{"id":571,"date":"2022-11-18T17:48:56","date_gmt":"2022-11-18T17:48:56","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=571"},"modified":"2025-09-22T23:03:46","modified_gmt":"2025-09-22T23:03:46","slug":"onsdag-16-november-2022-buenos-aires","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/18\/onsdag-16-november-2022-buenos-aires\/","title":{"rendered":"Onsdag 16. November 2022: Buenos Aires"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 er eg tilbake her i s\u00f8r etter ei noks\u00e5 lang reise fr\u00e5 Chicago, via Miami til Buenos Aires. Men for f\u00f8rste gong som pr\u00e6rielingvist klarte eg \u00e5 sove fleire timar p\u00e5 flyet s\u00f8rover, s\u00e5 eg var ikkje heilt vrak da eg gjekk av flyet. Og berre ein liten halvtime etter at eg landa, dukka ogs\u00e5 resten av gjengen opp, og saman kunne vi g\u00e5 gjennom tollkontrollen og ut i ei sv\u00e6rt s\u00e5 heftig sommarluft her i Argentina. Det var ingen tvil om at pr\u00e6riehabitten med tjukke skjorter og norsk vinterjakke fr\u00e5 Dressmann ikkje heilt var kleskoden her \u2013 for p\u00e5 denne delen av kloten var det kort sagt veldig varmt, og varmare skulle det blir utover dagen. Veronica skaffa to taxiar for oss, og turen inn mot hotellet ga meg ogs\u00e5 mulegheita til \u00e5 varme opp litt spr\u00e5kleg. For eg har dessverre aldri studert spansk ( no som godt vaksen p\u00e5 eg innr\u00f8mme at det har vore ein tabbe), men p\u00e5 den andre sida er eg gift med spanjol og har ogs\u00e5 barn som snakkar spansk. Dermed har eg jo plukka ut eitt og anna som gjer at eg kan kommunisere, og eg har ogs\u00e5 utvikla ein strategi der eg pr\u00f8ver \u00e5 utnytte vaklande spr\u00e5k-ressursar s\u00e5 godt eg kan. Og drosjesj\u00e5f\u00f8rar er gjerne glade i \u00e5 prate. Eit stykke p\u00e5 vegen kasta eg ut eit par sp\u00f8rsm\u00e5l for \u00e5 vise at her var det ein kar som gjere ville kommunisere litt, og drosjesj\u00e5f\u00f8ren kasta seg p\u00e5, og vi hadde ei lita \u00f8kt med pr\u00e6king og turbytte, noko som ga ei f\u00f8ling av meistring og eit smak av korleis livet som kosmopolitt og polyglott kanskje kan vere.\u00a0 Men kor lenge var Adam i paradis? For joda, eg klarte \u00e5 serve nokre spanske pasningar, og sj\u00e5f\u00f8ren returnerte svar som eg i stor grad forsto. Men s\u00e5 snudde han samtalen mot fotball-VM, og da braut det heilte saman. Og denne gongen inns\u00e5g eg at denne kollapsen prim\u00e6rt var knytt til mine sviktande fotballkunnskapar. For jo, eg kunne sikkert ha sagt noko fornuftig om det norske bronselandslaget p\u00e5 1930-talet (for eksempel kunne eg da ha sagt noko om at Tippen Johansen var keeper), eller VM-finalen mellom Tyskland og England i 1966 (da Bobby Charlton var kaptein for England og det under finalen mellom England og Tyskland var stor diskusjon om ballen var over m\u00e5lstreken), men om det argentinske landslaget no har eg ingenting \u00e5 melde (for Maradonna er vel daud og kan derfor ikkje vere med p\u00e5 laget dette gongen?). S\u00e5 ville sj\u00e5f\u00f8ren ha greie p\u00e5 norsk landslagsfotball, og eg hadde like lite \u00e5 melde der, m\u00e5 eg dessverre innr\u00f8mme: Men hadde eg f\u00e5tt sp\u00f8rsm\u00e5l om tida under Drillo, s\u00e5 skulle han ha f\u00e5tt beskjed \u2013 men det gjorde han alts\u00e5 ikkje. Kort sagt, eg innser no at eg har null peiling p\u00e5 samtidsfotball \u2013 hmmmm\u2026..<\/p>\n<p>Igjen skal vi ha Recoleta som base, og hotellet vi har f\u00e5tt, ligg like ved denne ber\u00f8mte gravlunden (eller kva ein no skal kalle det for). Sidan vi kom s\u00e5 tidleg, var det ikkje rom klare for oss, men det var i og for seg OK, for vi var nok alle litt svoltne og ville ha oss ein matbit. I fjor da vi var her, etablerte vi ein stamrestaurant, og dit m\u00e5tte vi ogs\u00e5 s\u00f8ke no. Og for ikkje \u00e5 bryte tradisjonar vart de snitsel p\u00e5 dei fleste. Og sj\u00f8lv om det har vore ei heftig prisstiging her, s\u00e5 er mat framleis billig i dette merkelege landet. Ferdige med m\u00e5ltidet tok etter kvart romma v\u00e5re til \u00e5 bli klare, og nokre av oss kunne flytte inn og etablere bagasjelager for dei andre.<\/p>\n<p>Pengesystemet i dette landet er ogs\u00e5 fryktlege merkeleg. P\u00e5 overflata kan det nesten sj\u00e5 ut som at pengepolitikken fungerer i arbeidet med \u00e5 stabilisere dollaren, men samtidig er det ein s\u00e5kalla bl\u00e5 valuta som blir veksla i gata og som er neste dobbelt s\u00e5 fordelaktig. Offentleg kurs er at ein dollar er rundt 150 pesos, p\u00e5 gata ligg denne p\u00e5 rundt 300. Vi hadde ein vekslingskontakt fr\u00e5 i fjor, og dit strena tre av oss med dollar som no skulle bli til frykteleg mange pesos. P\u00e5 \u00abbakrommet\u00bb, eller rettare eit venterom med skranke som l\u00e5g ei branntrapp opp fr\u00e5 der folk flest beveger seg, fekk vi veksla inn ein litt mager bunke med dollar med ein sv\u00e6rt s\u00e5 omfangsrik argentinsk bunke. Vi la det meste av denne bunken i veska mi f\u00f8r vi til fots og med buss starta heimover.<\/p>\n<p>Etter at pengane var trygt i hus skjedde det vel ikkje s\u00e5 veldig mykje ut over at vi pr\u00f8vde \u00e5 planlegge opphaldet v\u00e5rt litt medan vi er her, og ogs\u00e5 f\u00e5 oss ein matbit p\u00e5 ein utebar utp\u00e5 tidlegkvelden. For i morgon m\u00e5 vi opp i otta, i halv fem-tida, for \u00e5 ta flyet opp til Posada og deretter bil til Ober\u00e1. Dette b\u00f8r bli moro. S\u00e5 i rett tid tok vi avskil og sikta oss inn mot senga og ei litt kort natt.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 er eg tilbake her i s\u00f8r etter ei noks\u00e5 lang reise fr\u00e5 Chicago, via Miami til Buenos Aires. Men for f\u00f8rste gong som pr\u00e6rielingvist klarte eg \u00e5 sove fleire timar p\u00e5 flyet s\u00f8rover, s\u00e5 eg var ikkje heilt vrak &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/18\/onsdag-16-november-2022-buenos-aires\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-571","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/571","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=571"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/571\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":640,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/571\/revisions\/640"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=571"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=571"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=571"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}