{"id":569,"date":"2022-11-18T17:47:55","date_gmt":"2022-11-18T17:47:55","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=569"},"modified":"2025-10-02T22:01:14","modified_gmt":"2025-10-02T22:01:14","slug":"tysdag-8-november-westby-viroqua-og-la-crosse","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/18\/tysdag-8-november-westby-viroqua-og-la-crosse\/","title":{"rendered":"Tysdag 8. november 2022: Westby, Viroqua og La Crosse"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 kom alts\u00e5 siste dagen med feltarbeid her p\u00e5 pr\u00e6rieviddene for denne gongen, og klokka ti hadde vi avtale med Tip og Bonnie i Vanilje-kyrkja. Tip er ein av dei vi har gjort opptak av over mange \u00e5r, fr\u00e5 tidleg 1990-talet og fram til i dag, s\u00e5 slik sett b\u00f8r han vere interessant. Og sj\u00f8lv om han synest han tek til \u00e5 bli gammal med 90 \u00e5r p\u00e5 baken, s\u00e5 har han framleis moro av \u00e5 snakke norsk. Og med seg hadde han ogs\u00e5 den eldste dottera, som er f\u00f8dd p\u00e5 slutten av 1950-talet; ogs\u00e5 ho synest det er moro med norsk. S\u00e5 det vart alts\u00e5 ei aldri s\u00e5 lita feststund oppe i kyrkja medan desse to snakka. S\u00e5 kom det ei anna dame som kyrkja hadde henta inn, og ho kunne ogs\u00e5 snakke norsk, men det er noko med konteksten n\u00e5r mange norskamerikanarar m\u00f8test: sj\u00f8lv om dei alle i st\u00f8rre eller mindre grad synest det er moro s\u00e5 snakke norsk, s\u00e5 glir det fort over til engelsk s\u00e5 snart dei blir fleire enn tre (noko som vi ogs\u00e5 var). S\u00e5 sj\u00f8lv om vi her kanskje ikkje fekk samla inn banebrytande spr\u00e5kdata fr\u00e5 denne dama, s\u00e5 er det likevel viktig \u00e5 dokumentere spr\u00e5k og haldningar til alt norsk gjennom ein slik samtale. Da klokka drog seg til litt over tolv, etterlyste kyrkja Sam, og kort tid etterp\u00e5 m\u00f8tte han opp. Og igjen fekk vi eit par gode timar saman med denne gamle farmaren, og han er sv\u00e6rt ivrig etter \u00e5 snakke norsk. Og n\u00e5r han var framfor kameraet, var det som \u00e5 kaste p\u00e5 ein femmer, for han snakka i eitt. Rett nok er tydelegvis h\u00f8yrsla hans sv\u00e6rt redusert, s\u00e5 han h\u00f8yrde ikkje sp\u00f8rsm\u00e5la mine. Men det stoppa han ikkje fr\u00e5 \u00e5 snakke, s\u00e5 dette var i stor grad \u00abGoddag mann, \u00f8kseskaft\u00bb, men for oss som er meir opptekne av korleis han snakkar enn kva han seier, s\u00e5 var dette heilt topp.<\/p>\n<p>Men klokka gjekk fort, og i tre-tida hadde vi ein ny avtale med ei dame i 50-\u00e5ra, som vi skulle m\u00f8te i Veroqua. Og igjen var det nesten berre\u00a0 \u00e5 avbryte samtalen med Sam for \u00e5 kome seg vidare, og berre to minutt for seint var vi p\u00e5 plass i eit hj\u00f8rne av biblioteket her i dette gamle sogning-str\u00f8ket. Vi rigga opp utstyret v\u00e5rt raskt, og denne dama var tydelegvis uroleg, for i dag er det val av representantar her i Statane, og vi hadde nok litt samanfallande syn p\u00e5 korleis vi h\u00e5pa \u2013 og frykta &#8211; dette ville g\u00e5. Men trass i denne uroa var ho veldig snakksam og ga oss gode data og n\u00e6rare forst\u00e5ing av korleis bakgrunnen hennar var. Vi b\u00e5de henta inn info om bakgrunn og gjorde nokre \u00abgames\u00bb for \u00e5 f\u00e5 henne til \u00e5 fortelje ei historie p\u00e5 norsk og p\u00e5 engelsk. Og da vi ei stund seinare kunne pakke saman opptaksutstyret, visste vi at no tok dette feltarbeidet til \u00e5 ta slutt snart, det er berre ein igjen som vi skal intervjue: Vi har avtale med dottera til denne dama medan vi er i Madison p\u00e5 konferanse; ho er student i byen, rundt 20 \u00e5r og dermed den desidert yngste talaren i materialet v\u00e5rt. Dessutan har ho to yngre sysken, s\u00e5 \u00abto be continued\u00bb, som dei seier.<\/p>\n<p>Vel tilbake i Mazdaen bestemte vi oss for \u00e5 k\u00f8yre tilbake til La Crosse og avslutte denne runden med felt arbeid med ein matbit og ein \u00f8lskvett oppe p\u00e5 3rd street. Men her m\u00e5 det seiast at vi sj\u00f8lve var noks\u00e5 n\u00e6re \u00e5 drive matauk p\u00e5 vegen mot La Crosse. For rett som det var (midt mellom avk\u00f8yrsla til Bohemiryggen og\u00a0 Indi-bluffa for lokalkjende) s\u00e5 kom det springande tre hjortar over vegen \u2013 nok s\u00e5 n\u00e6re, men ikkje kritisk n\u00e6re. Eg trampa p\u00e5 bremsa og reduserte farten, og det var frykteleg bra, for like etterp\u00e5 kom det fjerde dyret (som denne skapningen blir kalla her borte \u2013 deer = dyr), og denne gongen var ikkje klaringa s\u00e5 veldig stor \u2013 heldigvis gjekk det bra.<\/p>\n<p>I La Crosse, litt seinare p\u00e5 kvelden, s\u00f8kte Lykke og fromme seg litt p\u00e5 m\u00e5f\u00e5 ut i nattelivet. Vi fann ei burger-kneipe nede i sentrum der vi fekk oss ein matbit, og rett over gata var det ogs\u00e5 ei kneipe der ein kunne f\u00e5 seg eit glas med kald \u00f8l.<\/p>\n<p>Og her sluttar soga om Lykke og fromme p\u00e5 feltarbeid for denne gongen. Det som ventar no, er reise austover til Madison, WILA-konferanse med presentasjonar for oss begge, deretter tek vi avskil p\u00e5 s\u00f8ndag der Lykke reiser medan eg blir igjen p\u00e5 pr\u00e6rien: Eg reiser til La Crosse da for \u00e5 sj\u00e5 innom Larry igjen, deretter set eg kursen mot Chicago m\u00e5ndag. Og tysdag sit eg p\u00e5 flyet s\u00f8rover mot nye feltarbeidseventyr \u2013 denne gongen blir det pampaslingvistikk i Argentina. Eg tek pause i blogginga til da.<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan \u2026\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 kom alts\u00e5 siste dagen med feltarbeid her p\u00e5 pr\u00e6rieviddene for denne gongen, og klokka ti hadde vi avtale med Tip og Bonnie i Vanilje-kyrkja. Tip er ein av dei vi har gjort opptak av over mange \u00e5r, fr\u00e5 tidleg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/18\/tysdag-8-november-westby-viroqua-og-la-crosse\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-569","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/569","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=569"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/569\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":661,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/569\/revisions\/661"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=569"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=569"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=569"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}