{"id":537,"date":"2021-12-04T14:37:38","date_gmt":"2021-12-04T14:37:38","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=537"},"modified":"2021-12-04T14:37:38","modified_gmt":"2021-12-04T14:37:38","slug":"torsdag-2-desember-og-fredag-3-desember-2021-buenos-aires","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/12\/04\/torsdag-2-desember-og-fredag-3-desember-2021-buenos-aires\/","title":{"rendered":"Torsdag 2. desember og fredag 3. desember 2021: Buenos Aires"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r (torsdag) hadde vi ingen avtale om \u00e5 gjere opptak. Derimot hadde vi ein lunsj-avtale: for eit par dagar sidan var vi tre hotellistane ute og gjekk ein liten tur i nabolaget, og da meinte Kari og Marie bestemt at dei tydeleg kunne h\u00f8yre ei dame snakke norsk til eit lite barn. For \u00e5 vere \u00e6rleg, s\u00e5 trudde eg kanskje at dei tulla litt med meg, men Kari tok mot til seg og strena inn i kafeen der dei to hadde g\u00e5tt in og tok kontakt. Og joda, dette var ei norsk dame, gift med ein argentinar, som var ute og lufta seg og sonen p\u00e5 rundt tre. Og da vart det oppretta kontakt, og i g\u00e5r skulle vi alts\u00e5 m\u00f8tast p\u00e5 ein ute-restaurant like ved biblioteket. Og det vart ei triveleg og interessant stund saman med denne Andrea &#8211;\u00a0 og etter kvart ogs\u00e5 ei venninne. Andrea er statsvitar og kan ta p\u00e5 seg desse analytiske\u00a0 brillene, og ho kunne derfor gi eit relativt kvalifisert bilete over stoda her i dette merkelege landet. For Argentina er verkeleg eit merkeleg og eigentleg dysfunksjonelt land der lite fungerer etter intensjonen, men der folk har l\u00e6rt seg til \u00e5 innrette seg og gjere livet leveleg s\u00e5nn litt p\u00e5 kanten av det meste. Av dei tinga vi har merka oss, er pengesystemet her. Den offisielle kursen er at ti pesos er rundt ei krone, men vekslar du dollar p\u00e5 svarteb\u00f8rsen f\u00e5r du ein mykje betre kurs der krona ligg n\u00e6r tjue pesos. Og i husannonsane er prisane berre i amerikanske dollar \u2013 og det har nok samanheng med ein noks\u00e5 hissig inflasjon. Eg forst\u00e5r berre ikkje korleis eit s\u00e5 rikt land som Argentina kan ha rota det s\u00e5 ille til for seg.<\/p>\n<p>Lunsjen var som sagt triveleg og interessant, og klokka seks hadde vi ein intern avtale av ikkje-lingvistisk karakter, og no turnerer vi metroen som om vi skulle vere banef\u00f8dde i denne byen. Avtalen var \u00e5 m\u00f8te Kari utafor ein restaurant \u2013 ho hadde vore heime hos Veronica for \u00e5 laste opp nokre file via internett. Og vi fann b\u00e5de Kari og restauranten, og denne restauranten var uvanleg anonym, det var berre ei ringeklokke med eit lite skilt som indikerte at her var det mat \u00e5 f\u00e5. Vi pr\u00f8vde forsiktig \u00e5 ringe p\u00e5, en utan noko resultat. Vi pr\u00f8vde ein gong til, og snart kom det ogs\u00e5 fleire som gjorde ein liten innsats p\u00e5 ringeklokka. Men som sagt, utan resultat. Vi inns\u00e5g derfor at dette neppe ville bli ei suksesshistorie og sette derfor kursen mot meir sentrumsn\u00e6re strok. Og p\u00e5 vegen dit kom vi over ein liten triveleg restaurant der vi fann ut at vi ville ete. Og p\u00e5 spansk vis delte vi p\u00e5 dei ulike matrettane, som inkluderte b\u00e5de spansk p\u00f8lse og blodp\u00f8lse. P\u00f8lsa ver veldig god, men blodp\u00f8lsa heldt dessverre ikkje spansk standard, s\u00e5 det siste var ein liten nedtur. Kvelden vart avslutta med busstur tilbake til hotellet.