{"id":591,"date":"2022-12-05T15:06:08","date_gmt":"2022-12-05T15:06:08","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=591"},"modified":"2025-09-22T22:25:21","modified_gmt":"2025-09-22T22:25:21","slug":"fredag-25-november-2022-buenos-aires","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/05\/fredag-25-november-2022-buenos-aires\/","title":{"rendered":"Fredag 25. november 2022: Buenos Aires"},"content":{"rendered":"<p>Igjen ein dag med feltarbeid, og denne gongen hadde Veronica skaffa oss ein plass for intervjuet p\u00e5 eit av universitetsinstitutta som ligg rundt om i byen. Eg har jo p\u00e5 ein m\u00e5te l\u00e6rt meg til at Buenos Aires er overm\u00e5te stor og at ein derfor ikkje kjem s\u00e5 langt med apostelhesten, men denne gongen kunne vi faktisk g\u00e5, og av og til er det nok raskare \u00e5 bevege seg til fots enn \u00e5 stresse med \u00e5 finne rutetabellar eller praie ein taxi.<\/p>\n<p>Vel framme vart vi m\u00f8tt av ein sekret\u00e6r i d\u00f8ra (merk at alle seri\u00f8se akademiske institusjonar b\u00f8r ha ein sekret\u00e6r eller to p\u00e5 instituttniv\u00e5!) Og her hadde dei rigga opp eit rom for oss, og kaffien stod ogs\u00e5 og venta. Og n\u00e5r vi hadde teke med oss alfajores p\u00e5 vegen, s\u00e5 burde dette verte ein suksess. Og det vart det, faktisk, sj\u00f8lv om eg tvilar p\u00e5 at det eigentleg er kaffi og kjeks som gjorde det. Det var vel heller informanten v\u00e5r, som tydelegvis likar \u00e5 snakke norsk og som ogs\u00e5 er ei aktiv dame. Ho er med i eit songkor, og no skal dei p\u00e5 ein liten turne. Eg trur kanskje ikkje at det var det tonale finarbeidet i tenorrekka ho s\u00e5g mest fram til, men heller det \u00e5 vere fleire i lag med folk-\u00a0 og ikkje minst \u00e5 vere p\u00e5 tur. S\u00e5 vi hadde ei triveleg stund i lag, og etter at denne seansen var over, var det tid for litt lunsj p\u00e5 restaurant f\u00f8r vi reiste heim.<\/p>\n<p>Heimturen vart litt kronglut, vi skulle ta bussen, men det er veldig mange demonstrasjonar rundt om i byen, og slike opptog i eit alt litt kaotisk trafikkbilete er oppskrifta til lange k\u00f8ar. Vi vart st\u00e5ande og st\u00e5ande, og til slutt fann vi ut at det beste nok var \u00e5 g\u00e5. Eg veit ikkje om det eigentleg var raskare \u00e5 g\u00e5 enn \u00e5 ta buss, men det kjendest i alle fall slik. Resten av dagen gjekk med til litt kontorarbeid av ymse slag, og vi runda som vanleg av dagen med middag p\u00e5 restaurant.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan i storbyen\u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Igjen ein dag med feltarbeid, og denne gongen hadde Veronica skaffa oss ein plass for intervjuet p\u00e5 eit av universitetsinstitutta som ligg rundt om i byen. Eg har jo p\u00e5 ein m\u00e5te l\u00e6rt meg til at Buenos Aires er overm\u00e5te &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/05\/fredag-25-november-2022-buenos-aires\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-591","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/591","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=591"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/591\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":627,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/591\/revisions\/627"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=591"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=591"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=591"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}