6rien, bittelitt rusten i norsken og med import av spr\u00e5kleg material, men samtidig med ein st\u00f8ding norsk grunnstruktur. Vi s\u00e5g eigentleg for oss at vi skulle driver p\u00e5 eit par timar med oppak, men etter ein liten time meinte vertinna at det var tid for litt servering. Og ho varta da opp med te, snitter og kake, medan praten gjekk om dette og hint. Vi ville gjerne fortsette med opptak etter dette n\u00e6ringstilskottet, men det var tydeleg at vertinna no tok til \u00e5 bli sliten, sidan ho tok til \u00e5 prate om at vi kanskje burde bestille taxi tilbake til hotellet. Vi runda derfor det heile av med opptak av nokre minutt med spansk prat f\u00f8r vi pakka saman og dottera pr\u00f8vde \u00e5 finne drosje til oss.<\/p>\n<p>Men det skulle vise seg \u00e5 vere ur\u00e5d \u00e5 f\u00e5 tak i skyss, s\u00e5 enden p\u00e5 visa vart at ho k\u00f8yrde oss til ein busstopp, og derifr\u00e5 reiste vi kollektivt, noko som kosta oss i overkant av ei krone kvar. Kvelden vart runda av med nokre minutt p\u00e5 puben rett over gata, men feltarbeidarar er gjerne ikkje natteranglarar, s\u00e5 det vart som sedvanen er, tidleg kveld.<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan her s\u00f8r for ekvator &#8230;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ja, natta vart god, og eg sov til klokka var rundt sju. Og i dag er f\u00f8rste dag med feltarbeid her i Argentina, vi hadde avtale med den f\u00f8rste informanten, ei dame midt i 80-\u00e5ra i gammaldags barne-tv-tid klokka 6. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/11\/26\/onsdag-24-november-2021-buenos-aires\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-520","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/520","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=520"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/520\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":521,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/520\/revisions\/521"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=520"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=520"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=520"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}