{"id":577,"date":"2022-11-21T20:20:55","date_gmt":"2022-11-21T20:20:55","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=577"},"modified":"2025-09-22T22:46:58","modified_gmt":"2025-09-22T22:46:58","slug":"laurdag-19-november-2022-obera","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/21\/laurdag-19-november-2022-obera\/","title":{"rendered":"Laurdag 19. november 2022: Ober\u00e1"},"content":{"rendered":"<p>I dag skulle vi ha den store innsamlingsdagen med heile tre postar p\u00e5 programmet \u2013 og vi skulle starte i ei sv\u00e6rt s\u00e5 overkommeleg tid &#8211; klokka 10 gjennom \u00e5 m\u00f8te eigaren av verktybutikken. Av ein eller annan grunn hadde eg for meg at vi skulle bli henta av Erik p\u00e5 hotellet da \u2013 noko som berre var tull, vi skulle vere i butikken klokka ti \u2013 og derfor var vi litt seint ute \u2013 ikkje minst n\u00e5r vi berre hadde litt vage tankar om kor denne butikken l\u00e5g (rett nok var vi innom der i g\u00e5r, men dermed er det ikkje sagt at ein lett finn tilbake igjen i ein fei). Vi har GPS som vi bruker som kartbok, men det er sjeldan at vi finn gateadressene vi har og kan leggje desse rett inn. Men ulike melloml\u00f8ysingar fungerer ogs\u00e5, p\u00e5 sett og vis. Vi fann butikken og fekk da etter litt fram og tilbake klargjort at butikkeigaren var oppteken, men han kunne m\u00f8te oss klokka seks i kveld. Og da s\u00e5g plutseleg planen v\u00e5r for ettemiddagen litt tettpakka og hektisk ut: ei dame i sentrum klokka 2, Birgit ute p\u00e5 bygda klokka 4 og verktymannen klokka 6. Og med litt reiseveg i mellom, kunne dette bli ekstremt kompakt, men alt kan l\u00f8ysast. Uansett, s\u00e5 hadde vi no nokre rolegare timar p\u00e5 formiddagen til \u00e5 gjere ulike ting, og medan Kari ville jobbe litt p\u00e5 hotellet, skulle Ida og eg pr\u00f8ve \u00e5 finne skolen og sportshallen Svea. Eg hadde ein noks\u00e5 grov ide om kor denne sportshallen skulle vere, men berre litt grov \u2013 og Ida og eg k\u00f8yrde vegen fram og tilbake fleire gonger for \u00e5 finne han, men utan \u00e5 lykkast. Dessutan hadde politiet sett opp ein kontrollpost p\u00e5 vegen der vi leitte, s\u00e5 det var sikkert litt suspekt at vi k\u00f8yrde fram og tilbake p\u00e5 denne vegstumpen heile tida. Til slutt manna eg meg opp og spurde nokre som stod i vegkanten om kor denne Svea-greia var, men dei kunne heller ikkje hjelpe. Dermed vart det berre med fors\u00f8ket, men slik er det av og til n\u00e5r ein pr\u00f8ver seg som heimesnikra turistguide.<\/p>\n<p>Etter lunsj k\u00f8yrde vi til Erik for \u00e5 hente han \u2013 for i dag skulle han vere med som kjentmann. og han satt i skuggen ved innk\u00f8yringa si og venta p\u00e5 oss, med kortbukse, kvitskjorte og str\u00e5hatt \u2013 dette er verkeleg ein fargerik kar. F\u00f8rste stopp var hos ei svensk dame nede i byen, og der fekk vi oppleve at det er ikkje alle som livet har stroke med vakkerhanda, b\u00e5de helsemessig og materielt hadde ho nok utfordringar, men ho var likevel i godt hum\u00f8r og glad for \u00e5 f\u00e5 bes\u00f8k og smake \u00absvenska pepparkakor\u00bb, som Ida hadde med. Og etter ei \u00f8kt med opptak, trakta ho oss med kaffi rundt kj\u00f8kkenbordet, og vi hadde ei hyggeleg stund der. S\u00e5 veldig mykje ugagn gjorde vi heller ikkje heime hos henne ut over \u00e5 f\u00e5 bekrefta at professorkompetanse ikkje er nokon garanti for at vassr\u00f8yr, sisterner og slike ting f\u00e5r st\u00e5 i fred og ikkje blir ramponert. For da vi gjekk, hadde denne m\u00f8tet mellom toppkompetanse og r\u00f8yropplegg gjort at sisterna rann over og vatnet flaut ned over veggane. Heldigvis var det stoppkran p\u00e5 badet, s\u00e5 fr\u00e5 no av f\u00e5r eigaren bruke denne til \u00e5 regulere fyllinga av sisterna \u2013 det kan jo funke bra det ogs\u00e5, meinte ingeni\u00f8r Erik \u2013 ei stund i alle fall.\u2026.