{"id":546,"date":"2022-11-06T17:54:36","date_gmt":"2022-11-06T17:54:36","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=546"},"modified":"2025-10-02T22:18:18","modified_gmt":"2025-10-02T22:18:18","slug":"onsdag-2-november-2022-glenwood-mn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/06\/onsdag-2-november-2022-glenwood-mn\/","title":{"rendered":"Onsdag 2. november 2022: Glenwood, MN"},"content":{"rendered":"<p>I dag vakna eg til \u00abvanleg\u00bb tid, dvs. noko som kan minne om norsk tid, og det betyr jo at ein kjem seg opp av senga i rimeleg tid. Vi hadde ein enkel frukost (vaffel &amp; kaffi) og sjekka ut f\u00f8r vi sette kursen mot hovudgata. Etter bittelitt slit med \u00e5 finne fram til denne m\u00f8testaden, kunne vi nokre minutt over ti storme inn p\u00e5 grosserist\u00e5ret og kaffikroken der. Her satt den lokale formannen i SoN saman med to andre karar, og det var alts\u00e5 desse to som skulle vere s\u00e5 spr\u00e5kmektige. Men denne spr\u00e5kmektigheita var nok dessverre litt oppskrytt, for etter \u00e5 ha ramsa av seg eit par norske gloser m\u00e5tte den eine g\u00e5, og den andre kunne samtidig melde at han aldri hadde l\u00e6rt norsk, derimot meinte han seg godt kompetent til \u00e5 synge ulike \u00abnorske\u00bb songar om ulike utfordringar knytt til kunsten \u00e5 ete lutefisk. I eit utslag av ekstrem optimisme hadde vi ogs\u00e5 drassa med oss eit lass med opptaksutstyr \u2013 men vi pakka det aldri ut. Bomtur, alts\u00e5. Etter litt kaffi og sm\u00e5prat tok vi turen ned til county-museet, og om det heller ikkje der var s\u00e5 veldig mange spr\u00e5kdata \u00e5 finne, s\u00e5 var det mykje anna der som b\u00f8r interessere pr\u00e6rielingvistar som oss. For her var det fullt av gamle kart, b\u00f8ker og protokollar av ymse slag som dokumenterer historia til Pope County. Og det fine er at mykje no ogs\u00e5 er digitalisert og er\/skal bli tilgjengeleg gjennom nettet. Vi hadde to veldig trivelege timar nede p\u00e5 museet.<\/p>\n<p>Motellet vi hadde i natt, var ikkje akkurat s\u00e5 mykje \u00e5 skryte av, og etter kvart tikka det inn ei meldig om at vi hadde ein avtale om intervju klokka 4, men han lurte p\u00e5 kor vi skulle vere. Derfor har vi ogs\u00e5 oppgradert motellet litt slik at vi kan gjere intervjua p\u00e5 rommet, og det nye motellet mellom sentrum og vatnet var absolutt prima. Eg har rett nok vore her ein gong tidlegare, men eg hugsa likevel ikkje at det hadde slik standard. No m\u00e5 det ogs\u00e5 leggjast til at motella her no held norske prisar; medan ein tidlegare kunne sove reint og godt for rundt 800 kroner natta, m\u00e5 ein no gjerne opp i 1300. Dollarkursen har det meste av skulda for dette, i tillegg til\u00a0 amerikansk inflasjon. S\u00e5 alts\u00e5 klokka fire dukka det opp ein kar som var sv\u00e6rt ivrig etter \u00e5 snakke norsk. Du store min som han snakka, og i l\u00f8pet av dei nesten tre timane han var innom oss, ga han oss sv\u00e6rt mykje data. S\u00e5 bomturen no tidlegare i dag vart p\u00e5 alle m\u00e5tar gl\u00f8ymt n\u00e5r det ogs\u00e5 finst folk som dette. Moro for oss, og eg trur ogs\u00e5 at det var moro for han.<\/p>\n<p>Vi runda av kvelden med ein tur ned p\u00e5 restauranten nede ved \u00ableiken\u00bb der det vart steikt walleye. Gode og mette kunne vi runde av dagen.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i Minnesota\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vakna eg til \u00abvanleg\u00bb tid, dvs. noko som kan minne om norsk tid, og det betyr jo at ein kjem seg opp av senga i rimeleg tid. Vi hadde ein enkel frukost (vaffel &amp; kaffi) og sjekka ut &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/06\/onsdag-2-november-2022-glenwood-mn\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-546","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/546","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=546"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/546\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":665,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/546\/revisions\/665"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=546"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=546"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=546"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}