{"id":524,"date":"2021-12-06T19:32:14","date_gmt":"2021-12-06T19:32:14","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=524"},"modified":"2021-12-06T19:32:14","modified_gmt":"2021-12-06T19:32:14","slug":"fredag-4-desember-2021-buenos-aires","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/12\/06\/fredag-4-desember-2021-buenos-aires\/","title":{"rendered":"Fredag 4. desember 2021; Buenos Aires"},"content":{"rendered":"\r\n<p>I dag er siste dagen med feltarbeid for meg denne gongen, og da skulle vi nord for byen, i ein \u00abbarrio\u00bb som ligg ein dryg halvtime med toget unna sentrum. Avtalen v\u00e5r var klokka tre, s\u00e5 vi \u00abhotellistane\u00bb m\u00f8ttest klokka eitt for \u00e5 ete lunsj f\u00f8r vi tusla ned p\u00e5 stasjonen der vi ogs\u00e5 m\u00f8tte Veronica. Toga her er jamt over fulle, og dei ser ogs\u00e5 relativt moderne ut, dei ligg p\u00e5 ingan m\u00e6te bak det vi er van med p\u00e5 \u00d8stfoldbanen. Rimeleg presise verkar dei ogs\u00e5 \u00e5 vere, noko som ein vanskeleg kan seie om \u00d8stfoldbanen, og hovudinntrykket er derfor godt. Og skal ein ogs\u00e5 leggje inn billettprisane, s\u00e5 er det ingen tvil om kven som kjem best ut, for i dette landet kjem ein langt for ein tikroner.<br \/><br \/>I denne forstaden skulle vi m\u00f8te to, ei mor i 80-\u00e5ra og dotter p\u00e5 drygt 50. OG her vart det snakka norsk med nokre danske trekk. Mora stamma ned fr\u00e5 to s\u00f8rlendingar som hadde vandra ut p\u00e5 1920-talet. Og heime hadde ho berre snakka norsk \u2013 spansk i heimen vart ikkje tolerert. Denne dama hadde s\u00e5 i sin tur gifta seg med ein danske, og det er nok spor etter han vi h\u00f8yrer i spr\u00e5ket til dei to. Og s\u00e6rleg dottera var tydeleg prega av denne dansken. Begge likte \u00e5 snakke norsk, og dei hadde mykje \u00e5 fortelje om som interesserte oss pampaslingvistane. S\u00e5 vart det ein lengre pause for \u00e5 ete, og da var det ikkje m\u00e5te p\u00e5 kor mykje mat dei sette fram, og det l\u00e5g ei tung forventning om at no m\u00e5tte vi verkeleg forsyne oss. Og da har ein liksom ikkje s\u00e5 andre val. Vi fekk ogs\u00e5 ein kort guida tur i heimen hennar, og dette er folk som like \u00e5 samle p\u00e5 ulike sm\u00e5ting. Mora samla mellom anna p\u00e5 teskeier, og ho hadde ei stor samling med slike skeier, og s\u00e6rleg suvenirskeier hadde ho lagt ein elsk til. Og samlinga m\u00e5 vel seiast \u00e5 vere n\u00e6r komplett n\u00e5r til og med ei skei med byv\u00e5penet til Steinkjer hadde funne vegen til samlinga. Elles var det ogs\u00e5 eit godt utval av b\u00e5de skandinaviske bordflagg, nissar og dokker, vikingskip og tobakkspiper, berre for \u00e5 nemne noko. Eg er veldig glad for at det ikkje er eg som har ansvaret for st\u00f8vt\u00f8rkinga i denne heimen. Banda til kvalfangst og S\u00f8r-Georgia var ogs\u00e5 synlege; i gangen hadde dei eit m\u00e5leri av fjella og fjorden rundt fangststasjonen Grytviken, og sj\u00f8lv om dette kanskje ikkje var kunst i verdsklasse, s\u00e5 var det tydeleg at kunstnaaren var ein habil m\u00e5lar. Etter at vi hadde ete, s\u00e5 var det p\u00e5 han igjen med meir opptak. Og her m\u00e5 eg innr\u00f8mme at eg sleit aldri s\u00e5 lite med \u00e5 halde meg vaken; eg s\u00e5g faktisk dobbelt og hadde veldig tungt for \u00e5 konsentrere meg, og det er i det heile frykteleg \u00e5 oppleve. Derfor var sp\u00f8rsm\u00e5la mine til tider rett og slett meiningslause. Heldigvis er var det andre med som kunne l\u00f8fte intelligensniv\u00e5et p\u00e5 utsp\u00f8rjinga og redde situasjonen litt. <br \/><br \/>Klokka sju m\u00e5tte dottera stikke, ho hadde ein annan avtale, men slike ting stoppar ikkje oss. N\u00e6rare \u00e5tte braut vi opp og kom oss med toget tilbake til sentrum igjen. Eg hadde h\u00e5pa p\u00e5 ein litt lang ettermiddag og kveld med pakking, men det vart ikkje s\u00e5 mykje tid til slikt sidan vi hadde bestilt bord p\u00e5 ein restaurant til klokka 23. Men eg fekk lempa mykje av \u00abstoffet\u00bb mitt opp i kofferten, og s\u00e5 f\u00e5r vi h\u00e5pe at han heng saman til eg er tilbake (noko som ikkje er s\u00e5 sikkert sidan glidel\u00e5sen vart delvis \u00f8ydelagd p\u00e5 turen opp i Misiones. Eg er lite lysten til \u00e5 finne tinga mine spreidde ut over transportbandet i Oslo.<br \/><br \/>Kvelden vart runda av med ein betre middag \u2013 vi hadde til og med bestilt bord, og klokka var vel rundt to da vi tok kvelden. Og i morgon ventar fly tilbake til gamlelandet for meg, medan dei tre andre blir igjen ei veke til for \u00e5 gjere meir feltarbeid.<br \/><br \/>Og slik gjekk nu den siste dagen her p\u00e5 pampasen\u2026<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag er siste dagen med feltarbeid for meg denne gongen, og da skulle vi nord for byen, i ein \u00abbarrio\u00bb som ligg ein dryg halvtime med toget unna sentrum. Avtalen v\u00e5r var klokka tre, s\u00e5 vi \u00abhotellistane\u00bb m\u00f8ttest klokka &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/12\/06\/fredag-4-desember-2021-buenos-aires\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-524","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/524","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=524"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/524\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":541,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/524\/revisions\/541"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=524"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=524"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=524"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}