{"id":542,"date":"2022-11-06T17:49:04","date_gmt":"2022-11-06T17:49:04","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=542"},"modified":"2023-03-14T09:34:05","modified_gmt":"2023-03-14T09:34:05","slug":"mandag-31-oktober-og-tysdag-1-november-2022-halden-chicago-beliot-koshkonong-glenwood","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/06\/mandag-31-oktober-og-tysdag-1-november-2022-halden-chicago-beliot-koshkonong-glenwood\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 31. oktober og Tysdag 1. november 2022: Halden, Chicago, Beliot, Koshkonong, Glenwood"},"content":{"rendered":"\r\n<p>S\u00e5 blir det alts\u00e5 feltarbeid i \u00e5r ogs\u00e5, og denne gongen blir det ein skikkeleg tur der b\u00e5de pr\u00e6rie og pampas skal dekkast i l\u00f8pet av fem veker. Det er no fire \u00e5r sidan sist eg var p\u00e5 pr\u00e6rien, og er litt spent p\u00e5 om det framleis er muleg \u00e5 finne nye spr\u00e5kbrukarar ute p\u00e5 dei enorme viddene. Det vil vise seg. Turen starta i grei tid, klokka ni sette eg meg p\u00e5 toget i Halden, og eit par timar seinare m\u00f8tte eg Alexander p\u00e5 perrongen til flytoget, og det er alts\u00e5 vi to som no skal pr\u00f8ve \u00e5 utforske og dokumentere ulike finurlege spr\u00e5ktrekk ute p\u00e5 dei amerikanske \u00e5kerviddene. Tidlegare har eg hatt litt blanda erfaring med Islandair n\u00e5r eg har kryssa Dammen, men denne gongen gjekk det heilt fint, flya gjekk etter ruteplanen, overgangen i Keflavik gjekk ogs\u00e5 utan plunder og heft, og p\u00e5 vegen vidare kunne vi etter seks kjedelege timar i lufta lande i Chicago. Eg har tidlegare opplevd passkontrollen i denne storbyen som litt tr\u00f8blete, men denne gongen gjekk det veldig glatt, og eg meiner ogs\u00e5 \u00e5 kunne sj\u00e5 noko som med litt godvilje kunne like p\u00e5 eit smil hos ho som satt i skranken, men det er eg litt usikker p\u00e5. Trygt igjennom alle kontrollane kunne vi fortsette reisa med eit ekte lokaltog fr\u00e5 flyterminalen og ut til parkeringsomr\u00e5det. Her skulle vi hente ut ein leigebil, noko som i og for seg gjekk greitt, kanskje med unntak av at k\u00f8en gjekk frykteleg seint, og dama som styrte med dette hadde lite peiling p\u00e5 kva ho dreiv med og heller ikkje var s\u00e5 veldig lett \u00e5 forst\u00e5 der ho mumla med stor tyggis bak munnbindet. Men ho kunne alts\u00e5 fortelje at n\u00e5r vi skulle nordover mot Wisconsin, s\u00e5 m\u00e5tte vi f\u00f8lgje ein bomveg; men sidan leigebilen ikkje hadde brikke, og dei ikkje tok imot myntar her, s\u00e5 m\u00e5tte vi dessverre belage oss p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 bot, eller rettare b\u00f8ter. Og det ville nok bli mange b\u00f8ter sidan vi skulle igjennom fleire stasjonar f\u00f8r vi kom til Wisconsin. Kort sagt, dette kunne bli ein sv\u00e6rt kostbar tur. Men heldigvis var denne dama av dei mindre opplyste, for n\u00e5r vi kom til bilen og fekk snakka med folk der, kunne dei fortelje at joda, brikke var det i bilen, s\u00e5 dette ville p\u00e5 ingen m\u00e5te bli eit problem. S\u00e5 i l\u00e5nt Mazda kunne vi setje kursen nordover til Beloit. Vi fann fram til motellet, som i og for seg var OK, og vi kunne avslutte dagen med litt p\u00e5ss\u00e5mat f\u00f8r vi gjekk til sengs.<\/p>\r\n<p><br \/>I dag tidleg vakna eg i kjent stil noks\u00e5 tidleg, klokka var berre fem, og det var ur\u00e5d \u00e5 aktivere Ole Lukk\u00f8ye igjen, s\u00e5 rundt seks orka eg ikkje \u00e5 liggje meir, s\u00e5 eg karra meg opp og arbeidde litt med ulike ting, ikkje minst det \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 finne fram til nye kontaktar for oss her p\u00e5 pr\u00e6rien. Det vart ein roleg morgon, rundt ni m\u00f8tte eg Alex i frukostsalen, vi fekk etter kvart pakka bilen og var klare for \u00e5 m\u00f8te alt kva dette pr\u00e6rielandet har \u00e5 by p\u00e5. F\u00f8rste stopp var naturlegvis Koshkonong, for n\u00e5r ein f\u00f8rst er i denne delen av landet, er ein som pr\u00e6rielingvist nesten forplikta til \u00e5 sj\u00e5 innom her. Koshkonong i den s\u00f8raustre delen av Wisconsin blir rekna som eit av dei f\u00f8rste vellykka norske settlementa, og her var det fleire tusen av norsk \u00e6tt som slo seg ned. Norskamerikanarane kalla gjerne denne plassen Kaskeland, og derifr\u00e5 var vegen relativt kort for litt avundsjuke i andre bygdelag til eit litt med nedsetjande Kakseland. Folkehumoren vart tydelegvis med i amerikakofferten ogs\u00e5.