{"id":6,"date":"2010-09-08T18:54:52","date_gmt":"2010-09-08T18:54:52","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=5"},"modified":"2010-09-08T18:54:52","modified_gmt":"2010-09-08T18:54:52","slug":"7-september-2010-la-crosse-wisconsin","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/08\/7-september-2010-la-crosse-wisconsin\/","title":{"rendered":"7. september 2010: La Crosse, Wisconsin"},"content":{"rendered":"<p>Da er eg tilbake p\u00e5 gamle tomter igjen &#8211; i La Crosse, Wisconsin. Og eg skal ikkje nekte for at det er litt rart \u00e5 vere tilbake. Det er eitt eller anna med redigeringsfunksjonen til minnet mitt som forundrar meg. I denne byen har eg budd i nesten to \u00e5r til saman, f\u00f8rst eit halvanna \u00e5r i 1986-87, og deretter nokre m\u00e5nader hausten 1992. Og reint mentalt hadde eg eit veldig klart bilete av korleis denne byen skulle sj\u00e5 ut, og eg hadde store forventningar om eit herleg gjensyn. Og det var triveleg \u00e5 kome tilbake igjen, det skal eg p\u00e5 ingen m\u00e5te undersl\u00e5. Men eg kan ikkje hugse at det kunne vere s\u00e5 surt og kaldt her p\u00e5 ein tidleg septemberdag, at delar av sentrum er eit lite vakkert syn der industribygg og parkeringshus dominerer, at s\u00e5 store delar av sentrumsomr\u00e5da er rydda for hus slik at det blir plass for folk til \u00e5 setje fr\u00e5 seg bilen sin &#8211; ja, at det eigentleg er s\u00e5 daudt her. I det heile, reint estetisk er det ikkje s\u00e5 veldig mykje \u00e5 gle seg over her i omr\u00e5det rundt 3rd street. For i minnet mitt var dette ein liten sjarmerande sm\u00e5by med eit yrande liv og mange trivelege plassar der ein kunne g\u00e5 for \u00e5 m\u00f8te folk og dele ein \u201dpitcher\u201d. Det gjekk da opp for meg at alle dei gode minna fr\u00e5 denne staden eigentleg er knytt til alle dei trivelege folka som eg vart kjent med, og ikkje sj\u00f8lve staden. I dag tidleg gjekk eg ein runde i sentrum, men det var sv\u00e6rt lite eg kunne nikke gjenkjennande til. Merkeleg, trass alt! Men universitetet fann eg da fram til, men det var ogs\u00e5 nesten alt. Eg gjekk ein runde i korridorane der, men det var ikkje ei kjent sjel \u00e5 sj\u00e5. I dag var det studiestart her, s\u00e5 det meste var kaos, men lell. Det gamle kontoret mitt var til overm\u00e5l ogs\u00e5 fjerna. Men universitetsbokhandelen fann eg, om ein no kan kalle dette ein bokhandel. Joda, eg fekk da kj\u00f8pt ei skrivebok og ei penn, men\u00a0 det var ogs\u00e5 noko av det mest akademiske dei hadde \u00e5 by p\u00e5: I realiteten var dette ein klesbutikk, og\u00a0manefaktur var dei tydelegvis gode p\u00e5, skjorter og jakker av ymse slag hadde dei plenty av, meter p\u00e5 meter, hylle p\u00e5 hylle. Men eg overdriv ikkje n\u00e5r eg seier at det st\u00e5r fleire b\u00f8ker p\u00e5 kontoret mitt enn kva dei hadde i denne bokhandelen.