{"id":527,"date":"2021-12-04T13:58:46","date_gmt":"2021-12-04T13:58:46","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=527"},"modified":"2021-12-04T13:58:46","modified_gmt":"2021-12-04T13:58:46","slug":"laurdag-27-november-2021-buenos-aires-posadas-overa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/12\/04\/laurdag-27-november-2021-buenos-aires-posadas-overa\/","title":{"rendered":"Laurdag 27. november 2021; Buenos Aires, Posadas, Overa"},"content":{"rendered":"<p>I dag starta vi den verkeleg store utflukta v\u00e5r, der vi skal inn i heilt ukjent landskap for feltarbeid. \u00c5 arbeide i Buenos Aires g\u00e5r greitt, vi har alle kjennskap til storbyar generelt og klarer \u00e5 ta oss fram, og Veronica er jo f\u00f8dd i denne byen, s\u00e5 da kan vi andre slappe av. Flatland med jordbruk er eit anna landskap vi har veldig god kjennskap til. Men i dag skulle vi alts\u00e5 inn i Misiones, og vi visste absolutt ikkje kva som venta oss. Avreisa var tidleg, i sjutida samlast vi i matsalen for litt frukost, men det vart lite dveling over br\u00f8dskiva, for klokka halv \u00e5tte vart vi henta for transport til flyplassen. Eigentleg hadde vi sikkert veldig god tid sidan flyet ikkje skulle g\u00e5 f\u00f8r litt f\u00f8r klokka ti, men i desse korona-tider veit ein jo ikkje kor fort ting g\u00e5r, dessutan var vi hotellistane usikre p\u00e5 kor stor denne flyplassen var og kor fort det ville g\u00e5 unna. Ein argentinar ville neppe stille s\u00e5 tidleg, noko ogs\u00e5 Veronica viste, der ho troppa opp i litt meir folkeleg tid. Deretter venta knappe 90 minutt i lufta f\u00f8r vi kunne lande i Misiones, i byen Posadas.<\/p>\n<p>Her vart vi m\u00f8tt av r\u00f8selege Sverre i siste del av 80-\u00e5ra, sonen og sonesonen hans; dei to eldste stilte med kvar sin bil for \u00e5 kunne transportere pr\u00e6rielingvistane vidare. For no venta knappe to timar i bil f\u00f8r vi var framme ved m\u00e5let v\u00e5rt, Overa. Det landskapet vi k\u00f8yrde igjennom liknar ikkje noko som eg tidlegare har sett, trur eg. Det er frodig og gr\u00f8nt, og det er i stor grad skoglandskap. Jorda er raud, og sj\u00f8lv ihuga fargeblinde kan sj\u00e5 at dette er noko anna enn traust tr\u00f8nderjord. For oss skandinavane var planane for dagen litt vage, vi skulle visst f\u00e5 snakke med Sverre i l\u00f8pet av dagen, og det skulle ogs\u00e5 vere noko grill-greier om kvelden, men elles var det meste litt uklart. Det einaste vi h\u00f8yrde, var at verten syntest at vi hadde sett av alt for lite tid til verkeleg \u00e5 f\u00e5 sett oss om i dette omr\u00e5det, og det hadde han sikkert heilt rett i. Framme i Overa stoppa bilkortesjen framfor hotell Casino, og der vart vi lempa av med melding om at vi ville bli henta om et par timars tid. Vi sjekka inn p\u00e5 denne merkelege plassen, der det slik hotellnamnet indikerer var sv\u00e6re salar for pengespel, og lokala tok alt til \u00e5 bli fulle av speleglade. Romma var ogs\u00e5 greie, og vi kunne slappe litt av f\u00f8r Sverre dukka opp til avtalt tid for \u00e5 hente oss. No gjekk vegen ned til omr\u00e5det der pionerane f\u00f8rst kom, og der det no var ein skole. Og det var unekteleg litt rart \u00e5 finne namnet Svea skriven inn \u00e5 ein statue her i den argentinske \u00abglesbygden\u00bb. Neste stopp var kyrkjegarden, ein plass der mange skandinavar hadde funne ein siste kvileplass. Og igjen er det veldig rart \u00e5 g\u00e5 rundt p\u00e5 ein gravplass her p\u00e5 det s\u00f8ramerikanske kontinentet og sj\u00e5 b\u00e5de skandinaviske namn, men ogs\u00e5 inskripsjonar p\u00e5 svensk og norsk. Og Sverre hadde mange historier \u00e5 fortelje om dei som l\u00e5g her. S\u00e5 gjekk turen vidare p\u00e5 det dei i Wisconsin ville kalle \u00ablort-r\u00e5dar\u00bb, og sj\u00f8lv om hovudvegane her ser ut til \u00e5 vere i god stand, er