{"id":600,"date":"2022-12-08T08:43:37","date_gmt":"2022-12-08T08:43:37","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=600"},"modified":"2025-09-22T07:36:08","modified_gmt":"2025-09-22T07:36:08","slug":"tysdag-29-november-cafayate","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/08\/tysdag-29-november-cafayate\/","title":{"rendered":"Tysdag 29. november: Cafayate"},"content":{"rendered":"<p>I natt hadde vi eit skikkeleg regnver, det starta litt da vi var p\u00e5 tur heim fr\u00e5 restauranten i g\u00e5r kveld, og det tok seg skikkeleg opp fram mot midnatt. Og dette hotellet, eller i alle fall rommet mitt (som liksom er eit anneks), er ikkje s\u00e5 veldig godt lydisolert (for \u00e5 seie det mildt), s\u00e5 n\u00e5r dr\u00e5pane trommar p\u00e5 blikktaket, s\u00e5 skal ein ha veldig redusert h\u00f8yrsel for ikkje \u00e5 f\u00e5 det med seg. Men i dag tidleg var det kl\u00e5rver igjen, gartnaren dreiv p\u00e5 med litt sm\u00e5arbeid i hagen, himmelen var veldig bl\u00e5, fjellsidene var (for meg som fargeblind) gr\u00f8ne, mens det ogs\u00e5 i dag l\u00e5g nysn\u00f8 p\u00e5 dei h\u00f8gste fjelltoppane s\u00f8r for byen.<\/p>\n<p>Etter frukost dukka Anders etter kvart opp, og no skulle vi ut p\u00e5 vingarden hans, som ligg berre nokre kilometer vidare ned (eller er det opp?) i dalen. Og dette er ein kar som har ambisjonar og som det ryk litt av n\u00e5r han hoppar og spring rundt, og sj\u00f8lv om han no er n\u00e6rare 70 enn 60, s\u00e5 legg han store planar for framtida her. For meg som halvgammal er det godt \u00e5 sj\u00e5 at ein enno ikkje treng \u00e5 ha s\u00e5 stort fokus p\u00e5 duemating-i-parken-menyen, framleis er det alts\u00e5 ting det er moro \u00e5 drive med og bygge opp &#8211; sj\u00f8lv om \u00e5ra g\u00e5r\u2026 Og vingarden er absolutt eit arbeid \u00abin progress\u00bb, han har vinrankene p\u00e5 plass ( i alle fall det han treng s\u00e5 langt), han har bygd seg eit badebasseng inne p\u00e5 eigedommen, og ved vegen har han sett opp ei bygg som prim\u00e6rt skal brukast til \u00e5 underhalde turistar p\u00e5 ymse m\u00e5tar; den eine dottera hans har ogs\u00e5 sett seg opp hus her, og han har ambisjonar om \u00e5 med tida bygge sj\u00f8lv, dessutan ser han for seg at resten av arverekka etter kvart skal sl\u00e5 seg ned her.<\/p>\n<p>Men no i dag var det alts\u00e5 feltarbeid som stod p\u00e5 planen, og like ved bassenget hadde han ogs\u00e5 eit skur med myggnett der vi lett kunne sl\u00e5 oss ned, og her i skuggen starta Marie og June spr\u00e5kdatafabrikken sin, f\u00f8rst med litt sm\u00e5prat, men deretter m\u00e5lretta elisitering. Og her var det faktisk litt konkurranseinstinkt som vakna; sidan bror til vinbonden alt hadde gjort desse testane, s\u00e5 ville gjerne vinbonden vere vinnar. S\u00e5 det var eigentleg god stemning her i myggnettbua. Men s\u00e5 kom det telefon fr\u00e5 kona, ei gruppe turistar, som eigenteg skulle vere der i halv eitt-tida, var alt p\u00e5 plass, og sidan eg delvis vaks opp p\u00e5 butikken til onkel heime i Tr\u00f8ndelag, s\u00e5 veit eg jo veldig godt at kundane alltid har rett. Derfor m\u00e5tte vi i all hast pakke sakene v\u00e5re og sette kursen tilbake til vingarden. Og der var det eit britisk ektepar som stod og venta og gjerne ville bli skolert i argentinske vindruer, og for \u00e5 vere heilt \u00e6rleg: dei visste verkeleg ikkje kva som venta dei. For er det noko Anders gjerne vil snakke om, s\u00e5 er det vindruer generelt, og ikkje minst hans eigne