{"id":575,"date":"2022-11-21T20:20:13","date_gmt":"2022-11-21T20:20:13","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=575"},"modified":"2025-09-22T22:53:45","modified_gmt":"2025-09-22T22:53:45","slug":"fredag-18-november-2022-obera","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/21\/fredag-18-november-2022-obera\/","title":{"rendered":"Fredag 18. november 2022: Ober\u00e1"},"content":{"rendered":"<p>No tek endeleg d\u00f8gnrytmen min \u00e5 falle litt p\u00e5 plass \u2013 kanskje litt for godt faktisk, for \u00e5 vakne ein ekstra time tidlegare om morgonen har p\u00e5 ingen m\u00e5te vore noko \u00e5 kimse av n\u00e5r ein ogs\u00e5 skal gjere unna administrative ting \u00abheime\u00bb, men denne timen er no borte av rytmen min: S\u00e5 i dag starta eg dagen i 8-tida ved at eg tusla ned i frukostsalen, der Kari alt var p\u00e5 plass, og kort tid etterp\u00e5 vart det avl\u00f8ysing ved at Kari gjekk for \u00e5 jobbe litt medan Ida tok over plassen ved matbordet. Og frukosten her er kanskje eit lite knepp betre enn det dei har \u00e5 freiste med p\u00e5 pr\u00e6rien, i alle fall er kaffien sterkare og sj\u00f8lva matsalen i ein heilt annan liga \u2013 men begge stadene er det fullt muleg \u00e5 stappe i seg klissete s\u00f8tmat, sj\u00f8lv om utvalet i ikkje-klissete ting heilt klart er betre her. Og programmet for dagen s\u00e5 langt er litt diffust ut over at vi skal m\u00f8te Anna og Sverre, men vi vil gjerne f\u00e5 gjort s\u00e5 mykje feltarbeid som muleg n\u00e5r vi f\u00f8rst er her. Men alts\u00e5, vi starta f\u00f8rst hos Sverre, og sj\u00f8lv om den norske GPS-en min ikkje utan vidare fann adressa hans, kunne vi relativt lett finne fram utan s\u00e5 alt for mykje digital hjelp. Og igjen fekk vi gleda av \u00e5 m\u00f8te desse to fantastiske folka og ogs\u00e5 oppleve heimen deira. S\u00e5 vi starta feltarbeidet i form av litt banebrytande mobil intervjuteknikk: Kari tok med seg Sverre og Ida fokuserte p\u00e5 Anna, og med opptaksutstyret p\u00e5, vart det g\u00e5-tur i hagen og i skogen like ved.<\/p>\n<p>Det er utruleg vakkert her, s\u00e5 det er neppe ei overrasking at n\u00e5r illustrat\u00f8rane i kristendomsboka som eg hadde i sm\u00e5skolen for over femti \u00e5r sidan skulle pr\u00f8ve \u00e5 illustrere Paradis, s\u00e5 var det absolutt ikkje eit landsskap som kunne minne om heimlege Kattugledalen, \u00c5sahaugen eller Flo\u00e5sen ein novemberdag i striregn og sur vind som var motivet. Nei, kunstnaren hadde nok heilt sikkert sett for seg noko som liknar p\u00e5 denne hagen her i Ober\u00e1, med raud, djup og fruktbar jord, h\u00f8ge og skuggefulle tre, eksotiske plantevekstar, bl\u00e5 himmel og solstr\u00e5lane som skein gjennom lauvverket og ikkje minst \u2013 veldig behagelege temperaturar som ikkje krev bladvottar og topplue (med eller utan dusk).<\/p>\n<p>Etter denne danningsreisa i Sverre sitt rike, vart det litt innetid med opptak av b\u00e5de utspekulert elisitering og samtalar om livet her til ulike tider. S\u00e5 dette var faktisk ei feststund for feltarbeidarar. For \u00e5 kvittere litt for denne spr\u00e5klege gjestfridommen tok vi dei med til hotellet p\u00e5 lunsj, og der kunne samtalen fortsette p\u00e5 norsk, rett nok utan at opptakaren stod p\u00e5 \u2013 men av og til skal ein som feltarbeidar finne seg i at ikkje alt som blir sagt, trengst \u00e5 bli lagra for evig tid \u2013 det b\u00f8r ogs\u00e5 vere rom for \u00e5 snakka om sm\u00e5tt og stort, \u00abillt og l\u00e6lli\u00bb utan at det set evige digitale spor.