{"id":522,"date":"2021-11-26T21:59:41","date_gmt":"2021-11-26T21:59:41","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=522"},"modified":"2021-11-26T21:59:41","modified_gmt":"2021-11-26T21:59:41","slug":"torsdag-25-november-2021-buenos-aires-san-antonio-de-arejo","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/11\/26\/torsdag-25-november-2021-buenos-aires-san-antonio-de-arejo\/","title":{"rendered":"Torsdag 25. november 2021: Buenos Aires, San Antonio de Arejo"},"content":{"rendered":"<p>Etter ei god natt vakna eg heilt av meg sj\u00f8lv. I dag skulle vi bli henta klokka halv elleve, og dei f\u00f8rste timane av dagen vart brukt til ulike typar sm\u00e5syssel. Men sv\u00e6rt s\u00e5 presist kom Raul i Postmann Pat-bilen sin, og s\u00e5 venta det ein halvanna time p\u00e5 vegen opp til ein farm der vi skulle m\u00f8te ei ny norskspr\u00e5kleg dame. Sj\u00e5f\u00f8ren hadde ikkje norsk bakgrunn, derimot hadde han f\u00e5tt fri fr\u00e5 jobben (med betaling, vil eg tru) for \u00e5 vere privatsj\u00e5f\u00f8r for oss pampaslingvistane. Og s\u00e5 snakka han engelsk, og med spanskkunnskapane mine s\u00e5 er heller ikkje det noka ulempe. Dette var ein sj\u00f8mann som etter mange \u00e5r p\u00e5 Dei sju hav hadde g\u00e5tt i land og no hadde funne seg anna arbeid, som da ogs\u00e5 kunne inkludere transport av feltarbeidarar. Raul hadde mykje \u00e5 fortelje om, s\u00e5 det var triveleg selskap oppover. Han hadde som sj\u00f8mann ogs\u00e5 vore i Noreg ein gong, kunne han fortelje, og da for \u00e5 hente aluminium p\u00e5 ein plass som ut fr\u00e5 det han meinte \u00e5 erindre, heitte noko slikt som Praksvertsfjurd \u2013 ein for meg sv\u00e6rt s\u00e5 ukjend del av fedrelandet. Vi var utrusta med handteikna kart og detaljert beskriving av vegen, og vi klarte utan st\u00f8rre vanskar \u00e5 finne fram til la granja \u2013 farmen \u2013 der vi skulle m\u00f8te desse. Her venta eit eldre ektepar p\u00e5 oss, og medan mannen hadde italiensk bakgrunn og derfor ikkje var s\u00e5 veldig st\u00f8 p\u00e5 norsk, s\u00e5 var kona desto betre. Og ho ville at vi skulle starte bes\u00f8ket med mat \u2013 og skal ein ha mat \u2013 og ein i tillegg er p\u00e5 bygda i Argentina, s\u00e5 m\u00e5 det vere kj\u00f8t, helst indrefilet; og indrefiletar er jo best grilla. Og n\u00e5r ein har fagfolk i tenesta i form av kokke og \u00abhyrakar\u00bb, s\u00e5 er det heller ikkje innmari krevjande \u00e5 varte opp med det meste fr\u00e5 grillen. Det er lenge sidan eg har smakt s\u00e5 godt kj\u00f8t, og Raul var ute i bilen og henta fram fleire flasker med drikke av ymse slag, b\u00e5de vanleg raudvin, men ogs\u00e5 raude bobler, og han\u00a0 var heller ikkje knipen som munnskjenkar. Deretter var det dessert \u2013 noko dei kalla Don Pedro, og som bestod av whiskey og iskrem, med n\u00f8tter p\u00e5 toppen (alt i rikelege mengder), og dette la heller ikkje nokon dempar p\u00e5 ei alt god stemning. S\u00e5 da vi etter maten kom i gang med intervjuet, gjekk det norske snakketyet uvanleg laust og leding. Og dama snakka meir enn villing om livet sitt og oppveksten i eit norskspr\u00e5kleg milj\u00f8. Ho kunne ogs\u00e5 fortelje at ho hadde ei tanta som var f\u00f8dd i Grytviken, og sidan dette var ein sv\u00e6rt s\u00e5 mannsdominert kvalfangarstasjon p\u00e5 S\u00f8r-Georgia, var ho den f\u00f8rstef\u00f8dde der, og det er ikkje opplagt at det var mange som kom etter henne heller. I det heile virka det som om aktiviteten rundt kvalfangst i Antarktis var ein av grunnane til at nordmenn s\u00f8kte seg ned til Buenos Aires, men neppe den einaste. Det norske milj\u00f8et ho beskreiv kunne ogs\u00e5 minne litt om den norske kolonien i Brooklyn ved at dei bevega seg litt fram og tilbake mellom Noreg og det nye landet og der utvandringa ikkje var eit absolutt brot med det gamle.