det eitt \u00e5 anna \u00e5 utsette p\u00e5 dei mindre bygdevegane. Og medan vi rulla igjennom dette landskapet, brukte Sverre tida til \u00e5 fortelje om plassen og folka. Til slutt ende vi opp heime hos guiden v\u00e5r, og medan han som vert blanda drinkar til oss, gjorde vi opptaksutstyret klart. Og Sverre, som sikkert hadde tenkt \u00e5 sitje i stolen sin utafor inngangen, m\u00e5tte i staden finne plass i stua, der vi hadde etablert studio. Eg tenkte at \u00e5 vere fire feltarbeidarar inne samtidig kunne kanskje bli litt for overveldande, s\u00e5 eg tusla derfor ut og s\u00e5g litt p\u00e5 den fantastiske hagen. Ikkje lenge etter kom kona Anna heim, og ho er sv\u00e6rt ivrig hobbygartnar og viste gjerne fram det ho dreiv med. Dette er ei dame av dansk opphav, men ho snakkar ei merkeleg nordisk blanding. Og medan Ola fr\u00e5 Sandefjord i f\u00f8lgje songen brukte engelsk og norsk, kunne Anna varte opp med ei blanding av norsk, svensk og dansk. Dette m\u00e5 vel vere noko av det n\u00e6raste ein kjem pan-nordisk.<\/p>\n<p>Etter kvart kom det ogs\u00e5 fram at jada, her skulle det bli skikkeleg fest. Sverre og Anna har ei stor tomt, og rundt tomtegrensa har mange av etterkommarane og slektningane sett seg opp hus. Og p\u00e5 grunn av korona-restriksjonane har dei no rigga seg til med eit utad\u00f8rs festomr\u00e5de med ein gedigen oppmura grill og eit heimelaga partytelt. Og der nede dreiv alt eit par karar p\u00e5 med \u00e5 grille, og det var ikkje sm\u00e5ting som skulle varmebehandlast \u2013 det var b\u00e5de store bryststykke av naut og halve grisar. Og det var heller ikkje tvil om at no skulle det bli fest, dei venta over tretti deltakarar.<\/p>\n<p>Etter kvart vart intervjuet av Sverre runda av, og i nitida tok det til \u00e5 str\u00f8yme p\u00e5 med glade slektningar med god, gammaldags \u00absendingskorg\u00bb med b\u00e5de mat og drikke. Og etter kvart som vi sessa oss rundt bordet, vart vi servert grilla kj\u00f8t i uhorvelege mengder, samtidig som dei heller ikkje var knipne med \u00e5 sl\u00e5 i glasa. Og at dette er \u00abnorskear\u00bb (som dei seier p\u00e5 pr\u00e6rien) var det ingen tvil om, mange av dei hadde norske namn (meir om dette seinare, trur eg), og fleire av dei kunne ogs\u00e5 nokre norske ord og fraser. Og i godt lag g\u00e5r tida fort, og rundt klokka eitt var det p\u00e5 tide for oss pr\u00e6rielingvistane \u00e5 kome oss tilbake p\u00e5 hotellet, og da fekk vi sj\u00f8lvsagt skyss inn til byen. Dette er verkeleg gjestfrie folk. Og medan gamblinga inne i kasinoet var p\u00e5 det mest intense, trekte vi pampaslingvistane oss stille og roleg til romma v\u00e5re \u2013 i morgon klokka 9 skal vi m\u00f8te i kyrkja, og da er det jo greitt \u00e5 f\u00e5 nokre timar p\u00e5 \u00f8ret f\u00f8rst.<\/p>\n<p>Og slik gjekk den f\u00f8rste dagen her i Overa.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag starta vi den verkeleg store utflukta v\u00e5r, der vi skal inn i heilt ukjent landskap for feltarbeid. \u00c5 arbeide i Buenos Aires g\u00e5r greitt, vi har alle kjennskap til storbyar generelt og klarer \u00e5 ta oss fram, og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/12\/04\/laurdag-27-november-2021-buenos-aires-posadas-overa\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-527","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/527","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=527"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/527\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":528,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/527\/revisions\/528"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=527"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=527"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=527"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}