{"id":593,"date":"2022-12-05T15:13:04","date_gmt":"2022-12-05T15:13:04","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=593"},"modified":"2025-09-22T22:22:22","modified_gmt":"2025-09-22T22:22:22","slug":"laurdag-26-november-2022-buenos-aires","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/05\/laurdag-26-november-2022-buenos-aires\/","title":{"rendered":"Laurdag 26. november 2022: Buenos Aires"},"content":{"rendered":"<p>I dag skal vi ha ei samling i den nordiske kyrkja \u2013 skr\u00e5strek \u2013 den svenske klubben (som ligg under same tak og som i stor grad ser ut til \u00e5 vere det same). Hit har vi alts\u00e5 invitert alle norskspr\u00e5klege vi veit om i Buenos Aires-omr\u00e5det til lunsj og samling. Tanken v\u00e5r da var at vi skulle samle alle, deretter skulle vi gjere industrielle opptak a la Janne med heile fire stasjonar, Kari og Marie skulle arbeide med strukturerte metodar, medan June og eg skulle finne oss kvar v\u00e5r kr\u00e5 for \u00e5 berre \u00e5 f\u00e5 dei til \u00e5 snakke litt om laust og fast. Planen var jo god den, men likt med Putin fekk vi erfare at det ikkje berre er nok med ein plan for \u00e5 sikre suksess. For det f\u00f8rste trudde vi at vi skulle ha lokalet for oss sj\u00f8lve, men slik er det dessverre ikkje her s\u00f8r for ekvator \u2013 det m\u00e5tte jo sj\u00f8lvsagt str\u00f8yme p\u00e5 med framandfolk som ogs\u00e5 ville ha seg ein matbit. Dessutan var akustikken i lokalet slik at det ikkje var muleg \u00e5 gjere leselege opptak. Og ikkje minst \u2013 Argentina m\u00e5tte jo p\u00e5 d\u00f8d og liv spele VM-kamp denne ettermiddagen, slik at vi hadde lite rom for \u00e5 fortsette utover ettermiddagen: For er det noko argentinararar tek veldig alvorleg, s\u00e5 er det nettopp fotball. S\u00e5 denne planen funka alts\u00e5 ikkje. Men vi fekk gjort nokre opptak f\u00f8r serveringa, og akkurat da l\u00e5g vi ganske bra an reint tidsmessig. Men det svenske sm\u00f6rg\u00e5sbordet dei serverte, var litt langdrygt sett med ein feltarbeidars blikk. I planen v\u00e5r rekna vi med ein dryg time p\u00e5 eting, men da det hadde g\u00e5tt over ein time mellom forrett og hovudrett, forstod vi kva veg dette ville g\u00e5. Og da m\u00e5 ein som feltarbeidar berre senke ambisjonsniv\u00e5et \u2013 ikkje minst fordi gjestene v\u00e5re s\u00e5g ut til \u00e5 ha det veldig triveleg, nye band vart etablert og gamle gjenoppretta. Og da er det kanskje bra nok \u2013 sj\u00f8lv om ikkje fangsten av spr\u00e5kdata er s\u00e5\u00a0 frykteleg stor. Og s\u00e5 var det denne fotballkampen da, for sj\u00f8lv om alle s\u00e5g ut til \u00e5 ha det veldig triveleg, s\u00e5 hadde vi klokka og kampstart hengande over oss. Etter ei veldig kort r\u00e5dslaging kom vi til at det viktige no var dele ut g\u00e5vene v\u00e5re, og om nokon skulle lure p\u00e5 kva som st\u00e5r h\u00f8gst p\u00e5 \u00f8nskelista til norsk-argentinarar, s\u00e5 er det Mills kaviar (og det m\u00e5 vere Mills, berre s\u00e5 det er sagt (kanskje pampaslingvistikken kan finne ein sponsor der?). Vi hadde ogs\u00e5 med nokre andre saker, men det var utan tvil Miiiiiiils kaviar som var vinnaren i denne konkurransen.<\/p>\n<p>Etter m\u00e5ltidet tok folk til \u00e5 orientere seg heimover for \u00e5 sj\u00e5 denne kampen, og vi vart ogs\u00e5 \u00e5tvara om at dersom vi ikkje var i ein drosje i god tid f\u00f8r klokka fire, s\u00e5 kunne vi berre gl\u00f8yme den typen skyss. Og slik vart det nesten, vi gjekk ut i ei hovudgate like ved kyrkja, men det tok tid f\u00f8r vi hadde hell. Problemet v\u00e5rt er at vi er fire, medan pandemirestriksjonane (som ser ut til \u00e5 gjelde for nokre) berre opnar for tre (alle bak ein stor plastikkskjerm i baksetet). Men vi var eigentleg heldige, til slutt stoppa det ein bil som var villig til \u00e5 sj\u00e5 litt mellom fingrane med slike restriksjonar. Dermed kom vi oss ogs\u00e5 tilbake til hotellet, og eg kunne begynne \u00e5 orientere meg etter ein plass \u00e5 sj\u00e5 denne kampen. Ikkje det at eg i dag er s\u00e5 veldig fotballinteressert, men er det VM-kamp. s\u00e5 er det VM-kamp. Men alle barane i str\u00f8ket var fulle og slapp ikkje inn fleire. Endskapen vart at eg litt betutta gjekk p\u00e5 rommet og s\u00e5g kampen p\u00e5 NRK. Eg m\u00e5 innr\u00f8mme at det var litt rart \u00e5 sitte her og sj\u00e5 p\u00e5 ein argentinsk fotballkamp via gamlelandet. Men det funka det, det einaste eg kan innvende er at overf\u00f8ringa via NRK var litt seinare enn den argentinske, slik at n\u00e5r det vart m\u00e5l, s\u00e5 steig jubelen i gantene her f\u00f8r eg s\u00e5g noko anna enn at ein argentinar tok med seg ballen over midtlina.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Jaja, slik gjekk no enda ein dag her i dette veldig merkelege landet\u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag skal vi ha ei samling i den nordiske kyrkja \u2013 skr\u00e5strek \u2013 den svenske klubben (som ligg under same tak og som i stor grad ser ut til \u00e5 vere det same). Hit har vi alts\u00e5 invitert alle &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/05\/laurdag-26-november-2022-buenos-aires\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-593","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/593","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=593"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/593\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":625,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/593\/revisions\/625"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=593"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=593"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=593"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}