<\/p>\n<p>No i tre netter skal eg bu p\u00e5 eit motel midt i sentrum av byen. Der har eg budd eit par netter tidlegare, og eg m\u00e5 seie at om ingen annan stad, s\u00e5 ligg alt til rette for at ein skal kjenne seg igjen her. Rett nok har dei sikkert bytta p\u00e5 senga nokre gonger sidan sist eg var her, men eg trur kanskje at det avgrensar seg til det. For her har dei verkeleg lite som minner om aggressiv iver etter \u00e5 pusse opp og halde ting i \u201dshape\u201d. Og ein treng ikkje \u00e5 drive rominspeksjon a la befal p\u00e5 ein rekruttskole for \u00e5 sj\u00e5 at dette ikkje er heilt prima. P\u00e5 gymnaset hadde eg ein kompis som var p\u00e5 ferietur til London, derifr\u00e5 kom han tilbake med ei h\u00e5rreisande forteljing om ein pub som heitte Dirty Nelly. Dette skulle vere ei bule som p\u00e5 prinsipielt grunnlag brukte manglande reinhald til \u00e5 byggje opp eit image og dra til seg dumme turistar. Det kan sj\u00e5 ut som om dei her p\u00e5 motellet ogs\u00e5 pr\u00f8ver ut det same konseptet. Her ligg st\u00f8vlaget tjukt p\u00e5 m\u00f8blane, i taket heng det lange og store dottar med kongrovev, golvteppet er flekkete, og badet vil eg eigentleg ikkje g\u00e5 n\u00e6rare inn p\u00e5. Det einaste positive eg kan seie om dette etablissementet, er at dei her tenker p\u00e5 milj\u00f8et og satsar p\u00e5 kaldvatn i dusjen. Men sj\u00f8lv om dette motellet p\u00e5 ingen m\u00e5te er blankpolert, s\u00e5 skal det ikkje nektast for at det kan vere eit og anna interessant \u00e5 oppleve her ogs\u00e5. I kveld vart eg st\u00e5ande ei lang stund og snakke med ein \u201dgjestene\u201d, ein gammal dansk-amerikansk veteran fr\u00e5 Vietnam-krigen. Det er tydeleg at livet nok ikkje har stroke alle over kinnet med vakkerhanda.<\/p>\n<p>I dag har eg elles vore i Ferryville, ein liten stad som ligg ein dryg halvtime ned langs Mississippi-dalen. Det m\u00e5 trygt seiast at denne plassen p\u00e5 ingen m\u00e5te har vore brautande n\u00e5r det gjeld \u00e5\u00a0finne seg plass\u00a0i landskapet. Der m\u00f8tte eg to norsk-amerikanarar, ei dame p\u00e5 94 og ein mann ein stad i 50-\u00e5ra. Sj\u00f8lv om begge kunne noko norsk, var det nesten umuleg \u00e5 f\u00e5 dei p\u00e5 glid, det kom ei og anna setninga no og da. Begge hadde vestnorske r\u00f8ter, men dei forsto knapt kvarandre. Og n\u00e5r dette vart konfrontert med tr\u00f8ndsk apokope og palatalar, var det spr\u00e5kvitskaplege utbyttet litt magert. Fors\u00f8ka p\u00e5 norskspr\u00e5kleg samtale kunne til tider minne om \u201dThe Danish language\u201d p\u00e5 youtube. \u201dKamel\u00e5se!\u201d Eg h\u00e5per berre at eg ikkje har bestilt 500 gallon med mj\u00f8lk. Likevel var dette ei retteleg triveleg stund. Det som mangla av spr\u00e5kleg samhandling vart kompensert gjennom musisering. Heimen til 94-\u00e5ringen var full av musikkinstrument av ymse slag. Og den godt vaksne kona var utruleg vital, trass i litt skrantande helse. Ho var p\u00e5 ingen m\u00e5te tungbedd som musikant og varta opp med b\u00e5de salmar og jazz p\u00e5 orgel og piano, i tillegg til folkemusikk og sj\u00f8lvkomponerte sl\u00e5ttar p\u00e5 trekkspell. Ogs\u00e5 50-\u00e5ringen var ein habil musikar med stort teknisk raffinement, han trakterte b\u00e5de gitar og piano p\u00e5 ein eminent m\u00e5te. Herleg!