<\/p>\n<p>Planen v\u00e5r no var \u00e5 kontakte ein svenske som driv ein lokal \u00abM\u00e4nnergarten\u00bb med verkty aust for sentrum, for dette skulle vere ein kar som kunne snakke svensk. \u00abOh yes\u00bb, dette var absolutt plassen dersom ein skulle ha behov for ei Husqvarna motorsag, ein Makita-fres eller ei DeWalt bordsag (og eg har litt vanskeleg for \u00e5 sj\u00e5 for meg kven som ikkje har slike behov \u2013 om folk berre tenker seg retteleg godt om). Men butikkeigaren sj\u00f8lv var dessverre ikkje til stades, men ein av karane bak disken ringte for oss og gjorde ein avtale \u2013 i morgon klokka 10 skal vi snakke med han p\u00e5 nytt. Og dette kan jo bli bra \ud83d\ude0a<\/p>\n<p>I tillegg hadde vi eit namn p\u00e5 blokka som vi mangla kontaktinformasjon til, og sidan det er noko som heiter Linne-instituttet her, s\u00e5 ringde vi (dvs. eg) dit for \u00e5 f\u00e5 hjelp. Eg har alltid litt angst n\u00e5r eg m\u00e5 snakke spansk i telefonen, for da har eg ingen kontekst \u00e5 st\u00f8tte meg til. Men her fekk eg ogs\u00e5 bekrefta at det er stor skilnad p\u00e5 kven eg forst\u00e5r, og kven eg ikkje forst\u00e5r; for denne dama snakka sv\u00e6rt tydeleg og heller ikkje s\u00e5 veldig fort, slik at eg fekk med meg kvart eit ord ho sa, og ho var sv\u00e6rt hjelpsam og kom etter kvart med telefonnummer til dei vi jakta p\u00e5. Dessutan tikka det inn fleire meldinga fr\u00e5 Erik om nye informantar, s\u00e5 dermed kan det bli nokre vi kan m\u00f8te i morgon og p\u00e5 s\u00f8ndag.<\/p>\n<p>Klokka gjekk no mot seks, og p\u00e5 ein fredagskveld kunne vi med godt samvit ta fri utan \u00e5 ha s\u00e5 alt for d\u00e5rleg samvit. Men n\u00e5r vi tek fri, s\u00e5 ligg vi ikkje p\u00e5 romma v\u00e5re og tvinnar tommeltottar, nei da er det party-tid: for vi hadde invitasjon til asado-fest heime hos Anna og Sverre, og dit m\u00e5tte vi jo. Og i kjend stil varta desse \u00abpatras familias\u00bb (eller kva det no heiter) opp med overm\u00e5te mykje mat, og innan sjangeren grillmat, s\u00e5 er dette noko av det beste eg har smakt. Men s\u00e5 blir det ogs\u00e5 gjort veldig etter boka, og lite ser ut til \u00e5 vere p\u00e5 slump. \u00a0Og likt med i fjor kom ein del andre av familien rekande n\u00e5r maten tok til \u00e5 bli klar, gjerne med ei korg med det vi i Tr\u00f8ndelag kallar \u00abs\u00e6nning\u00bb \u2013 eit bidrag til festen i form av br\u00f8d, salat, \u00f8l eller vin, s\u00e5 til slutt var vi eit lite dusin samla rundt bordet. Og stemninga var veldig god, den, og snart dukka ogs\u00e5 Erik opp p\u00e5 moped, og det er ein kar som ikkje g\u00f8ymer seg ved bordenden \u2013 det ser ut til at han er skapt til \u00e5 lage liv og r\u00f8re rundt seg. Kort sagt, s\u00e5 hadde vi det moro og triveleg \u2013 det vart ikkje s\u00e5 veldig seint, det er krevjande \u00e5 vere feltarbeidar, s\u00e5 i rimeleg tid k\u00f8yrde vi heim igjen med vakker og delvis ugjenkjenneleg stjernehimmel over oss.<\/p>\n<p>\u00c5 slik g\u00e5r nu dagan her i Misiones\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>No tek endeleg d\u00f8gnrytmen min \u00e5 falle litt p\u00e5 plass \u2013 kanskje litt for godt faktisk, for \u00e5 vakne ein ekstra time tidlegare om morgonen har p\u00e5 ingen m\u00e5te vore noko \u00e5 kimse av n\u00e5r ein ogs\u00e5 skal gjere unna &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/21\/fredag-18-november-2022-obera\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-575","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/575","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=575"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/575\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":638,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/575\/revisions\/638"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=575"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=575"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=575"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}