{"id":583,"date":"2022-12-02T02:59:47","date_gmt":"2022-12-02T02:59:47","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=583"},"modified":"2025-09-22T22:35:15","modified_gmt":"2025-09-22T22:35:15","slug":"mandag-21-november-og-tysdag-22-november-2022-buenos-aires","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/02\/mandag-21-november-og-tysdag-22-november-2022-buenos-aires\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 21. november og tysdag 22. november 2022: Buenos Aires"},"content":{"rendered":"<p>Fridagar, eller rettare dagar utan feltarbeid. Og etter \u00e5 ha vore p\u00e5 vegen non-stop i tre veker, er det veldig godt med eit lite avbrekk. For det g\u00e5r relativt greitt n\u00e5r ein er i feltarbeidsmodus, da er det liksom det vi driv med og som har alt fokus. Og det er frykteleg moro og interessant \u2013 og ein opplever og ser mykje som vanlege turistar aldri f\u00e5r oppleve, eigentleg p\u00e5 godt og vondt. Men samtidig blir eg litt sliten av alle inntrykka. S\u00e5 alts\u00e5 desse to dagane var det fri \u2013 og dermed tid til \u00e5 arbeide med andre \u00abjobb-ting\u00bb som ein m\u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 unna og som vanskeleg kan ligge til eg er tilbake.<\/p>\n<p>M\u00e5ndagen regna det litt, men trass i dette var vi no p\u00e5 morgonen i turistmodus og det var derfor om \u00e5 gjere \u00e5 oppleve litt ogs\u00e5. I fjor da vi var her, s\u00e5 var den ber\u00f8mte gravplassen i Recoleta stengd p\u00e5 grunn av pandemien, men no hadde vi alts\u00e5 sjansen. Og her er det opplagt at det er ein fordel \u00e5 vere argentinar sidan det er her mange av dei mest kjende fr\u00e5 dette landet har funne ein siste kvilestad, men som ignorant europear, s\u00e5 kjenner eg ikkje til s\u00e5 veldig mange argentinske h\u00f8vdingar. Likevel var det interessant \u00e5 g\u00e5 der, sj\u00f8lv om eg nok vil tru at mange her neppe hadde som m\u00e5l \u00e5 bli turistattraksjon da dei drog det siste sukket og blei plassert i ei halvopen krypt her. Dette er liksom ein liten pueblo for daude, der det er sett opp sm\u00e5 hus eller bygg der kistene st\u00e5r. Nokre har sett fram kistene i vindauget slik at dei er lette \u00e5 sj\u00e5, og der er det gjerne det svenskane vil kalle ordning och redo. Andre av desse sm\u00e5 bygga er i sterkt forfall, der rutene er knust eller golvet er borte slik at ein ser ned i underetasjen der kistene er stabla opp\u00e5 kvarandre likt eskene i ein skobutikk. Nokre av kistene som st\u00e5r framme er i noks\u00e5 d\u00e5rleg stand og prega av r\u00e5te og forfall. Det var som sagt kanskje ikkje slik dei hadde sett det for seg da dei s\u00f8kte seg inn her.<\/p>\n<p>Deretter var det lunsjtid, og sidan Ida reiser i dag, skulle vi ha eit \u00absiste m\u00e5ltid\u00bb p\u00e5 det som i fjor var stamrestauranten v\u00e5r eit par kvartal oppe i gata. Og det var jo veldig godt \u00e5 kunne sitte slik i ro og mak, sj\u00f8lv om eg ikkje klarer \u00e5 bygge opp enorm matlyst n\u00e5r klokka berre er 12. Heime klarer eg meg fint med ein kaffiskvett og ei halvt\u00f8rr br\u00f8dskive med brunost p\u00e5, men her er slike enkle matvaner vanskelege \u00e5 vidaref\u00f8re.<\/p>\n<p>Ettermiddagen gjekk med til litt sm\u00e5tjon i sjangeren kontorarbeid, og i sjutida reiste eg inn til Palermo, der eg har kjentfolk. For 35 \u00e5r sidan var eg nabo med ei jente fr\u00e5 Argentina, og vi har klart \u00e5 halde kontakt fram til no. I fjor kunne vi m\u00f8tast igjen etter alle desse \u00e5ra, og no i \u00e5r er det jo nesten som ein berre har vore ute ein liten tur. Uansett, det var veldig triveleg \u00e5 m\u00f8tast og dele minne og oppdatere kvarandre. Kort sagt s\u00e5 var dette ein kveld p\u00e5 Memory Lane\u2026<\/p>\n<p>Tysdagen var heller ikkje ein dag full av dramatikk, i alle fall om ein ikkje er oppteken av fotball generelt, og argentinsk fotball spesielt. For i dag klokka sju spelte desse staute pampas-karane mot \u00f8rken-gutar fr\u00e5 Saudi-Arabia. Og dette burde absolutt vere grei skuring for ei fotballstormakt som Argentina og grunnlag for \u00e5 leite fram kuleramma. Men s\u00e5 er det no ein gong slik at ballen er rundt og alt kan eigentleg skje. Det gjorde det ogs\u00e5 her, arabarane vann sensasjonelt over Messi og co. Og stemninga i byen om formiddagen var veldig tydeleg merka av dette. Det var sorgtunge auge \u00e5 sj\u00e5 nesten uansett kor ein snudde seg. Sj\u00f8lv dei som satt p\u00e5 uterestaurantane og klamra seg fast til eit \u00f8lglas s\u00e5g frykteleg melankolske ut.<\/p>\n<p>Elles var dette mest ein dag for \u00e5 ta det litt med ro og ogs\u00e5 gjere ulike sm\u00e5oppg\u00e5ver. Vi var ute til lunsj saman, og ut p\u00e5 kveldinga tok vi bussen inn mot Palermo der det skulle vere ein makalaus restaurant som vi m\u00e5tte teste ut. Og maten var god den, og vi hadde ein veldig fin kveld.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her i s\u00f8rlege urbane str\u00f8k\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fridagar, eller rettare dagar utan feltarbeid. Og etter \u00e5 ha vore p\u00e5 vegen non-stop i tre veker, er det veldig godt med eit lite avbrekk. For det g\u00e5r relativt greitt n\u00e5r ein er i feltarbeidsmodus, da er det liksom det &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/02\/mandag-21-november-og-tysdag-22-november-2022-buenos-aires\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-583","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/583","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=583"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/583\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":632,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/583\/revisions\/632"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=583"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=583"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=583"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}