<\/p>\n<p>I heile dag har det regna, til tider ganske godt, men utp\u00e5 ettermiddagen tok det til \u00e5 klarne litt opp. Og n\u00e5r intervjuet var ferdig, ville dama vise oss sm\u00e5byen dei bur ved \u2013 s\u00e5 med henne bak rattet krusa vi igjennom byen og s\u00e5g p\u00e5 ulike ting, inkludert restauranten til ein av dei som var med p\u00e5 TV-tokt med Berserk f\u00f8r b\u00e5ten forsvann. Litt handling vart det ogs\u00e5 tid til, b\u00e5de p\u00e5 den lokale klesbutikken og p\u00e5 bryggeriet, der dei har satsa p\u00e5 \u00e5rgangs\u00f8l som er lagra b\u00e5de tre og fire \u00e5r. Etter denne runden var det tilbake til la granja, og der venta det ein ny runde med oppdisking, denne gongen i form av eplekake og te, og s\u00e5 var Raul framme med eit par flasker sjampanje, som han i kjend stil serverte raust av. Deretter venta ein siste tur inn i hovudhuset for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 ulike maleri, mellom anna eit mala av bror til legendariske Don Pedro, den norskamerikanaren som verkeleg klarte \u00e5 sl\u00e5 seg opp \u2013 han gifta seg med dottera til den argentinske presidenten, og det er ogs\u00e5 sagt at han vann toppgevinsten i det nasjonale lotteriet. Og vi veit fr\u00e5 reklamen at lottomillion\u00e6rar kan finne p\u00e5 s\u00e5 mangt, inkludert \u00e5 betale polarforskarar (som Amundsen) ut av konkurs. Dette har p\u00e5 alle m\u00e5tar vore ein fantastisk dag, men no tok det til bli kveld og m\u00f8rkt, og da starta vi tilbake til storbyen i bilen til Raul igjen. Inne i byen m\u00f8tte vi eit enormt kaos med folk i store mengder som gjekk rundt i gatene, veiva med flagg medan dei song, hoia og skreik. I kveld er det fotballfinale i Buenos Aires, og da blir det verkeleg liv. Oppe ved hotellet var det ogs\u00e5 mykje folk og stor stemning, og hum\u00f8ret vart ikkje d\u00e5rlegare etter kvart som kampen gjekk og TV-skjermane i barane rundt viste at m\u00e5la tok til \u00e5 rulle inn. Sj\u00f8lv sneik vi oss inn p\u00e5 ei lita bule for \u00e5 f\u00e5 ein bitteliten matbit og litt drikke f\u00f8r vi i god tid f\u00f8r midnatt rusla tilbake p\u00e5 hotellet for \u00e5 sove litt. Og i morgon har vi ingen avtalar, s\u00e5 da blir det muleg \u00e5 jobbe litt og sj\u00e5 oss litt rundt \u2013 det er i alle fall planen.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r ny dagan her ved Rio Plata \u2026<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter ei god natt vakna eg heilt av meg sj\u00f8lv. I dag skulle vi bli henta klokka halv elleve, og dei f\u00f8rste timane av dagen vart brukt til ulike typar sm\u00e5syssel. Men sv\u00e6rt s\u00e5 presist kom Raul i Postmann Pat-bilen &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/11\/26\/torsdag-25-november-2021-buenos-aires-san-antonio-de-arejo\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-522","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/522","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=522"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/522\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":523,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/522\/revisions\/523"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=522"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=522"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=522"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}