{"id":56,"date":"2011-06-19T14:10:46","date_gmt":"2011-06-19T14:10:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=56"},"modified":"2011-06-19T14:10:46","modified_gmt":"2011-06-19T14:10:46","slug":"onsdag-15-og-tordag-16-decorah","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/19\/onsdag-15-og-tordag-16-decorah\/","title":{"rendered":"Onsdag 15 og tordag 16: Decorah"},"content":{"rendered":"<p>Konferansar er jo konferansar, noko denne ogs\u00e5 er: Nokre av presentasjonane er sv\u00e6rt interessante, andre er kanskje mindre interessante for oss spr\u00e5kfolk, nokre folk er gode til \u00e5 presentere, andre er mindre gode til \u00e5 presentere, nokre klarer \u00e5 halde tida, andre klarer det ikkje, nokre pr\u00f8ver \u00e5 halde tida, andre pr\u00f8ver ikkje \u2026 Ut fr\u00e5 det eg har h\u00f8yrt, skulle det i gammal tid g\u00e5 ganske heitt for seg n\u00e5r hallingane hadde stevne rundt Spring Grove og Decorah, og b\u00e5de knyttnevar og knivblad kunne f\u00e5 ein aldri s\u00e5 liten luftetur p\u00e5 vegen mellom bukselomma og ein storkjefta sogning. Slik sett er denne samlinga v\u00e5r i Decorah b\u00e5de harmonisk og fredfull, sj\u00f8lv om det ogs\u00e5 her kan vere litt fagleg usemje og litt temperatur. Denne konferansen har vori sv\u00e6rt godt organisert, og eg skal ikkje bruke tid p\u00e5 \u00e5 beskrive han n\u00e6rare ut over \u00e5 nemne eit par minneverdige episodar.<\/p>\n<p>Onsdagen ved nonsleite var vi p\u00e5 utflukt til Washington Prairie-kyrkja, som ligg eit stykke utafor Decorah. Denne kyrkja er kjent for fleire generasjonar med\u00a0Koren-prestar, og kanskje ikkje minst for prestfrua, Elisabeth Koren, som sat her ute og skreiv dagbok og elles pr\u00f8vde \u00e5 f\u00e5 tida til \u00e5 g\u00e5 som best ho kunne. For ein som ikkje har ei spesiell interesse for tyskinspirert kyrkjearkitektur, ser denne kyrkja ut som mange andre kyrkjer her borte. Og det er heller ikkje kyrkjearkitektur eg har tenkt \u00e5 skrive om her. Derimot har eg lyst til \u00e5 ofre nokre bin\u00e6re teikn p\u00e5 lunsjen dei serverte oss. Dette skulle etter det dei sa vere ein typisk kyrkjelunsj. Ein gong for mange \u00e5r sidan var eg inne i Wisconsin og fekk servert kj\u00f8ttkaker, lutefisk og r\u00f8mmegraut p\u00e5 same tallerkenen, ein kombinasjon som eg da opplevde som sv\u00e6rt s\u00e5 banebrytande i h\u00f8ve til det eg var van med fr\u00e5 kj\u00f8kenet heime i Inntr\u00f8ndelag. Men det vi fekk oppleve no, var fullt p\u00e5 h\u00f8gde: her serverte dei noko dei kalla Slappy Joe (hamburgarbr\u00f8d med steikt kj\u00f8ttdeig blanda opp med ein eller annan udefinerbar kjemisk substans), pastasalat, sukkergelear, fruktkrem, potetsalat og piska krem. Dette er visst noko som h\u00f8yrer naturleg saman her borte og som har sterk appell til amerikanske ganar. Men eg fekk det da ned.<\/p>\n<p>Torsdagsmorgonen skulle vi spr\u00e5kfolka til med foredraga sine. Janne var f\u00f8rst ut, deretter var det min tur f\u00f8r ungdommane fr\u00e5 Madison runda av. Det er alltid vanskeleg \u00e5 vurdere korleis ein blir oppfatta av andre, for det st\u00e5r nok ikkje til \u00e5 nekte for at vi spr\u00e5kinteresserte er litt framande fuglar i dette historie-interesserte selskapet. Og dersom ein er s\u00e5 uheldig \u00e5 nemne noko slikt som dativ, s\u00e5 kan det lett f\u00f8re til mange sp\u00f8rsm\u00e5l og krav fr\u00e5 f\u00f8rste benk om privatundervisning og lynkurs i kva denne dativ-greia eigentleg er. Men alle vi fire overlevde utan \u00e5 m\u00f8te trugsm\u00e5l om juling, og det bruker jo gjerne vere eit godt teikn p\u00e5 desse kantar. Det som st\u00e5r att no i etterkant blir \u00e5 arbeide vidare med noko av dette stoffet slik at levebr\u00f8det til arbeidsfolket p\u00e5 Saugbruksforeningen heime i Halden ogs\u00e5 blir sikra.<\/p>\n<p>Etter endt dyst var vi p\u00e5 boklansering i det lokale \u201cbok-st\u00e5ret\u201d. Forfattaren Johan Harstad er i Amerika og presenterer boka si om Buzz Aldrin (dvs. det er kanskje ikkje Buzz som er hovudpersonen her, men det er ei anna sak). Igjen ei litt merkeleg oppleving \u2013 \u00e5 sitje p\u00e5 f\u00f8rste benk p\u00e5 eit anna kontinent og m\u00f8ter ein norsk forfattar som les fr\u00e5 boka si p\u00e5 engelsk. Og p\u00e5 f\u00f8rste benk sat ogs\u00e5 eit anna merkeleg fenomen, ein norskamerikanar tidleg i 20-\u00e5ra som snakka flytande norsk. Ut fr\u00e5 det han sa, hadde han l\u00e6rt seg norsk gjennom \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 norskkurs oppi Minnesota. Utruleg. M\u00e5tte vi alle f\u00e5 tilbod om slike kurs!<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her i Midtvesten<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Konferansar er jo konferansar, noko denne ogs\u00e5 er: Nokre av presentasjonane er sv\u00e6rt interessante, andre er kanskje mindre interessante for oss spr\u00e5kfolk, nokre folk er gode til \u00e5 presentere, andre er mindre gode til \u00e5 presentere, nokre klarer \u00e5 halde &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/19\/onsdag-15-og-tordag-16-decorah\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-56","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/56","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=56"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/56\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=56"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=56"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=56"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}