{"id":54,"date":"2011-06-18T05:53:21","date_gmt":"2011-06-18T05:53:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=54"},"modified":"2011-06-18T05:53:21","modified_gmt":"2011-06-18T05:53:21","slug":"tysdag-14-juni-2011-wanamingo-decorah","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/18\/tysdag-14-juni-2011-wanamingo-decorah\/","title":{"rendered":"Tysdag 14. juni 2011: Wanamingo, Decorah"},"content":{"rendered":"<p>F\u00f8rste arbeidsdagen i Midtvesten, og dagen starta med tur til Wanamingo. Igjen imponerte eg med vidl\u00f8ftig GPS-bruk: eg skreiv inn byen Wanamingo i adressefeltet \u2013 gateadresse tok eg heilt p\u00e5 slump ut fr\u00e5 at dette er ein by med ei hovudgate og to sidegater. Og kunne vi berre sj\u00e5 vasst\u00e5rnet til denne sm\u00e5byen rage opp over pr\u00e6rien , s\u00e5 skulle nok det meste vere gjort. Joda, vi starta jo opp, og vi gjorde akkurat slik som kvinnestemma i GPS-en sa, og da ho meldte at vi var framme, sto vi midt i ein \u00e5ker \u2013 det var ingen teikn til sivilisasjon nokon stad. Javel, s\u00e5 var det fram med notatar og finne n\u00f8yaktig adresse, og da vart det tydeleg at vi ikkje akkurat hadde teki snarvegen. Vi passerte namn som Asphaug og Holden, men til slutt kom vi da fram og kunne begynne \u00e5 leite etter \u201csiviksenteret\u201d.<\/p>\n<p>Denne\u00a0byen er ikkje store greiene, men noko slikt senter var ikkje \u00e5 finne. Til sist s\u00e5g vi ein kar som gjekk nedover den eine av de f\u00e5 gatene, og da m\u00e5tte vi jo kunne sp\u00f8rje om vegen. Vi k\u00f8yrde bort til han, og Janne tok mot til seg, opna vindauget\u00a0og spurte om han visste kor dette senteret var. \u201cNo, I don\u2019t know , I\u2019m just visiting here\u201d, svara han p\u00e5 ein litt famlande engelsk med sv\u00e6rt sterk norsk aksent, og det var tydeleg at han ikkje f\u00f8lte seg s\u00e5 komfortabel med \u00e5 snakke dette verdsspr\u00e5ket. Ein liten augneblink lukta eg ein liten spr\u00e5kvitskapleg sensasjon, at denne mannen i 60-\u00e5ra var ein norskamerikanar som var sv\u00e6rt ust\u00f8 p\u00e5 engelsken og som til gjengjeld var ein kl\u00f8ppar til \u00e5 snakke norsk. S\u00e5 sv\u00e6rt oppgl\u00f8dd pr\u00f8vde eg med \u201cMen kor du kj\u00e6m fr\u00e5, du da?\u201d \u201cStj\u00f8rdalen\u201d, svara kroppen, \u201c\u00e6 e ut fer \u00e5 sj\u00e5 \u00e6tti n\u00e5 dial\u00e6ktf\u00f8lk \u00e6, sjuddu\u201d. Der brast den illusjonen, men i det minste kunne han hoppe inn og\u00a0hjelpe med \u00e5 finne dette bygget der det skulle sitje \u201cei kj\u00e6rring som sp\u00e6lle piano\u201d.<\/p>\n<p>Vi fann vegen, fekk rigga opp utstyret, og klokka ni dukka dei f\u00f8rste klientane opp. Twila, formannen i lokalhistorielaget og kontakten v\u00e5r, hadde laga eit stramt program der dei skulle kome to og to kvar time fram til klokka 12. Janne og eg delte folkemassen i to, ho hadde eit bord i den eine enden av rommet, medan eg sat i den andre. Og folk kom, dessverre viste det seg at dei folka som hadde ord p\u00e5 seg til \u00e5 vere retteleg st\u00f8dige i \u00e5 snakke norsk, hadde betre ting \u00e5 bruke dagen p\u00e5 enn \u00e5 sm\u00e5snakke med to spr\u00e5kinteresserte tullingar fr\u00e5 Noreg. Og av dei som dukka opp, var ogs\u00e5 spr\u00e5kferdigheitene litt varierande. Det kunne virke som om\u00a0eit par av dei\u00a0m\u00f8tte