<br \/><br \/>Vi sette kursen mot kyrkja her, og det var to ting som s\u00e6rleg slo oss. For det f\u00f8rste var kyrkjegarden veldig interessant, for her var det mangle gamle gravsteinar med norske namn og inskripsjonar. Men det mest sl\u00e5ande var at det her sto to norskamerikanske kyrkjer midt ute p\u00e5 pr\u00e6rien med berre eit steinkasts avstand. Og igjen er dette knytt til norskamerikanarane si godt utvikla evne til krangel og ufred. For rundt 150 \u00e5r sidan s\u00e5 rauk dei uklare over sp\u00f8rsm\u00e5let om predestinasjon. Eg er absolutt ingen teolog, s\u00e5 eg skal ikkje g\u00e5 i detaljar her, men det store sp\u00f8rsm\u00e5let gjekk p\u00e5 om frelse og fortaping var bestemt p\u00e5 f\u00f8rehand eller ikkje. Og slike sp\u00f8rsm\u00e5l var alts\u00e5 s\u00e5 vanskelege at ein del av menigheita bestemte seg for \u00e5 bryte ut og byggje si eiga kyrkje. S\u00e5 er det no s\u00e5 rart at det er krig i verda, kan ein lure, n\u00e5r slike teologiske finurlegheiter kunne splitte naboar, vener og familiar? <br \/><br \/>Det var nokre damer som arbeidde her, og dei inviterte oss inn for \u00e5 sj\u00e5 oss rundt. Den eine var lokalhistorikar, og ho ga oss ein solid introduksjon av kyrkjelivet i b\u00e5de tidlege og nyare tider her p\u00e5 pr\u00e6rien. <br \/><br \/>Etter denne danningsreisa m\u00e5tte vi bestemme oss for kva vi no skulle gjere, og i god Lykke og Fromme-stil meinte vi at Glenwood kanskje var eit omr\u00e5de det kunne vere lurt \u00e5 opps\u00f8ke. Eg hadde i \u00abgod tid\u00bb for avreisa til Amerika pr\u00f8vd \u00e5 opprette kontakt med tidegare kontaktar her, men e-posten kom etter ei tid i retur merka som ukjent mottakar. Men det kunne kanskje vere muleg \u00e5 finne noko berre vi kom oss dit. Vi hadde ogs\u00e5 litt lause tankar om at vi p\u00e5 turen skulle stoppe innom La Crosse for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 gitarbutikken hans Dave, og vi skulle ogs\u00e5 sj\u00e5 innom Wanamingo og be om \u00e5 f\u00e5 gjere opptak av kjenningar der. S\u00e5 vi starta med \u00e5 stille inn GPS-en til Westby, som jo burde liggje p\u00e5 vegen. Vi begynte \u00e5 k\u00f8yre vestover, gjennom Stoughton der Hamsun i april 1883 hadde foredrag om Bj\u00f8rnstjerne Bj\u00f8rnson &#8211; stort sett for tomme stolar. Vidare passerte vi Madison, og vi f\u00f8lgde motorvegen vestover. I Wisconsin Dells var det tid for ein matbit, og da sjekka eg e-posten: Formannen i Glenwood-losjen av Sons of Norway kunne melde at det skulle vere SoN-m\u00f8te den same kvelden klokka 19, og at var veldig velkomne der om vi ville. Det sette eigentleg fart i oss, for klokka var rundt tre alt, og det var over fem timar \u00e5 k\u00f8yre. Men dersom vi stod p\u00e5 litt, s\u00e5 kunne vi kanskje rekke det f\u00f8r dei stengde, om da ikkje rushtrafikken rundt dei s\u00e5kalla tvillingbyane skulle sinke oss. Etter ein uproblematisk biltur kunne vi litt over \u00e5tte rulle ned hovudgata i Glenwood. Problemet v\u00e5rt var at vi ikkje hadde peiling p\u00e5 kor Sons of Norway hadde m\u00f8te. Vi pr\u00f8vde oss f\u00f8rst i eit kvartal der eit kjapt google-s\u00f8k kunne indikerte at dei kanskje brukte \u00e5 samle seg, men der var det daudt. S\u00e5 snakka vi med nokre tilfeldige p\u00e5 ein parkeringsplass, og dei trudde dei heldt til i samfunnshuset, men der var det heller ingen norske flagg \u00e5 sj\u00e5. Til slutt ringde vi til formannen (noko som vi sj\u00f8lvsagt burde ha gjort med ein gong), og da fekk vi h\u00f8yre kor dei var \u2013 og at alle hadde g\u00e5tt. Men han skulle vente p\u00e5 oss. Og s\u00f8lv om dette var bomtur, kunne han melde at vi skulle m\u00f8te to norskspr\u00e5klege dagen etter, p\u00e5 kaffi-hj\u00f8rnet i \u00abgrosserist\u00e5ret\u00bb klokka 10. Og dette var jo veldig godt nytt for Lykke og Fromme, og heller ikkje kvaliteten p\u00e5 motellet som vi hadde bestilt, der insekta kravla i taket, kunne ta fr\u00e5 oss kjensla av lykke og oppstemdheit. S\u00e5 blir det alts\u00e5 opptak p\u00e5 pr\u00e6rien i \u00e5r ogs\u00e5, fire \u00e5r etter sist eg gjorde det. <br \/><br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan her i dette merkelege landet \u2026..<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 blir det alts\u00e5 feltarbeid i \u00e5r ogs\u00e5, og denne gongen blir det ein skikkeleg tur der b\u00e5de pr\u00e6rie og pampas skal dekkast i l\u00f8pet av fem veker. Det er no fire \u00e5r sidan sist eg var p\u00e5 pr\u00e6rien, og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/06\/mandag-31-oktober-og-tysdag-1-november-2022-halden-chicago-beliot-koshkonong-glenwood\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-542","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/542","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=542"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/542\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":607,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/542\/revisions\/607"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=542"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=542"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=542"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}