{"id":558,"date":"2022-11-11T05:40:55","date_gmt":"2022-11-11T05:40:55","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=558"},"modified":"2025-09-23T19:12:34","modified_gmt":"2025-09-23T19:12:34","slug":"laurdag-5-november-2022-fargo-alexandria","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/11\/laurdag-5-november-2022-fargo-alexandria\/","title":{"rendered":"Laurdag 5. november 2022; Fargo, Alexandria"},"content":{"rendered":"<p>I dag vakna eg i litt meir \u00abvanleg\u00bb tid, eg tek alts\u00e5 til \u00e5 bli akklimatisert til rytmen her p\u00e5 viddene. Og dagens avtale var med ein av dei norskamerikanske sm\u00e5kongane her i Sons of Norway-losjen i sentrum klokka 11. Morgonen brukte eg til ulike sm\u00e5ting av meir administrativ art, og litt f\u00f8r elleve var pr\u00e6rieskonnerten fullasta og klar.<\/p>\n<p>\u00c5 finne fram til losjen var lett \u2013 i alle fall n\u00e5r ein har hjelp av GPS. Og i d\u00f8ra der vart vi m\u00f8tt av to trivelege karar, kontakten v\u00e5r og leiaren for losjen. Og begge snakka godt norsk. Det var veldig tydeleg at for dei var det veldig viktig \u00e5 vise fram sj\u00f8lve losjen, og det st\u00e5r ikkje \u00e5 nekte for at dette er eit imponerande bygg med b\u00e5de restaurantdel, festsal og bar. Karane la ut om alle dei ulike detaljane ved bygget, medan Lykke og fromme hengde seg p\u00e5 og pr\u00f8vde \u00e5 ta inn over seg dei ulike interi\u00f8rarkitektoniske detaljane. Eg trur kanskje at vi begge to syntest at dette var litt \u00abover the top\u00bb, for det var ikkje m\u00e5te p\u00e5 korleis vikingar, troll og bonderomantikk vart koka saman. Men samtidig var dette veldig fascinerande for slike som oss.<\/p>\n<p>Vi hadde eigentleg venta ein liten k\u00f8 av spr\u00e5kmektige her, men det var det ikkje, no n\u00e5r hjortejakta har starta, s\u00e5 er det nok ur\u00e5d \u00e5 kalle inn spr\u00e5kmektige norskamerikanarar p\u00e5 s\u00e5 kort varsel. Men ein f\u00e5r ta til takke med det ein har, derfor konsentrerte vi oss om dei to vi hadde, og det var eigentleg interessant nok. Presidenten i Sons of Norway er er pensjonert prest, og han studerte ei tid i Noreg, i tillegg til at han ei kort tid var prest i Salten. Og dette hadde sett spr\u00e5klege spor: han fortalte at faren var det som dei i Westby ville kalle \u00abFlekkefjording\u00bb, med bakgrunn p\u00e5 S\u00f8rvestlandet, og dette prega til ein viss grad spr\u00e5ket hans.\u00a0 For til vanleg snakka han \u00abbokm\u00e5lsk\u00bb, alts\u00e5 litt norsk etter l\u00e6reboka. Men s\u00e5 glei han etter kvart over til \u00e5 bli s\u00f8rlending med bl\u00f8de konsonantar og mild stemme. Deretter kunne han varte opp med nordnorske intonasjonsm\u00f8nester, i tillegg til \u00ab\u00e6\u00bb og \u00abikkje\u00bb. Dette var ei veldig interessant stund, og sj\u00f8lv om vi ikkje fekk s\u00e5 mange som vi hadde h\u00e5pa p\u00e5, s\u00e5 var det veldig interessant \u00e5 m\u00f8te desse to. Litt over klokka eitt hinta dei at dei hadde andre avtalar snart, og s\u00e5 godt danna som Lykke og fromme er, tok dei hintet. S\u00e5 i to-tida tok vi ut kursen mot Alexandria, ikkje langt fr\u00e5 Glenwood. For vi har dei siste timane f\u00e5tt hint om at det kanskje kan vere fleire norskspr\u00e5klege i omr\u00e5det rundt Glenwood som gjerne vil snakke med oss. Og vi kunne sj\u00f8lvsagt ha sett kursen mot Wisconsin med ein gong, men trass alt s\u00e5 er det laurdag, og det kunne jo vere litt OK med ein bitteliten pause fr\u00e5 organisert pr\u00e6rielingvistikk. Motellet i Alexandria var ei aldri s\u00e5 lita oppgradering fr\u00e5 motellet i Fargo, sj\u00f8lv om vi ikkje kan snakke om uhemma luksus. Men det var reint (noko eg med alderen har l\u00e6rt \u00e5 setje pris p\u00e5), og senga var ogs\u00e5 rimeleg bra (og det har eg heller ikkje noko i mot). Men her hadde vi ingen kontaktar, s\u00e5 eigentleg var planen v\u00e5r \u00e5 vere her litt i h\u00e5p om at det skulle dukke opp litt fleire i Glenwood-omr\u00e5det, og det gjorde det faktisk. Kontanten v\u00e5r, Arlene, meinte at ho kunne skrape saman eit par til som vi kan ta i morgon. S\u00e5 da er det berre \u00e5 vente. Vi hadde ein roleg ettermiddag og kveld, og det var eigentleg godt etter nokre hektiske dagar. Og kvelden vart runda av p\u00e5 \u00abetarplassen\u00bb ved sida, der vi hadde selskap av mange jegerar i kamuflasjedressar om kanskje hadde noko \u00e5 feire, og kanskje ikkje.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her i dette merkelege landet\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vakna eg i litt meir \u00abvanleg\u00bb tid, eg tek alts\u00e5 til \u00e5 bli akklimatisert til rytmen her p\u00e5 viddene. Og dagens avtale var med ein av dei norskamerikanske sm\u00e5kongane her i Sons of Norway-losjen i sentrum klokka 11. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/11\/laurdag-5-november-2022-fargo-alexandria\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-558","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/558","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=558"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/558\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":648,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/558\/revisions\/648"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=558"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=558"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=558"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}