opp mest for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5. Men rett skal vere rett, nokre av dei snakka\u00a0godt norsk, s\u00e6rleg dei som hadde vore innom St. Olaf. Og talem\u00e5let\u00a0til mange\u00a0var tydeleg farga av tr\u00f8nderm\u00e5l, men tida med norskoppl\u00e6ring p\u00e5 St. Olaf hadde tydelegvis i nokre h\u00f8ve ogs\u00e5 sett sine spor. Eg ser heller ikkje bort fr\u00e5 at Janne viste storsinn mot ein stakkar eksil-tr\u00f8nder ved \u00e5 sende dei beste tr\u00f8nderane over til meg, medan ho sj\u00f8lv tok seg av dei litt meir vaklevorne. Og s\u00e6rleg ei av dei, ei retteleg triveleg dame tidleg i 80-\u00e5ra, varta opp med b\u00e5de dativ, palatalisering av velarar, i tillegg til at ho hadde eit gammalmodig vokalsystem.\u00a0Det er eigentleg heilt utruleg \u00e5 sitje i eit anna kontinent og kunne bruke min eigen dialekt som om det skulle vere retteleg eit verdsspr\u00e5k. Det vart nokre trivelege timar, og folka fortalte om laust og fast fr\u00e5 eit langt liv p\u00e5 pr\u00e6rien.<\/p>\n<p>Det var begrensa kva vi rakk over p\u00e5 desse tre timane, men det var da eitt og anna \u00e5 bite seg merke i om b\u00e5de livet og dauden her borte. Etter denne seansen var vi ein tur innom gavebutikken til den eine informanten, eller &laquo;giftst\u00e5ret&raquo;, som det heiter i denne delen av verda. Og denne kremmaren hadde mange merkelege ting i hyllene sine, inkludert Mors flatbr\u00f8d og Vangsgutane i harde permar. Eg blir aldri heilt klok p\u00e5 korleis n\u00e6ringsdrivande her ute p\u00e5 pr\u00e6rielivet resonerer.<br \/>\nTidleg p\u00e5 ettermiddagen gjekk turen til Decorah og konferanse \u2013 denne gongen med GPS. Og opninga av denne konferansen er jo som opninga av slike konferansar bruker \u00e5 vere, noko anna er det ikkje \u00e5 seie om det. P\u00e5 kvelden var det ei samlingsstund ved museet i Decorah, og der var det b\u00e5de underhaldning med norsk folkemusikk og anna oppbyggeleg for kropp og sjel. Og medan vi var der, dukka ein av informantane fr\u00e5 i haust opp, og vi hadde eit retteleg triveleg stund.<br \/>\nMed jetleg blir det tidleg kveld her borte, s\u00e5 p\u00e5 veg tilbake til Winnishek- dukka det opp enda ein gammal kjenning. \u00c5 g\u00e5 i gatene i Decorah er jo nesten som \u00e5 traske i g\u00e5gata i Halden \u2013 har ein talent for \u201cpreking\u201d, s\u00e5 har ein verkeleg mulegheita her borte.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan i Midtvesten<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>F\u00f8rste arbeidsdagen i Midtvesten, og dagen starta med tur til Wanamingo. Igjen imponerte eg med vidl\u00f8ftig GPS-bruk: eg skreiv inn byen Wanamingo i adressefeltet \u2013 gateadresse tok eg heilt p\u00e5 slump ut fr\u00e5 at dette er ein by med ei &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/18\/tysdag-14-juni-2011-wanamingo-decorah\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-54","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/54","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=54"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/54\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=54"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=54"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=54"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}