<\/p>\n<p>Neste stopp var p\u00e5 ein gard eit lite stykke utanfor byen. Men med vegstellet her i dei litt meir rurale str\u00f8ka kan \u00abnokre kilometer\u00bb fort ta ein halvtime eller meir. Vegen var uvanleg krunglete og humpete, og i tillegg var kjentmannen v\u00e5r ikkje heilt sikker p\u00e5 kor vi eigentleg skulle. Men som ein ungdom klatra han gjennom gjerde og sm\u00e5sprang opp bakkane for \u00e5 sj\u00e5 etter noko han kunne dra kjensel p\u00e5 \u2013 han var med som friidrettsmann i OL i Mexico i 1968, og grunnformen hans ser framleis ut til \u00e5 vere prima. Etter eit par slike speidaroppdrag meinte han \u00e5 dra kjensel p\u00e5 noko, og kort tid etterp\u00e5 kunne vi k\u00f8yre inn p\u00e5 garden til Birgit. Denne dama har ord p\u00e5 seg for \u00e5 kunne arbeide som to, og dette var ei veldig triveleg dame i slutten av 70-\u00e5ra som hadde mykje p\u00e5 hjartet. Og etter litt innleiande sm\u00e5snakk, kom opptaksutstyret fram og vi kunne starte ein litt meir strukturert samtale. Og familiehistoria hennar var veldig interessant, bestefaren var journalist i Stockholm, men s\u00e5 vart det storstreikar og urolege tider, s\u00e5 han bestemte seg for \u00e5 reise. Og det var ein stor overgang for ein mann som s\u00e5 langt hadde brukt penn i arbeidet til \u00e5 bli nybyggar med spade og hakke. Men det gjekk tydelegvis bra med han trass i eit kanskje ikkje optimalt grunnlag.<\/p>\n<p>Det var veldig triveleg i hagen hennar, men vi tok ogs\u00e5 til \u00e5 innsj\u00e5 at vi tok til \u00e5 f\u00e5 lite tid. S\u00e5 derfor k\u00f8yrde eg Ida til hotellet, der ho skulle m\u00f8te verktymannen, og deretter skyssa eg Erik heim, f\u00f8r eg returnerte for \u00e5 hente Kari, og alt gjekk heilt greitt og tidsmessig klaffa det rimeleg bra.<\/p>\n<p>Men n\u00e5r ein k\u00f8yrer rundt her i Argentina, s\u00e5 m\u00e5 eg ogs\u00e5 melde at eg ikkje heilt har f\u00e5tt tak p\u00e5 element\u00e6re argentinske trafikkreglar \u2013 eller kanskje heller korleis slike reglar blir praktiserte. For det f\u00f8rste s\u00e5 er det vanskeleg \u00e5 bli klok p\u00e5 korleis einvegsk\u00f8yring er skilta \u2013 eller ikkje skilta. For om du skulle vere s\u00e5 uheldig \u00e5 kome inn i feil k\u00f8yreretning (som ein lett kan slumpe til \u00e5 gjere n\u00e5r ein ikkje er lokalkjent) s\u00e5 er det absolutt ikkje skilting som indikerer dette. Derimot kan ein naturlegvis oppleve b\u00e5de blinking og tuting fr\u00e5 andre bilistar, men det gjer ein jo ofte elles ogs\u00e5. Vikeplikt er ogs\u00e5 eit mysterium for meg, det ser ut til at det kanskje er den sterkes rett som gjeld, og s\u00e5 lenge ein veit det, g\u00e5r det jo \u00e5 tilpasse seg. Og s\u00e5 var det dette med naudblik, da. For ein kan seie mykje om den argentinske k\u00f8yrekulturen (som er full gass, full brems; full gass, full brems; minst tre filer der vegen er merka for to; forbik\u00f8yring p\u00e5 b\u00e5de inn- og utside \u2013 berre for \u00e5 nemne litt av repertoaret). Likevel g\u00e5r dette greitt, kanskje med unntak av at dei i baksetet verkeleg f\u00e5r rista seg.<\/p>\n<p>Kvelden vart runda av med empanadas og ein liten vinskvett p\u00e5 ei sv\u00e6rt s\u00e5 lokal kneipe rundt hj\u00f8rnet, og der kunne vi oppsummere ein noks\u00e5 hektisk dag med feltarbeid.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her ute i villmarka \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag skulle vi ha den store innsamlingsdagen med heile tre postar p\u00e5 programmet \u2013 og vi skulle starte i ei sv\u00e6rt s\u00e5 overkommeleg tid &#8211; klokka 10 gjennom \u00e5 m\u00f8te eigaren av verktybutikken. Av ein eller annan grunn hadde &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/11\/21\/laurdag-19-november-2022-obera\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-577","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/577","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=577"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/577\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":636,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/577\/revisions\/636"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=577"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=577"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=577"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}