<\/p>\n<p>I dag, fredag, kunne Marie melde at ho ikkje var heit i form og at ho derfor helst ville bli igjen p\u00e5 rommet. Men vi hadde som vanleg avtale om intervju i dag ogs\u00e5 \u2013 og the show must og on &#8211; s\u00e5 Kari, Veronica og eg tok p\u00e5 seg denne oppg\u00e5va (dette er ein av fordelane ved \u00e5 vere s\u00e5 mange p\u00e5 feltarbeid, da blir ein litt mindre s\u00e5rbar). Denne gongen skulle vi m\u00f8te informanten v\u00e5r i 12-tida og litt p\u00e5 utsida av sentrum, i dei litt meir r\u00f8ffe nabolaga. Denne karen skulle vere \u00e5 finne p\u00e5 eit kontor, var forst\u00e5inga vi hadde. Vi fekk Uber-transport til denne adressa, og det var ein verkstad med ulike kontor. Og det viste seg at han vi skulle m\u00f8te, var sj\u00f8lvaste eigaren, ein triveleg og snakkesalig kar p\u00e5 rundt 70. Og her dreiv dei og laga pakningar, eller sim-ringar til hydraulikkpumper og oljeindustrien. Han viste oss rundt i produksjonslokalet, og her var det verkeleg litt av kvart \u00e5 sj\u00e5 seg hag i. Ikkje minst hadde han dreiebenkar, men det fanst ogs\u00e5 ulike presser, inkludert ei esse i det eine hj\u00f8rnet. Og historia til denne karen var litt annleis enn det vi har h\u00f8yrt s\u00e5 langt. For det f\u00f8rste hadde han bakgrunn fr\u00e5 \u00abdei andre\u00bb, foreldra hadde utvandra like etter krigen av grunnar som han var sv\u00e6rt open om. Far hans var ingeni\u00f8rutdanna fr\u00e5 NTH i Trondheim, og her nede hadde han m\u00f8tt Oskar Schindler, og Schindler hadde s\u00e5 kopla denne ingeni\u00f8ren med ei litt ugrei fortid med ein j\u00f8de som dreiv eit lite firma. Og desse litt umake kompanjongane hadde da bygd opp eit firma p\u00e5 over femti mann som produserte ulike mekaniske ting, og da kanskje s\u00e6rleg hydrauliske pumper. Og no var det sonen som dreiv dette vidare, rett nok i noko nedskalert form. Men det s\u00e5g ut til at denne karen dreiv godt trass i dei \u00f8konomiske vanskane ein elles finn i dette landet. Han hadde mellom anna hatt eit tett samarbeid med svenske firma, som Volvo og H\u00e4gglund, og han p\u00e5stod at han kunne snakke svensk ogs\u00e5. Kort sagt, her fekk vi h\u00f8yre ei noko anna livshistorie enn dei vi har m\u00f8tt s\u00e5 langt.<\/p>\n<p>Etter intervjuet ville han ta oss med ut for \u00e5 ete lunsj, og da tok han oss med til ein eldre, \u00e6rverdig restaurant ikkje langt unna verkstaden. Ogs\u00e5 dette var ei oppleving med veldig god mat og vin, og ogs\u00e5 mange nye historier fr\u00e5 livet her i Argentina. For oss var dette verkeleg eit ekstraordin\u00e6rt m\u00f8te som nyanserte biletet vi s\u00e5 langt har danna oss av det norsk-amerikanske samfunnet her nede. Og med dette ebba dagen p\u00e5 ein m\u00e5te litt ut. Marie f\u00f8lte seg litt betre utp\u00e5 kveldinga, s\u00e5 ho kunne bli med ut for \u00e5 ete middag p\u00e5 ein bar i nabolaget til hotellet.<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan\u2026<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r (torsdag) hadde vi ingen avtale om \u00e5 gjere opptak. Derimot hadde vi ein lunsj-avtale: for eit par dagar sidan var vi tre hotellistane ute og gjekk ein liten tur i nabolaget, og da meinte Kari og Marie bestemt &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2021\/12\/04\/torsdag-2-desember-og-fredag-3-desember-2021-buenos-aires\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-537","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/537","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=537"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/537\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":538,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/537\/revisions\/538"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=537"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=537"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=537"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}