<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"SzDcob aligncenter\" src=\"https:\/\/lh3.googleusercontent.com\/JqtdBloOGFZY23faGPh6UBkbEyfwLX9t0o8ytKHl-4aoE5J71wAfLyjj3sJmmh2fAFRuYIOUtT0AX2_JriodAIhRNyAdVCmwM9-1_OdemIMEYLUVB4sh3CPkHz9_98LbmFW53d8XKzFJgSu_6cHYUxyuwFQNH0jzas6IAqZKxsANti5zkoQy2nIvZ5htv_edWEJ9DSUVhy8wzqJuDGicH_BFj_YFdwowRuBIgnLg7zF1S-XP3LLO57I6L4Wr_UytXtx6LP3e89y5VzjmmF-eGaW-N1qFQLwDMeyFqm5MwUhv9XTqScEObhjW7PmxpWoLaMhAhqcxhvDJOEyQAhsi6NkqQGfh2PSlXOCDI9Oij9_FM15opAlwp00MFLVjtUvkn_35ksIygwjvHexW4IokbGb3jY0TMQvBANUOuuAjDLe11cU5v6V8zqBa2WfOVGYxUKzAKa2jjqwMkS0rzXr-QOrDuVey1iSs0ENNkPKf5DJh56Cy3en8zSR2BrhZ-DULk04DHmxO9ATU3QCobHDP6os=w689-h917-no\" alt=\"\" width=\"331\" height=\"441\" \/><\/p>\n<p>Elles har eg ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 berette etter eit d\u00f8gn i Wisconsin, flyturen over var b\u00e5de lang og kjedeleg, men udramatisk. Det einaste som overraksa meg litt, var reiseruta: vi kom inn over Hudson bay og entra Minneapolis fr\u00e5 nord. Bilturen fr\u00e5 tvillingbyane var ogs\u00e5 grei. Eg har ein leigebil desse dagane, og amerikanske bilar er gjerne fulle av knappar. Komfort heiter det visst. S\u00e5 delar av turen gjekk med til \u00e5 orientere seg i denne knappejungelen. Men eg fann ut av det etter kvart (at handbrekket m\u00e5 vere ein pedal, seier seg jo sj\u00f8lv, og at den tiande (eller var det tolvte) knappen i panelet p\u00e5 d\u00f8ra er til \u00e5 opne bagasjerommet, burde eg jo ha teke p\u00e5 intuisjonen). Heldigvis oppgraderte eg bilbestillinga til \u00e5 omfatte GPS, noko som gjorde at eg kom meg heilskinna ut av storbyen utan eigentleg \u00e5 vite kor eg var. Til slutt gjekk det opp for meg at GPS-en tok meg gjennom eit amerika-tr\u00f8ndsk landskap som eg burde kjenne veldig godt. F\u00f8r eg visste ordet av det, passere eg gamle kjenningar i Goodhue county som Wannamingo og Zumbrota, omr\u00e5de der mange fr\u00e5 Tr\u00f8ndelag slo seg ned for rundt 150 \u00e5r sidan, og der eg reiste rundt med bandopptakaren min vinteren 1986-87. Eg f\u00e5r sj\u00e5 om eg ikkje stikk innom desse plassane p\u00e5 turen heim.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"SzDcob aligncenter\" src=\"https:\/\/lh3.googleusercontent.com\/aqJV6VkynsfA4uwFvOIb_wH9LecfvEhkPyB9kUqVj22gEnSVsJB8KI3RnEvDazLmXYkywcw1i4czqJLNqxAv0Cs_5dxXWLX2c-mBK59FgXCdJeBSLM72VrfmvkOOyHUOybtJUk0yMeJpIoH8yODXl76FM4Gmik83tCfbVJViGXQy8FqzN7dvQihT3GuINtxEmFiqejlC__2CNQtoZztIWMBGCl1GeEz_T_1hAN8LCeljgw3y5UTovdu2nZMP2JrGhud9VWFuudG12biPtharGc0yOTuVdURjf4ijQaAGnP0D85tPkjFmEw845BtW6Nx9H6TSFdM0cw_HF6xlt7GodDL_U9zSzY0V5TJYntEyZPNgP49pSi8GzwV41HbxN-XBAS6PEferq_KVl0B2mwNPBPWnmbIDv3Vs3KyZ3rwsStXTcFW-6znGHvx92hEQkMP0tR37noRooCB90vwwPc7yQE3ie0wWAFlsamk4-8I2J1QkS1d_AJP73tX-_od8x6-I0R9XASKC7bMdtoijqg-9FpQ=w1223-h917-no\" alt=\"\" width=\"459\" height=\"344\" \/><\/p>\n<p>\u201dOg slik g\u00e5r no dagan\u201d, det einaste eg kan f\u00f8ye til, er at eg framleis er temmeleg d\u00f8gnvill og vaknar tidleg om morgonen. Men delen av naturen min skal eg nok med tida tukte, det f\u00f8ler eg meg noks\u00e5 trygg p\u00e5.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da er eg tilbake p\u00e5 gamle tomter igjen &#8211; i La Crosse, Wisconsin. Og eg skal ikkje nekte for at det er litt rart \u00e5 vere tilbake. Det er eitt eller anna med redigeringsfunksjonen til minnet mitt som forundrar meg. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/08\/7-september-2010-la-crosse-wisconsin\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-6","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}