vindruer. S\u00e5 derfor s\u00e5 vart det ei veldig lang forelesing nede mellom alle vinrankane; det var absolutt interessant, men for oss som er f\u00f8dde same \u00e5ret som Jurij Gagarin bes\u00f8kte verdsrommet (og derfor held oss med ulike vondt-ar av ymse slag), s\u00e5 kunne jo dette utvikle seg til \u00e5 bli litt krevjande. Og n\u00e5r ein st\u00e5r slik og kjenner p\u00e5 alle dei ulike plassane det gjer vondt n\u00e5r ein berre st\u00e5r roleg og h\u00f8yrer p\u00e5 at andre snakkar (og snakkar og snakkar), s\u00e5 var det eigentleg litt godt \u00e5 sj\u00e5 at denne briten (som alts\u00e5 er f\u00f8dd same \u00e5ret som meg) f\u00f8rst b\u00f8ygde ryggen, deretter gjekk ned i knest\u00e5ande f\u00f8r han p\u00e5 ulike m\u00e5tar signaliserte at vertikal fosterstilling var neste post p\u00e5 programmet. Men trass i dette vart det ikkje gjort store endringar i den munnlege presentasjonen \u2013 Anders tok seg sv\u00e6rt god tid og gjekk veldig grundig igjennom korleis ein b\u00f8r drive vindyrking i denne delen av verda (medan denne stakkars briten fekk st\u00f8rre og st\u00f8rre smerter).<\/p>\n<p>Etter denne brutale danningsreisa skulle vi ned i kjellaren for \u00e5 l\u00e6re om korleis dei lagar musserande vin \u2013 og her bruker dei den tradisjonelle champagne-metoden: Sikkert litt gammaldags, men veldig interessant og moro: Og no hadde briten f\u00e5tt seg ei vint\u00f8nne \u00e5 kvile ryggen sin p\u00e5, s\u00e5 han kunne ogs\u00e5 samstemme med salige Syse om at \u00abnu g\u00e5r alt s\u00e5 meget betre\u00bb. Etter ei ny danningsreise gjennom champagne-laging og vinkjellar-teknikkar, vart det lunsj oppe i restauranten. Og her var det alts\u00e5 mat og vinsmaking: og som inntr\u00f8nder kan eg berre seie at maten var frykteleg god (kj\u00f8tt som alltid), og vinen var absolutt ein h\u00f8ynare. Kort sagt, det var veldig godt!<\/p>\n<p>Etter denne seansen ville Anders bade, og da er det berre \u00e5 henge seg p\u00e5, men av dei ulike tinga som eg IKKJE pakka med meg, s\u00e5 var badebukse h\u00f8gt oppe p\u00e5 lista: her har eg eigentleg reist gjennom fire ulike \u00e5rstider, og kofferten min tok seg nok reint vektmessig best ut utan badebukse. Men Anders og damene tok seg eit bad, og det var triveleg og godt med ein liten time utan noko \u00e5 gjere. Deretter var vi ein snartur innom vingarden til Anders igjen for \u00e5 kj\u00f8pe med oss nokre vinflasker heim f\u00f8r han k\u00f8yrde oss tilbake til hotellet igjen. Og slik slutta vel eigentleg ein ny dag her i Argentina.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I natt hadde vi eit skikkeleg regnver, det starta litt da vi var p\u00e5 tur heim fr\u00e5 restauranten i g\u00e5r kveld, og det tok seg skikkeleg opp fram mot midnatt. Og dette hotellet, eller i alle fall rommet mitt (som &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2022\/12\/08\/tysdag-29-november-cafayate\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-600","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/600","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=600"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/600\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":619,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/600\/revisions\/619"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=600"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=600"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=600"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}