{"id":529,"date":"2021-12-04T14:08:07","date_gmt":"2021-12-04T14:08:07","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=529"},"modified":"2021-12-04T14:08:07","modified_gmt":"2021-12-04T14:08:07","slug":"sondag-28-november-2020-overa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/12\/04\/sondag-28-november-2020-overa\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 28. november 2020: Overa"},"content":{"rendered":"<p>I dag er det s\u00f8ndag, men det betyr ikkje kviledag i form av at ein kan liggje og dra seg utover formiddagen. For den f\u00f8rste avtalen i dag var alts\u00e5 \u00e5 m\u00f8te i kyrkja klokka ni. I g\u00e5r var det godver, men p\u00e5 tur opp mot kyrkja tok det til \u00e5 regne litt, og det var tydeleg at vi ikkje kunne vente s\u00e5 mykje sol i dag. Den lutherske kyrkja her i byen er kanskje ikkje eit praktbygg p\u00e5 h\u00f8gd med Nidarosdomen eller Vatikanet, men s\u00e5 er det vel heller ikkje fjong arkitektur som er den viktigaste oppg\u00e5va til denne institusjonen. Sverre og Anna var her, og vi fire pampaslingvistane &#8211; og nokre til, men det var absolutt glissent med folk og veldig god plass mellom benkeradene her. Og det var ogs\u00e5 eit og anna ein som nordmann kunne dra kjensel p\u00e5 i messa, s\u00e6rleg eit par av songane. Og sj\u00f8lv om korkje dei spede r\u00f8ystene eller det famlande piano-akkompagnementet\u00a0 l\u00f8fta taket, s\u00e5 meiner eg bestemt at eg kunne kjenne igjen \u00f8nskekonsert-favoritten <em>Blott en dag<\/em>. Etter messa vart vi vist rundt i kyrkja, og den svenske bakgrunnen var sv\u00e6rt tydeleg. Framme i koret var det eit argentinsk og eit svensk flagg, og i fellesrommet ved sida av kyrkja var det hylle p\u00e5 hylle med svenske b\u00f8ker av ymse slag, gardiner med falu-hestar (er det ikkje det desse trehestane blir kalla?) og flagg og andre etniske mark\u00f8rar. Og p\u00e5 veggane hang det foto av tidlegare prestar, og da gjekk det opp for meg at det var i dette omr\u00e5det at filologen Gunvor Flodell dokumenterte det ho kalla \u00abmisiones-svenskan\u00bb p\u00e5 60- og 70-talet; mannen hennar var den siste svenskspr\u00e5klege presten her, og svensk vart faktisk i fast bruk i gudstenesta fram til i 1973, og det er jo ikkje s\u00e5 lenge sidan.<\/p>\n<p>Etter denne omvisinga gjekk vegen tilbake til hotellet der vi gjekk kvar til v\u00e5rt. Ute regna det og var torev\u00ear, s\u00e5 det planlagde programmet som Sverre hadde laga, m\u00e5tte leggjast om. Men klokka fire kom han og henta oss igjen, han ville vise oss litt rundt, og i tillegg skulle vi ein tur innom svenske Erik. Dette er ein merkeleg by som ligg i eit enda merkelegare landskap. Og den fleirspr\u00e5klege, eller kanskje rettare fleirkulturelle identiteten til denne byen er sv\u00e6rt synleg gjennom ulik skilt og namn. Etter kvart la vi byen bak oss (noko som ikkje tok s\u00e5 veldig lang tid) og bevega oss inn i meir rurale delar av dette landskapet. Her er det s\u00e6rleg te og yerva(er det slik dei skriv det, tru?) som dei dyrkar, og te-markene ser nesten ut som ein enormt stor stussa hekk. Vegstellet ute p\u00e5 bygda er ikkje s\u00e5 veldig imponerande, det er humpete jordvegar, og eg kan liksom forestille meg korleis desse blir n\u00e5r det styrtregnar. Og landskapet b\u00f8lga opp og ned og delar av det er sv\u00e6rt bakkete.<\/p>\n<p>Til slutt kom vi fram til svenske Erik, og dette var ein kar som likte \u00e5 fortelje og ogs\u00e5 \u00e5 vise fram, og det han hadde \u00e5 by p\u00e5, var absolutt interessant. Mora hans hadde skrive to b\u00f8ker om livet her i kolonien, og sidan desse kom ut i Sverige, b\u00f8r dette vere lesestoff som det er muleg \u00e5 f\u00e5 tak i heime. Sj\u00f8lv hadde han vore i Sverige fleire gonger, mellom anna budde han ei tid i Stenungsund som gutunge. Dessutan var han gammal idrettsmann, p\u00e5 veggen i stua hadde han hengt opp b\u00e5de eit spyd og ein stav, det siste hadde samanheng med at han var med i OL i Mexico i 1968 som stavhoppar, og det er det jo absolutt ikkje alle som har vore. Kort sagt, det vart eit par interessante timar i selskap med denne talef\u00f8re svensken. KOna var ogs\u00e5 talef\u00f8r, men ikkje p\u00e5 svensk, s\u00e5 eg trur kanskje at ho f\u00f8lte seg litt ignorert, men det f\u00e5r s\u00e5 vere denne gongen. Vi takka etter kvat for oss og reiste s\u00e5 tilbake til Sverre igjen, og no var det kona Anna som skulle dokumenterast \u2013 og igjen gjekk det veldig greitt med intervjuet. Dette er absolutt spr\u00e5kmektige folk, og p\u00e5 mange m\u00e5tar er dei ulike dei vi finn i Midtvesten. For det f\u00f8rste er dei vane med spr\u00e5kleg variasjon, s\u00e5 danskar, svenskar og nordmenn bruker morsm\u00e5let sitt her n\u00e5r dei m\u00f8test, og dermed forst\u00e5r dei ogs\u00e5 oss litt betre. Dessutan finn vi mindre spr\u00e5kblanding (eller kva ein no skal kalle det) med spansk. Etter opptaka returnerte vi til hotellet f\u00f8r vi til slutt gjekk ut for ein liten matbit \u2013 i selskap med eit kobbel gatehundar i byen som sprang rundt bordet v\u00e5rt og pr\u00f8vde \u00e5 gjere seg lekre.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag er det s\u00f8ndag, men det betyr ikkje kviledag i form av at ein kan liggje og dra seg utover formiddagen. For den f\u00f8rste avtalen i dag var alts\u00e5 \u00e5 m\u00f8te i kyrkja klokka ni. I g\u00e5r var det &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/12\/04\/sondag-28-november-2020-overa\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-529","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/529","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=529"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/529\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":530,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/529\/revisions\/530"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=529"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=529"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=529"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}