{"id":562,"date":"2022-11-11T17:20:40","date_gmt":"2022-11-11T17:20:40","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=562"},"modified":"2025-09-23T18:51:20","modified_gmt":"2025-09-23T18:51:20","slug":"sondag-6-november-alexandria-brooten-wanamingo-la-crosse","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/11\/sondag-6-november-alexandria-brooten-wanamingo-la-crosse\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 6. november 2022: Alexandria, Brooten, Wanamingo, La Crosse"},"content":{"rendered":"<p>S\u00f8ndag \u2013 og endeleg ein litt lang s\u00f8ndagsmorgon. For det f\u00f8rste har vi ikkje avtale f\u00f8r i Brooten klokka eitt; dessutan fekk vi ein time ekstra p\u00e5 grunn av at amerikanarane slo til med vintertid i natt. S\u00e5 dermed vart det ein litt roleg morgon med god tid over kaffikopp og avis f\u00f8r vi pakka saman \u00abstoffet\u00bb v\u00e5rt. For \u00e5 sleppe \u00e5 sitte i bilen og vente p\u00e5 at klokka skulle bli halv eitt, sat vi i resepsjonen i staden og jobba litt. Og ikkje minst brukte vi tida til \u00e5 tulle: av ein eller annan grunn (joda, grunnen er nok at vi til tider sit time etter time i bil medan vi rullar over pr\u00e6rien, og da er det jo fint \u00e5 finne noko \u00e5 korte tida med) s\u00e5 har vi f\u00e5tt det for oss at vi skal kommunisere p\u00e5 eit tullespr\u00e5k som kanskje kan minne om pr\u00e6rie-lomsk, der trykkforskyving, preaspirasjon av klusivar og etterleddstrykk er sentrale ingrediensar, i tillegg til dativ og slike heftige ting. Og for oss to som driv med dette, er det (til tider) veldig moro (n\u00e5r ein absolutt ikkje har noko anna \u00e5 bruke tida p\u00e5), men for andre blir det sikkert oppfatta som eit sikkert teikn p\u00e5 ein eller annan alvorleg psykisk diagnose. Men alts\u00e5, vi kan bruke time etter time p\u00e5 \u00e5 tulleprate p\u00e5 denne m\u00e5ten. N\u00e5r eg tenker meg om, s\u00e5 kan eg vanskeleg forestille meg at Seip og Selmer eller Haugen og Oftedal dreiv p\u00e5 med slike ting \u2013 men for Lykke og fromme er dette absolutt \u00abinnafor\u00bb.<\/p>\n<p>S\u00e5 ja, i tolvtida lempa vi tinga v\u00e5re (som etter kvart har vorte noks\u00e5 mange) inn i bilen. Og for \u00e5 seie noko om bilen \u2013 vi bestilte ein liten SUV, og det var vel ogs\u00e5 det vi fekk, ein Mazda CX 30, som burde vere meir enn stor nok for to, men n\u00e5r vi fyller opp bakrommet med to store koffertar, er det ikkje meir plass der, s\u00e5 baksetet er ogs\u00e5 noks\u00e5 bomba. Logistikkmessig er det veldig bra at vi berre er to p\u00e5 denne turen, det er rett og slett ikkje plass til ein tredje i baksetet. Men s\u00e5 er vi ogs\u00e5 berre to, jau, jau, slikk e de \u2026.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 denne gongen sleit vi litt med \u00e5 finne fram i Brooten, for dette er absolutt det som m\u00e5 kallast rurale strok. Men Lykke og fromme har jo vore ute ein vinterdag f\u00f8r, s\u00e5 vi fann fram i rimeleg grei tid. Eigentleg s\u00e5 godt tid at vi (p\u00e5 tulle-gudbrandsdalsk) starta diskusjonen om vi berre skulle sitte i bilen til klokka var eitt, eller om det var \u00abinnafor\u00bb \u00e5 ta kontakt litt tidlegare dersom ein no skulle vere s\u00e5 uheldig \u00e5 kome for tidleg \u2013 ingen av oss to er eigentleg slik innretta at vi bruker \u00e5 kome for tidleg og har lang erfaring med det. Det vart til at vi banka p\u00e5.