{"id":597,"date":"2022-12-05T15:21:00","date_gmt":"2022-12-05T15:21:00","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=597"},"modified":"2025-09-22T22:11:51","modified_gmt":"2025-09-22T22:11:51","slug":"mandag-28-november-salta-cafayate","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/05\/mandag-28-november-salta-cafayate\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 28. november: Salta, Cafayate"},"content":{"rendered":"<p>I dag skulle turen v\u00e5r g\u00e5 til Cafayete, der Anders har vingarden sin. Avtalen vi hadde, var at han skulle bruke morgonen til \u00e5 handle inn diverse utstyr, og s\u00e5 snart han var ferdig med det, skulle han kome og hente oss. Han meinte at han skulle vere klar i 9-tida. Men samtidig hadde han fortalt oss at her i Salta lever dei livet seint, ting g\u00e5r i makeleg tempo og han meinte ogs\u00e5 bestemt at folk her g\u00e5r mykje seinare enn folk i Buenos Aires. Slik sett er vel eg ogs\u00e5 ein Salta-v\u00e6ring og burde finne meg godt til rette her. Klokka var n\u00e6rare ti da pickup-bilen dukka og for \u00e5 hente oss, men vi hadde ikkje k\u00f8yrt mange kilometrane f\u00f8r det kom ein liten smell fr\u00e5 motoren, bilen mist motorkraft medan det kom ein litt hylande lyd n\u00e5r ein auka turtalet. Dette var p\u00e5 ingen m\u00e5te ei glad-nyheit. Anders har ein fast verkstad her i byen der han bruker \u00e5 f\u00e5 service p\u00e5 bilen sin, og som han blidgjer med nokre vinflasker i ny og ne, og dit k\u00f8yrde vi i sakte fart. Og sidan det nok ikkje var s\u00e5 veldig lenge sidan den siste vinflaska vart levert her, fekk vi prioritet p\u00e5 f\u00f8rste klasse, og ei gruppe karar kasta seg over pickupen. Og dommen var kjapt klar \u2013 det var turboen som hadde ryki og bilen var derfor ikkje k\u00f8yrbar, s\u00e6rleg sidan vi skulle over ein fjellovergang der det var langt mellom hjelpestasjonane. S\u00e5 da stod vi der, da, med koffertane v\u00e5re. Anders meinte at vi no m\u00e5tte ta bussen, men vi fann raskt ut at det ikkje var ei optimal l\u00f8ysing. Vi sjekka s\u00e5 leigebilar p\u00e5 nettet, men heller ikkje der fann vi noko. Men verkstaden kunne l\u00e5ne oss ein bil, men her m\u00f8tte norske byr\u00e5kratiske krav vike for argentinsk tradisjon, for er det noko som ein vanskeleg f\u00e5r her i landet, s\u00e5 er det kvitteringar. Og utan kvittering, s\u00e5 er det ur\u00e5d for oss \u00e5 f\u00e5 refusjon. Og dersom ein f\u00e5r kvittering, s\u00e5 er det med ein mykje h\u00f8gare pris enn utan. S\u00e5 det skjer nok sv\u00e6rt mange transaksjonar rundt om i dette landet som ikkje Staten f\u00e5r innsyn i. Men som alltid, det ordna seg for oss, og ein time seinare kunne vi laste opp tinga v\u00e5re og bevege oss inn i eit nytt landskap. Vi k\u00f8yrde ut fr\u00e5 Salta og inn i eit frodig landbruksomr\u00e5de der mellom anna tobakksdyrking var ei viktig n\u00e6ring. Og synet av tobakksplantar vekte gamle assosiasjonar hos meg, sidan da eg p\u00e5 80- og 90-talet k\u00f8yrde rundt i Wisconsin p\u00e5 jakt etter nordmenn, s\u00e5 var synet av tobakksplantar eit sikkert teikn p\u00e5 at eigaren var norsk. Men slik er det nok ikkje her. Etter kvart vart landskapet litt karrigare og vi kom til slutt inn i eit fantastisk fjell-landskap som kunne minne mykje om Grand Canyon med sv\u00e6rt mange ulike fjellformasjonar. Vi stoppa fleire gonger for \u00e5 fotografere, men ein innser jo at n\u00e5r ein er i eit slikt landskap, s\u00e5 er det heilt ur\u00e5d \u00e5 feste dette storslagne p\u00e5 film, det blir berre ei sv\u00e6rt bleik attgjeving. Men dette var verkeleg eit storsl\u00e5tt!<\/p>\n<p>Til slutt opna landskapet seg litt igjen, og vi var inne i ein dal omkransa av veldig h\u00f8ge fjell. Dalbotnen er p\u00e5 rundt 1700 meter over havet, og fjella hevar seg opp mot 5000 meter. Og p\u00e5 nokre av fjelltoppane l\u00e5g det litt nysn\u00f8. Byen Cafayate er ikkje stor, rundt 15.000 innbyggarar, men det er ein triveleg sm\u00e5by. Og hotellet som vi skal bu p\u00e5 dei neste to nettene, m\u00e5 seiast \u00e5 ha sjarm (i tillegg til frykteleg d\u00e5rleg internett). Anders hadde mykje \u00e5 gjere, s\u00e5 han sette kursen ut til vingarden, medan vi tre pampaslingvistane innretta oss litt og slappa litt av f\u00f8r vi utp\u00e5 kveldinga gjekk ut for \u00e5 f\u00e5 oss litt mat. Bak kyrkja fann vi ein sv\u00e6rt triveleg restaurant, og der avslutta vi kvelden.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her oppe i fjella\u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag skulle turen v\u00e5r g\u00e5 til Cafayete, der Anders har vingarden sin. Avtalen vi hadde, var at han skulle bruke morgonen til \u00e5 handle inn diverse utstyr, og s\u00e5 snart han var ferdig med det, skulle han kome og &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/05\/mandag-28-november-salta-cafayate\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-597","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/597","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=597"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/597\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":621,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/597\/revisions\/621"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=597"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=597"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=597"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}