<\/p>\n<p>Her hadde kontakten v\u00e5r invitert ein dame i 90-\u00e5rs som kunne snakke norsk. Og det gjorde ho sikkert, utfordringa v\u00e5r var at dottera var med som sj\u00e5f\u00f8r og hadde uvanleg stort h\u00e5p om at mora skulle st\u00e5 fram som ei stor spr\u00e5kstjerne. Og om det er litt krevjande \u00e5 hente fram eit litt skranglete spr\u00e5kregister litt p\u00e5 sparket, s\u00e5 blir det ikkje s\u00e6rleg betre av at etterslekta er med og i klarspr\u00e5k melder inn kva forventingar dei har til fleirspr\u00e5klegheit og mangfald. Men joda, dama snakka jo ho, og det var eigentleg ei veldig triveleg stund vi hadde der. Vi skulle gjerne ha vore der litt tid, men pr\u00e6rielingvistikken er ein hard herre, vi hadde ein litt uklar avtale om m\u00f8te heilt nede i Wanamingo (fire timar med bil), s\u00e5 etter at vi hadde f\u00e5tt gjort opptaka v\u00e5re, m\u00e5tte vi berre reise vidare s\u00f8raustover inn i tr\u00f8ndsk landskap, til Goodhue county og Wanamingo, der vi skulle m\u00f8te inntr\u00f8ndske Irene. Dermed var det berre \u00e5 finne fram det \u00a0tulle-gudbrandsdalske registeret og navigere seg gjennom nesten fire timar med pr\u00e6rielandskap. Vi kom fram til Wanamingo i tidleg-kveldinga, og vi hadde eit veldig triveleg m\u00f8te med Irene. Vi hadde eigentleg mykje \u00e5 oppdatere kvarandre p\u00e5 etter nesten fire \u00e5r, og ho ser ut til \u00e5 klare seg bra, sj\u00f8lv om ho vart \u00e5leine for eit lite \u00e5r sidan. Opptaksutstyret kom ogs\u00e5 fram, s\u00e5 unge Lykke kunne da hente inn strukturerte data, i tillegg gjekk opptaksutstyret medan vi drakk kaffi og \u00e5t pai. Og viktigast av alt, s\u00e5 var dette ei veldig triveleg stund. Men det tok til \u00e5 bli seint, og vi hadde framleis rundt to timar vidare f\u00f8r vi var i La Crosse, der vi skulle overnatte. Denne etappa gjekk heilt glatt: etter \u00e5 ha teke avskil med Irene kunne vi p\u00e5 tullegudbrandsdalsk kommentere oss igjennom eit nytt landskap f\u00f8r vi etter kvart var nede i dalen og ved Mississippi-elva. Deretter trong eg litt hjelp fr\u00e5 GPS-en, sidan eg ikkje er heilt sikker p\u00e5 kor dette hotellet er. Men joda, vi fann det, og dette er absolutt \u00aball time hight\u00bb n\u00e5r det gjeld overnatting, ph\u00e6nt\u00e6stic!!!! Alt av restaurantar ser ut til \u00e5 vere stengt no, s\u00e5 vi ende opp med ein pizza og litt \u00f8l p\u00e5 rommet f\u00f8r vi tok kvelden: makelaust!!!<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i dette mangfaldige spr\u00e5klandskapet \u2026.!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00f8ndag \u2013 og endeleg ein litt lang s\u00f8ndagsmorgon. For det f\u00f8rste har vi ikkje avtale f\u00f8r i Brooten klokka eitt; dessutan fekk vi ein time ekstra p\u00e5 grunn av at amerikanarane slo til med vintertid i natt. S\u00e5 dermed vart &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/11\/sondag-6-november-alexandria-brooten-wanamingo-la-crosse\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-562","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/562","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=562"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/562\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":647,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/562\/revisions\/647"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=562"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=562"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=562"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}